Ein mosaikk frå ei ortodoks kyrkje i Ukraina viser Adam og Eva. Foto: Adobe Stock

Kroppens teologi

I LHBT+rørsla er sterke krefter i sving for å definere identitet utan samanheng med kropp. Dette bygg på eit gnostisk menneskesyn som bryt tvert med det kristne.

Kropp er i fokus. Samtidskulturen har sterke forteljingar om brotne relasjonar, seksuell misbruk, porno-avhengige, samkjønnskultur, born som veks opp utan mor og/eller far. Tampen brenn om det å vere mann, kvinne, ektefolk, kjønn og kjærleik, sex og seksuell identitet, kort sagt om å vere menneske.

Stortinget, skular og barnehagar eksperimenterer med rettleiing om menneskekropp og identitet. Barnehagen øver på å gå i Pride-tog. Varsellampar bør blinke.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den seksuelle revolusjonen skulle bane veg for fri og naturleg omgang med kropp og mangfaldig seksuell utfalding. Men fruktene er usunn kroppsfiksering, større vanskar med å halde på varige relasjonar og kjønnsdysfori. Og born og unge får tilbod om kjønnskorrigering med hormonar og kirurgi.

I LHBT+rørsla er sterke krefter i sving for å definere identitet utan samanheng med kropp. Dette bygg på eit gnostisk menneskesyn som bryt tvert med det kristne.

Mot slutten av livet (2004) gav Johannes Paul II ut ei banebrytande bok: Kroppens teologi.

Han fornyar innsikta om Skaparen som gjorde mennesket til mann og kvinne, om Frelsaren som døydde for å frelse heile menneskekroppar, om meininga med eit liv i sølibat, om ekteskap som guddomeleg gåve og om kroppsleg oppstode på den siste dag.

I lys av inkarnasjonen viser JPII at kroppen er sakramental. Våre mest intime erfaringar med Gud er kroppslege. I dåpen vert kroppen bada i vatn. Med olje vert kroppen salva. Gjennom brød og vin får kroppen åndeleg næring. Handspålegging rører ved kroppen. I skriftemålet vedkjenner vi med munnen til eit anna menneske sitt øyre. Ekteskapet gjer mann og kvinn til eitt ved kroppsleg ihopkopling.

Denne fundamentalteologien er truga når sambandet mellom kropp og identitet vert oppheva. Kroppen er ikkje noko du oppbevarer sjela di i. Kroppen din er deg. Som det kan seiast på engelsk: «Your body is somebody.» Gjennom sameininga av kropp og sjel gjer kroppen synleg di åndelege sjel.

Studiet av kroppen er for JPII ikkje biologi, men teologi, dvs. studium av Gud. Og den moderne kulturen som skil kropp og sjel og vil gi mennesket identitet ikkje gjennom kropp men kjensler, er gnostisk. Den vegen endar i ein farleg dødskultur, skriv han. Og peikar på teikn i tida.

P.S: Interesserte bør fylgje ein blogg med same namn som pave-boka, varsla lansert seinare i år av den katolske teologen Eirik A. Steenhoff.