Bibeltruskap og skapinga

Vi står alle i fare for å gå til Bibelen med utanombibelske aksiom, og då kjem vi galt av stad. I denne samanhengen gjeld det særleg naturvitskaplege føresetnader, skriv Johannes Kleppa.

I Dagen 30. mai har Thor Evje adressert nokre problemstillingar til meg vedrørande bibeltruskap og bibelsk skapingslære. Professor John Nome sitt fokus på aksiom (sjølvinnlysande føresetnader) og aksionkritikk er viktig. Vi står alle i fare for å gå til Bibelen med utanombibelske aksiom, og då kjem vi galt av stad. I denne samanhengen gjeld det særleg naturvitskaplege føresetnader. Det er avgjerande at vi har Bibelens eigne aksiom som utgangspunkt for tolkinga, særleg at Bibelen er openberring. Til dei fire punkta Evje tek opp, vil eg påpeika:

1) Det er feil at eg er bunden til ung-jord-kreasjonismen. Eg har ikkje teke stilling i det spørsmålet, fordi eg finn det vanskeleg å avgjera kva Bibelen openberrar på det punktet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les vi skapingsforteljinga, urhistoria og ættetavlene i det heile, utan å ta omsyn til naturvitskapleg kunnskap, vert ung-jord-teorien den mest sannsynlege. Av denne grunn, og sidan ung-jord-kreasjonistane meiner å ha gode svar på det naturvitskaplege (jfr. geolog Arve Misund i Dagen 2. juni), vil eg ikkje avvisa han.

Det som gjer at eg ikkje vil forsvara denne tolkinga fullt ut, og med det heller ikkje absolutt vil avvisa gamal-jord-teorien, er at eg vil ta høgde for at Gud ikkje har openberra alt for oss knytt til skapinga og den tidlege histioria, eller at vi ut frå våre føresetnader kan ha kome til å tolka feil.

At skapinga skjedde på seks vanlege dagar, er eg nokså overtydd om ut frå tekstens karakter, men hovudpoenget er det læremessige om skapinga, ikkje dagane.

Ein reint naturvitskapleg argumentasjon for jorda sin alder, kjem i strid med openberringsprinsippet. På dette punktet er det altså slik at argumentasjonsmåten ut frå Skrifta, og bruken av naturvitskapleg kunnskap ut frå det, er det avgjerande med tanke på bibeltruskapen, ikkje konklusjonen.

2) Ja, eg trur Bibelen er verbalinspirert og ufeilbarleg, og der er eg i godt selskap historisk og globalt sett!

Hovudsaka i dette er at Gud gjennom Bibelen gjev oss openberring, altså at han gjev oss kunnskap frå sin himmel som vi i utgangspunktet ikkje har på jorda eller på nokon måte kan skaffa oss sjølve.

Det gjeld særleg kunnskapen om Gud og mennesket, om skapinga og syndefallet, om Jesu atter kome og det evige livet – og fram for alt om evangeliet, at Jesus døydde i vår stad.

3) Ja, eg trur at Adam og Eva var historiske personar og at syndefallet var ei historisk hending. Det betyr at Adam er stamfar til heile menneskeslekta ved at han vart skapt i Guds bilete og fall i synd.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ut frå måten apostelen Paulus brukar dette på (Jfr. Rom 5,12ff), reknar eg det som eit testspørsmål på bibeltruskapen. Undergrev vi historisiteten og representativiteten på dette punktet, undergrev vi Jesu frelsesverk, altså ein for alle og alle i ein.

4) Ja, eg trur døden kom inn i verda ved syndefallet. Døden kom ved synda, og trengde gjennom til alle menneske (Rom 5,12).

Med tanke på mennesket og døden, meiner eg dette er eit testspørsmål for bibeltruskapen. Vil ein argumentera for død i naturen, inkludert i dyreverda, før syndefallet, må det gjerast ut frå Bibelen, ikkje naturvitskapen, om det skal halda mål bibeltruskapsmessig.

Konklusjonen på dette er at eg meiner dei «aksioma» eg her har skissert, er henta frå Skrifta. Om mine tolkingar ut frå desse er rette, er ei anna saka.

Dei som i bibeltruskapens namn vil leggja andre føresetnader til grunn for tolkinga si vedrørande skapinga og konsekvensane denne har for forståinga av naturvitskapen og evolusjonslæra, må påvisa at det eg her seier, er i strid med det Skrifta openberrar.

Eg forstår 1. Mos 1–2 som éi skapingsforteljing med to ulike fokus.

Etter som eg har forstått, er det slik at hebraisk historieforståing er meir saksorientert enn vår. Det inneber at det som sakleg sett høyrer saman for å få fram poenget, vert plassert saman.

Den første delen av skapingsforteljinga openberrar det som skjedde i skapinga i eit generelt og ordningsmessig perspektiv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den andre delen ser det ut får sentrum i skapinga, altså ut frå skapinga av mennesket og menneskets posisjon i skaparverket, med dei konsekvensane det har for syndefallet og urhistoria i det heile.

Når vi lese det heile under eitt, går ikkje alle detaljane i hop slik vi ville skriva historie, men det gjev eit meiningsfullt og konsistent heilskapsbilete.