LÆRDOM: Ved å studera naturen lærer vi ikkje berre Gud å kjenna, men synda, døden, forgjengelegdomen og alle konsekvensane av syndefallet og storflaumen, skriv Johannes Kleppa. FOTO: Scandinavian Stockphoto

Bibeltruskap, skaping og evolusjon

Det må vera rom for å tolka detaljane i skapingsforteljinga noko ulikt, særleg med tanke på kva konsekvensar det har for naturvitskapen, skriv Johannes Kleppa.

I Dagen 12. mai skriv Jon Kval­bein ein kro­nikk med tit­te­len «Tids­rom - test på bi­bel­tro­skap?». Her går han i rette med ung-jord-krea­sjo­nis­men, og då sær­leg boka «Ska­pel­se og/eller evo­lu­sjon - hva sier Bi­be­len».

Han fryk­tar at fram­stil­lin­ga i denne boka kan tvin­ga unge til å «velge vi­ten­skap fram­for tro», og at ein her «opp­ret­ter en ny og kraftø­de­leg­gen­de front­lin­je mel­lom bi­beltro­en­de krist­ne».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg opp­fat­tar dette nokså ann­leis, og mei­ner hel­ler det er an­gre­pet på ung-jord-krea­sjo­nis­men som opp­ret­tar unø­di­ge skilje­li­ner, og som fører til at unge får for sterk til­tru til da­gens na­tur­vit­skap. Jon Kval­bein er min gode ven, og nor­malt er eg samd med han, men i spørs­må­let om ska­pin­ga ser vi ulikt på nokre spør­mål.

Den nemn­de boka melde eg for litt sidan po­si­tivt her i Dagen, og Kval­beins kro­nikk er nes­ten som ei «mot­mel­ding» til det eg skreiv. Eg vil difor gje nokre kom­men­tar til Kval­beins ar­gu­men­ta­sjon.

Bi­be­lens for­rang

Kval­bein spør om «tids­rom» er test på bi­bel­tru­skap. Sva­ret er nei. Det som er test­spørs­må­let, er om ein les Bi­be­lens ord etter sin ord­lyd, sin in­ten­sjon og sitt inn­hald.

Då må ein ta på alvor teks­tens lit­te­rære ka­rak­ter og sa­man­heng, og vi må ta på alvor kor­leis Skrif­ta sjølv bru­kar og tol­kar teks­ten i andre sa­man­hen­gar.

Med tanke på ska­pin­ga vil det også vera ein test på bi­bel­tru­ska­pen om ein let bi­bel­or­det ha for­rang fram­for na­tur­vit­ska­pen, då ut frå at teks­ten er tolk i sam­svar med sin ei­gen­art.

Tes­ten på bi­bel­tru­skap i dette spørs­må­let vert sær­leg ak­tua­li­sert på at vi tek his­to­ri­si­te­ten på alvor i ska­pings­for­tel­jin­ga, synde­fal­let og i ur­his­to­ria ge­ne­relt.

Dette in­ne­ber at vi rek­nar Adam og Eva som dei to førs­te men­nes­ka, og at dei er stam­for­eld­re til heile men­neske­slek­ta og de­fi­ne­rer men­nes­ket ved at det er skapt i Guds bi­le­te.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det in­ne­ber også at vi tek på alvor Bi­be­lens ord på dei ulike ska­pings­da­ga­ne og som sum «og Guds såg det var godt». Det vil seia at det ikkje var død eller noko for­gjen­ge­leg­dom i ska­par­ver­ket frå Ska­pa­rens hand.

Døden kom ved synde­fal­let og treng­de gjen­nom til alle men­nes­ke (Rom 5.12ff), og at jorda (in­klu­dert na­tu­ren) vart lagt under for­ban­ning ved synde­fal­let, slik at heile ska­par­ver­ket vart «lagd under for­gjen­ge­leg­dom» ved Adams fall (1 Mos 3,17ff; Rom 8,20ff).

Dette er vik­tig fordi det står i sa­man­heng med Jesu frel­ses­verk for men­neske­slek­ta, og i sa­man­heng med at den synde­for­der­va jorda skal gå under og det skal stiga fram eit nytt uni­vers med ei ny jord som bu­stad for Gud og Guds folk.

