HJELPE: Det er flott at me kan kjenne på omsorg og empati og at det stimulerer oss til å hjelpe. Samtidig er det viktig at me ikkje stakkarsleggjer, men strekker oss etter å møte dei det gjeld på ein verdig og respektfull måte, skriv Olav Vestbøstad.

Stakkars born

Korleis skal ein få folk til å opne lommeboka? Dette har vore det store spørsmålet når ein skal samle inn pengar til misjonsarbeidet.

I dag er det ikkje så mange som går med kontantar på seg, så no må ein prøve å få folk til å anten vippse eller donere på andre elektroniske måtar.

Gjevarmobilisering er ein stor vitskap, men det er kanskje ikkje ein av dei mest eksakte vitskapane. Til det er me menneske altfor ulike.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det som stimulerer nokre til å gi, fungerer dårleg på andre. Nokre synes det er fint å gje til ein organisasjon utan å øyremerke gåva. Så reknar ein med at organisasjonen vil bruke pengane der det er mest nødvendig.

Andre vil helst støtte eit spesifikt prosjekt. Kanskje ynskjer gjevaren til og med å fylgje det ein har gjeve, slik at ein kan seie at eg med mi gåve var med på å gje lesebøker til elevar i ein bestemt klasse på ein bestemt skule i ein bestemt landsby i Afrika.

Det er fleire prinsipp som fungerer godt når me skal stimulere menneske til å gi. Det må sjå ut som at mottakaren treng hjelp. Det er difor lettare å selje inn arbeidet i ein fattig landsby i Etiopia enn i det moderne Japan.

Born rører lettare ved hjarto våre enn det vaksne gjer. Det er difor ikkje vanskeleg å finne gjevarkampanjar med bilete av fattige born som ser inn i kamera med store uskuldige auge. Sosiale og diakonale prosjekt engasjerer breiare enn evangeliserande prosjekt.

I dag har store delar av verda tilgang på internett. Verktøy for bildesøk gjer at det er fullt mogleg for personar i mest alle delar av verda å finne ansiktet sitt igjen dersom det blir lagt ut på nett på ein eller anna måte.

Artiklar som blir presenterte på hjelpeorganisasjonar sine nettsider og i sosiale media kan enkelt omsetjast til mest kva som helst språk. Borna på ein barneheim i Tanzania eller Thailand kan såleis kome til å lese korleis dei blir framstilte.

Sjølvsagt bør me omtala andre på ein respektfull måte og få løyve til å ta bilete og bruke dei, men den digitale verda set endå større krav til tekst og bildebruk.

Det er mange krav som må stillast til informasjonen ein presenterer. Heilt sjølvsagt er det at det ein skriv må vere sant. Mindre sjølvsagt er det at det ein skriv også må presentere dei som blir omtalte på ein verdig måte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er fort gjort å stakkarsleggjere mottakarane. Jo meir stakkarslege dei er, jo meir lyst får me kanskje til å hjelpe.

Eit viktig element her er kva ord ein brukar når ein framstiller arbeidet ein samlar inn pengar til. I hjelpearbeid er det heilt klart slik at den som gjev hjelper den som mottar. Det gjev oss ei god kjensle å hjelpe andre.

Samtidig kan også det umedvite gjere at me som er privilegerte når det gjeld materielle ressursar, set oss sjølv høgare enn dei som treng hjelp. Hjelpearbeid er viktig og nødvendig. Det kjem spesielt tydeleg fram ved naturkatastrofar og andre akutte kriser som oppstår.

Naudhjelp har karakter av akutt hjelp. Meir langsiktig hjelp vert gjerne kalla bistandsarbeid. I bistandsarbeid er det også slik at den som har kunnskap eller materielle gode, hjelper den som ikkje har.

Då blir det fort ein ubalansert relasjon mellom dei som har og dei som ikkje har. Eg likar difor betre at me kallar dette arbeidet utviklingsarbeid, ikkje bistandsarbeid. I dag prøver ein i størst mogleg grad å gå frå behovsfokusert bistand til ressursbasert utvikling.

Kva ressursar er det folk sjølv har som dei kan utvikle vidare? Eit døme på dette er eit ernæringsprosjekt i Indonesia. Kroppsvekta til småborn i eit distrikt blir kartlagt.

Deretter ser ein på kva det er som kan vere grunnen til at nokre born er sunne og velfødde, medan andre er underernærte. Så prøver ein å bruke denne kunnskapen slik at dei borna som er underernærte skal få same type mat og oppfølging som dei sunne borna har.

Då nyttar ein kunnskap som allereie er i lokalmiljøet og ein finn også ut kva typar lokal mat som ein kan bruke for å få sunne og friske born.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vil kanskje avdekkast sjukdomar som dei må ut av landsbyen for å få hjelp med, men det er overraskande kor mange som får hjelp berre med den kunnskapen og dei ressursane som er i lokalmiljøet.

Det kan vere store behov og mange ting som manglar, men samtidig er det også mange lokale ressursar som kan nyttast!

Det er fort gjort å synast synd i folk. Det er flott at me kan kjenne på omsorg og empati og at det stimulerer oss til å hjelpe.

Samtidig er det viktig at me ikkje stakkarsleggjer, men strekker oss etter å møte dei det gjeld på ein verdig og respektfull måte. Det gjeld også når me brukar deira historie til gjevarmobilisering.