«Eg er svært takknemleg for at me har eit misjonsfolk som står med og viser givarglede», skriv Marit Hårklau Ådnanes (biletet). Foto: Arkiv

Ingen har blitt fattig av å gi

«Den som sparsamt sår, skal òg hausta sparsamt, og den som sår med velsigning, skal òg hausta med velsigning» (2. Kor. 9,6). 

Å tala om givarteneste og økonomiske gåver, er noko eg ofte synest er vanskeleg. Ikkje vil eg bli oppfatta som masete, eller vera med å gi folk dårleg samvit. Difor tar eg sjeldan opp dette temaet i undervisning og andaktar.

Men å oppfordra folk til å gi må eg jo innimellom, på møte og ulike arrangement, samt gåvegiroar som vert sendt ut. Heile verksemda vår er tufta på gåvevillige misjonsvenner. Takk og lov for alle desse!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Gud elskar ein glad givar», kan me seia. Det er så sant (2. Kor. 9,7), men det kan også bli brukt i manipulasjonens namn. Nyleg dukka eg inn i Filipparane 4,17. Fleire gonger hadde filipparane sendt Paulus det han trengte av økonomiske gåver. Dei stod saman med han då han var i naud. Paulus er takknemleg.

Så minner han dei på noko viktig, som eg også treng å ta til meg. Han er faktisk ikkje ute etter sjølve gåva deira, men frukta av gåva. Først og fremst er gåva blitt til velsigning for givarane sjølv.

Det er eigentleg tre partar som har hatt glede av gåva: Paulus som fekk den, filipparane som gav den og Gud som gleda seg over filipparane sin kjærleik og givarglede.

Ingen har blitt fattig av å gi, slår Paulus fast. «Den som sparsamt sår, skal òg hausta sparsamt, og den som sår med velsigning, skal òg hausta med velsigning» (2. Kor. 9,6).

Å gi er som å så såkorn. Kor stor hausten blir, har samanheng med kor mykje du sår. Kven bør gi, i kva ånd skal me gi og kor mykje bør me gi? Alle truande kan og skal bidra til å fremja Kristi sak.

Me skal gi av eit villig hjarte og med glede, ikkje med ulyst eller av tvang. Og kvar skal gi «det han har bestemt seg for i sitt eige hjarte». Kapittel 8 og 9 i Korintarane inneheld detaljerte avsnitt om givartenesta.

Så kan kanskje dette opplevast som mas og krav. Også her er det viktig å ha med bakteppe for å gi; det fører til velsigning og overflod for den som gir.

I boka «Giverglede» av Svein Høysæter, er nettopp det å oppleva gleda ved å gi eit av hovudmåla. Her er han opptatt av at me som kristne ikkje nødvendigvis skal ha fokus på pengar og innsamling, men lytta til kva Guds ord seier og korleis me kan setja ut i livet det me les i Bibelen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ved å dukka djupare i temaet givarglede, kan me finna skattar som fridom, tryggleik og kjærleik, seier han.

Eg er svært takknemleg for at me har eit misjonsfolk som står med og viser givarglede.

I ei utfordrande tid, der gåver frå lag og forsamlingar nødvendigvis må bli mindre enn før sidan ting er stengd ned, har me opplevd at gåver frå den enkelte har hatt fin auke i fjoråret.