SEND INN INNLEGG
BIBEL: Mange i Noreg har ein b
...
BIBEL: Mange i Noreg har ein bibel, men det er også ein god del som ikkje har. No får dei ein, og for alle kan det vera eit påskot til å lesa litt i den nye Bibelen – og Guds ord er verkekraftig og vender ikkje tomt tilbake.
Aksjon Bibelen 
til alle
Del
«Tuller du?», var reaksjonen hjå ei kvinne i sine beste år, då vi sa at ho kunne få ein bibel gratis. Då ho forstod at det var sant, skein andletet opp i eit forundra smil.

I desse dagar startar ein aksjon som heiter «Bibelen til alle». Det er Ungdom i Oppdrag som har drege i gang og som koordinerer aksjonen, men det er i praksis eit tverrkyrkjeleg prosjekt der mange kristne samanhengar deltek. Det er ein aksjon med høge ambisjonar. Det er ikkje berre alle husstandar i Noreg som skal få tilbod om ein gratis bibel, men alle i heile verda!

Aksjonen startar i Finnmark, og det har laga seg slik at eg får vera med i pionergruppa for utdelinga. For tida underviser eg i periodar ved Fjellheim Bibelskole i Tromsø, og denne veke er skulen på turne i Noreg, Russland og Sverige. Den gruppa eg er med, er i Lebesby kommune. Her har vi husmøte og deltek på ulike arrangement for barn og unge – og så deler vi ut biblar. Den første spretten var måndag i Kjøllesfjord, og les du denne artikkelen torsdag mellom klokka 16.00 og 21.00 er det medan vi er ute på vår andre økt i Kjøllefjord, og vonar etter det å ha vore på alle husa i bygda.

På førehand var det ein skremande, utfordrande, spennande og lokkande tanke å skulle gå frå dør til dør for å tilby Guds ord gratis! Etter første økta var det ein oppmuntra og glad bibelskulegjeng som drog heim til husvertane sine. Vi var positivt overraska over mottakinga, og takksame for det vi hadde opplevd. I Finnmark er folk nokså opne og rett på. Der ingen kom ut då vi banka hardt på døra, eller ringde på dørklokka – der det var ei slik, opna vi døra, gjekk inn i gangen og banka på neste dør. Fekk vi ikkje respons då heller, opna vi gjerne også denne døra og ropa høgt «hallo». Då var det oftast einkvan som vakna til live og kom oss i møte. Dersom ikkje, trengde vi oss ikkje vidare på, men rygga roleg utatt.

Der vi fekk kontakt med folk, var det nokre som takka nei til Bibelen, av ulike grunnar, og det respekterte vi og ønskte ein fin kveld vidare. Dei aller fleste takka ja. Nokre gjorde det litt nølande, medan andre syntes det var kjekt å få ein flott bibel. Nokre takka i handa, og nokre bad om fleire biblar i same huset. Nokre syntes dette var eit flott tiltak og ønskte oss lukke til, og eit par nemnde vanskelege livssituasjonar som vi kunne hugsa i forbøn.

«Tuller du?», var reaksjonen hjå ei kvinne i sine beste år, då vi sa at ho kunne få ein bibel gratis. Då ho forstod at det var sant, skein andletet opp i eit forundra smil. Ho tok mot Bibelen med glede og takka i handa. Den første som takka i handa, var ein ung gutt, som også var tydeleg overraska og glad over å få ein bibel. Slike erfaringar gjorde inntrykk.

Mange i Noreg har ein bibel, men det er også ein god del som ikkje har. No får dei ein, og for alle kan det vera eit påskot til å lesa litt i den nye Bibelen – og Guds ord er verkekraftig og vender ikkje tomt tilbake. Difor er dette ein aksjon som kan ha store og gode ringverknader. Så lukke til, bibelutdelarar og forbedarar!

johannes kleppa,innspill,ungdom i oppdrag,bibelen til alle