SEND INN INNLEGG
Illustrasjonsfoto: Adobe Stock
Illustrasjonsfoto: Adobe Stock
meninger
Evangeliet må forkynnast
Del
Ingenting kan erstatta den personlege forkynninga frå den eine til den andre.

Misjonsoppdraget står fast. Vi finn dette oppdraget i ulike variasjonar i alle dei fire evangelia. Misjonsoppdraget gjeld alle kristne alle stader, til alle tider og under alle tilhøve.

Det er noko vi står saman om og som ingen kan fullføra åleine. Kristendommen er misjonærande i sitt vesen, rett og slett fordi Gud er misjonærande. Han kallar oss til å ta del i sitt «Missio Dei» – Guds Misjon. Misjon handlar om å senda nokon til nokon med godt nytt.

Så høgt elska Gud verd at han sendte sin einaste Son til verda for å frelsa oss fortapte menneske. Slik Jesus var sendt av Gud, sendte han læresveinane sine ut med evangeliet.

I den Nikenske trusvedkjenninga seier vi at vi trur på éi heilag, allmenn og apostolisk kyrkje. Ei apostolisk kyrkje i denne samanhengen må forståast som ei misjonerande kyrkje, ei kyrkje som forstår at ho er sendt til verda, at ho har eit oppdrag om å forkynna evangeliet for alle folkeslag.

Det inneber sjølvsagt at det kristne fellesskapet har eit oppdrag om å senda ut misjonærar med evangeliet til alle folk og stammar på jord.

Høgdepunktet i Guds Misjon var at Guds Son vart menneske. Han tok bustad mellom oss. Han flytta inn i vårt nabolag. Han vart ein av oss. Vi fekk møta Gud andlet til andlet i eit menneske i kjøtt og blod.

Den usynlege Gud gjorde seg sjølv synleg i Jesus Kristus, verdens frelsar. Evangeliet – Ordet – kunne høyrast, sjåast og rørast ved. Livsens Ord vart forkynt og demonstrert, det vart synleggjort og openberra for vanlege menneske. Slik har det også kome til oss.

Det evangeliet vi har sett og høyrd må vi forkynna til andre. I vår tid møter kristen forkynning både motstand og varm mottaking. Stor forfølging og stengte dører for misjonærar skapar ekstra utfordringar under den pandemien vi opplever.

Når vi let oss leia av Anden vil vi alltid finna opne dører for evangeliet. Uansett kva hindringar eller utfordringar må evangeliet forkynnast.

Om vi ikkje kan forkynna frå andlet til andlet, frå munn til munn i desse tider, kan vi på mange måtar forkynna frå skjerm til skjerm og frå hjarte til hjarte.

Ingenting kan erstatta den personlege forkynninga frå den eine til den andre. Vi kan alle vitna om Jesus med våre eigne ord og fortelja til andre kva Jesus har gjort for oss og kva han vil gjera for alle. Dei fleste av oss har ein eller fleire skjermar som vi kan bruka til å forkynna gjennom.

No kan vi sjå kvarandre på ein skjerm når vi snakkar med folk på telefonen. Lat evangeliet forkynnast gjennom telefonen, det er noko vi alle kan gjera! Internett opnar mange dører for evangeliet og må brukast for alt det det er verdt.

Alle kyrkjer burde tilsetja web-misjonærar eller app-programmerarar som kan gjera evangeliet tilgjengeleg på alle moglege plattformar. Evangeliet må forkynnast frå andlet til andlet, frå skjerm til skjerm, for å røra ved hjartet til folk og hjelpa dei til tru på Jesus Kristus.

erling thu,meninger,debatt,evangeliet,kristent nettverk