Jo, det er farleg å tena mykje pengar

Eg er sterkt tvilande til at Hans Nielsen Hauge anno 2014 ville ha oppmoda til å tena meir pengar. Han levde i ei tid der fattigdom var problemet, og han arbeidde ut får det.

«Det er ikke så farlig å tjene mye penger,» var overskrifta på ein reportasje frå Hauge-seminaret i Fosnavåg i Dagen måndag denne veka. Det var eit sitat frå Hermund Haaland i tankesmia Skaperkraft. Han var også sitert på at «det er altfor mange kristne som blir sykepleiere og lærere». Dette er underlege signal frå ei kristen tankesmie. Dei dreg i feil retning – særleg når dei vert lanserte i tilknyting til Hans Nielsen Hauges namn og virke.

LES OGSÅ: Nokpunktet

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Problemet her i landet no, er ikkje at folk flest tener for lite pengar, men at ein disponerer pengane sine feil. Det gjeld også kristne. Vi må hugsa at dei aller fleste av oss er svært rike sett i globalt perspektiv, sjølv om vi ikkje er rike samanlikna med megarikingane mellom oss.

Dette viser att i ei materialistisk haldning og ein forbrukarkultur som er øydeleggjande både for gudslivet, for kulturen og for det skaparverket vi har fått å forvalta. I praksis er det slik for dei aller fleste av oss, at til meir vi tener, til meir brukar vi på oss sjølve. Rett nok finst det nokre unnatak frå denne regelen, men dei er få.

Det vert gjerne vist til at Paulus ikkje seier at det er pengane som er rota til alt vond, men kjærleiken til pengar. Problemet er at pengar lett vert som ei åndsmakt der meir alltid vil ha meir, og det er sjølve kjenneteiknet på materialismen. Difor seier den same apostelen at «gudsfrykt med nøysemd er ei stor vinning». Det er mange stader i Bibelen åtvara mot rikdom og det å samla seg skattar på jorda, samstundes som det er ei sterk oppmoding til å nøya seg med det ein har og dela med andre.

Eg er sterkt tvilande til at Hans Nielsen Hauge anno 2014 ville ha oppmoda til å tena meir pengar. Han levde i ei tid der fattigdom var problemet, og han arbeidde ut får det. Han dreiv ei næringsverksemd med ein sterk sosial profil, der ein skulle yta etter evne, men sitja att med det same.

Plasserer vi Hauge inn i vår luksustid og vår krav- og forbrukarkultur, trur eg han ville lagt vinn på at vi ikkje måtte overforbruka naturen, og at vi måtte ha eit globalt perspektiv på alt vi steller med, også næringsverksemda.

Han ville ha åtvara mot materialismen og penganes makt. Eg trur han også ville fokusert på at kristne måtte forvalta sine materielle ressursar i teneste for evangeliet, der ein tok utgangspunkt i kor lite ein kunne klara seg med for å få fram kor mykje ein kunne gje.

Dessutan trur eg han ville lagt vekt på at i ei tid der det ikkje er den materielle fattigdommen, men den menneskelege, kulturelle og åndelege fattigdommen som er problemet, måtte ein satsa på yrke der ein kunne møta denne situasjonen – altså som lærar, sjukepleiar, andre menneskeorienterte yrke og misjon.

Det er bra at folk vil noko og satsar, men ein må ta på alvor den tida vi lever i, slik at vi ikkje gjer det på tida, altså materialismen, sine premissar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
– Det er ikke så farlig å tjene mye penger
Les også
Selvskryt i dugnadsdrakt
Les også
Falske bøssebærere pågrepet i Buskerud
Les også
Misjonsorganisjon mister anbefaling