Også for­tel­jin­ga om Noah og stor­flau­men er vik­tig i denne sa­man­hen­gen, fordi Noah-pak­ta er ei pakt med heile ska­par­ver­ket, og pei­kar fram mot opp­fyl­lin­ga i Kris­tus og den nye jorda.

Ikkje på bar­ri­ka­da­ne

Det er denne typen spørs­mål bi­bel­tru­ska­pen må tes­tast på når det gjeld ska­ping og evo­lu­sjon, ikkje for­hol­det til na­tur­vit­ska­pen.

Ung-jord-krea­sjo­nis­tar finn at ska­ping på seks dagar a 24 timar og for om­trent 6.000 år sidan sva­rar best til å ta his­to­ri­si­te­ten i ur­his­to­ria og kon­se­kven­sa­ne av ska­pin­ga, synde­fal­let og stor­flau­men på alvor, altså at tru­skap mot Bi­be­len fører til det re­sul­ta­tet.

Det har eg stor sans for, sjølv om eg ikkje vil gå på bar­ri­ka­da­ne for ung-jord-ten­kjin­ga. Eg vil ta høgde for at Gud ikkje har open­ber­ra alt for oss, eller at vi kan lesa ska­pings­for­tel­jin­ga og slekts­tav­le­ne på feil måte. Det er for­skjell på bi­bel­for­plik­ting og bi­bel­tol­king.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Guds bok?

Det er hevda at na­tu­ren er Guds bok, og Kval­bein skriv at na­tu­ren er «en bok om Ska­pe­ren». Han hev­dar også at den na­tu­ren fors­ka­rar un­der­sø­kjer «er den samme som den na­tu­ren som er om­talt som Guds ska­per­verk i Bi­be­len».

Det kan ikkje vera rett, i alle fall ikkje heile san­nin­ga sjølv om dette sta­dig vert hevda med tanke på å gje na­tur­vit­ska­pen og re­sul­ta­ta av denne kris­ten le­gi­ti­mi­tet.

Na­tu­ren er Guds bok, men det er sam­stun­des synde­fal­lets bok, dø­dens bok, fore­gjen­ge­leg­do­mens bok og stor­flau­mens bok. Ved å stu­de­ra na­tu­ren lærer vi ikkje berre Gud å kjen­na, men synda, døden, for­gjen­ge­leg­do­men og alle kon­se­kven­sa­ne av synde­fal­let og stor­flau­men.

Det er umog­leg for na­tur­vit­ska­pen å stu­de­ra na­tu­ren som han var straks etter ska­pin­ga, då Gud er­klær­te alt som «over­lag godt». Vi må stu­de­ra den na­tu­ren som er skapt av Gud, men un­der­lagt for­ban­ning ved synde­fal­let.

Fal­lets kon­se­kven­sar

Vi veit ikkje så nøye kva synde­fal­let og stor­flau­men førte med seg for na­tu­ren, men noko veit vi. I til­legg til det vi veit, må vi reint prin­si­pi­elt ta på alvor at det har skjedd end­rin­gar i na­tu­ren som har kon­se­kven­sar for na­tur­vit­ska­pen, og kva denne kan finna ut av i høve til Guds opp­rin­ne­le­ge ska­par­verk.

Vi veit til dømes at men­nes­ket og alt som hadde «liv­san­de i seg» frå star­ten var ve­ge­ta­ria­na­rar, men at etter stor­flau­men fekk men­nes­ket eta «alt som rører seg og lever».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det må ha hatt store kon­se­kven­sar for dyre­ver­da og bru­ken av na­tu­ren. Vi veit også at frå star­ten regna det ikkje, men at «ei skod­de steig opp or marka» og vatna jorda.

Då det byrja å regna, må det ha hatt kon­se­kven­sar for na­tu­ren. Vi veit også at ved stor­flau­men «brast alle kjel­de­ne i det store dju­pet og him­mels­lu­se­ne vart opna».

Det må ha hatt store kon­se­kven­sar for na­tu­ren, kan­skje sær­leg for kli­ma­et, for fjell­for­ma­sjo­nar, jor­das ytre form og dyra sine livs­vil­kår. Alt dette må den bi­bel­for­plik­ta ta på alvor i sitt na­tur­vit­skap­le­ge ar­beid, sær­leg i føre­set­na­den for dette og i tol­kin­ga­ne av det.

Skif­tan­de vit­skap

Kval­bein spør kor vat­net kom frå ved stor­flau­men. Det har altså Bi­be­len svart på. Det kan vera meir ut­ford­ran­de kor det vart av! Det veit vi ikkje, men Gud som skap­te ut av ingen ting, kunne vel også føra det skap­te til­ba­ke til ingen ting, om han ikkje valde å plas­se­ra vat­net ein eller annan stad i ska­par­ver­ket.

Eit godt døme på at na­tur­vit­ska­pen sta­dig end­rar seg, er geo­lo­gi­en. I den svært in­ter­es­san­te boka «Berg­tatt» opp­ly­ser geo­log Hen­rik Sven­sen at for om­trent 40 år sidan vart det ei total end­ring i for­stå­in­ga av kor­leis fjel­la har vorte til.

Geo­lo­ga­ne gjekk over til ein ny teori, «den plate­tek­to­nis­ke re­vo­lu­sjon», som seier at fjell er ut­trykk for «kol­li­sjons­ka­der» ved at kon­ti­nent i drift traff kvar­and­re. Hi­ma­laya fekk sin start for 35-55 mil­lio­nar år sidan og er på sitt hø­gas­te no.

Dess­utan skal det som del av Den kale­dons­ke fjell­kje­da, som star­ta for 500 mil­lio­nar år sidan, vore over 8000 meter høge fjell rett vest for Ber­gen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Der er det som kjent hav no, men på den tida låg Noreg ved 20-30 gra­der sør­leg breid­de. Den na­tur­vit­skap­le­ge trua er sterk, men skif­tan­de!

Pro­ble­ma­tis­ke pe­rio­dar

Det må vera rom for å tolka de­tal­ja­ne i ska­pings­for­tel­jin­ga noko ulikt, sær­leg med tanke på kva kon­se­kven­sar det har for na­tur­vit­ska­pen.

Per­son­leg er eg ut frå ordet for å skapa, ordet for dag, måten ska­pings­for­tel­jin­ga er bygd opp på og måten ho vert re­fe­rert til andre sta­der i Bi­be­len, over­tydd om at det drei­er det seg om van­le­ge dagar. Andre vil tolka det som lange pe­rio­dar, sær­leg om ein held det saman med na­tur­vit­ska­pen.

Det store pro­ble­met er då å halda fast på his­to­ri­si­te­ten og det ab­so­lut­te i ska­pin­ga og synde­fal­let. I sin kom­men­tar til 1. Mose­bok un­der­stre­kar tid­le­ga­re GT-læ­rar ved NLA, Leif M. Michel­sen, kor vik­tig det er å hald fast på det fak­tis­ke, det re­el­le i det som er for­talt.

Ut frå teks­tens ka­rak­ter og opp­byg­ging av­vi­ser han ka­te­go­risk pe­riode­ten­kjin­ga, og for­står denne som ein «ulykk­sa­lig trang» til få det til å «stem­me» med vit­ska­pen. Han seier skje­ma­et er ut­trykk for van­le­ge dagar, men han tol­kar teks­ten ut frå at det drei­er seg om ei lære­for­tel­jing.

For ka­te­go­risk

Eg sy­nest altså Jon Kval­bein vert for ka­te­go­risk på flei­re punkt i sin kri­tikk av ung-jord-krea­sjo­nis­men, og at den bi­bels­ke ska­pings­læra ikkje vert ty­de­leg nok ut­fal­da etter Bi­be­lens eigne opp­lys­nin­gar. Kval­bein har lenge teke eit sterkt opp­gjer med den ate­is­tis­ke evo­lu­sjons­læra.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Po­en­get mitt her er at vi må ta Bi­be­lens fak­tisk ord­lyd og opp­lys­nin­gar på alvor i møte med all na­tur­vit­skap.

Les også
Tidsrom - test på bibeltroskap?Jon Kvalbein
Les også
Bibelens to skapelsesfortellingerTore Lund
Les også
Teologiske skisser om evolusjonKlikk for å endre tekst