KALL: Hans Nielsen Hauge fekk kallet frå Gud til å forkynne evangeliet og gikk til fots rundt om i heile Noreg og forkynte Guds ord, og det vart ei stor kristen vekking.

Arven etter Hans Nielsen Hauge

Berre ei sann kristen vekking som på Hans Nilsen Hauge si tid kan redde landet vårt.

Nyleg kom eg over eit studiehefte frå Lunde forlag om Hans Nielsen Hauge. Det kom ut i 1976 og vart brukt av klasser i den offentlege skulen. Heftet handlar om viktige hendingar i Hauge sitt liv.

Då han var ung heldt han på å drukne i elva Glomma, og vart redda av broren som ved eit mirakel. Han vart bonde og ein gong han var ute på åkeren og pløgde, song han songen «Jesus din søte forening å smake».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då fekk han eit sterkt møte med Gud og gikk heim. Han fekk kallet frå Gud til å forkynne evangeliet og gikk til fots rundt om i heile Noreg og forkynte Guds ord, og det vart ei stor kristen vekking.

I tillegg så starta Hauge fleire bedrifter og mange vil gi han æra for at Noreg vart reist opp frå fattigdom til å verta ein velståande nasjon. Kva kan ein lære av Hauge i dag?

For det første så var Hauge modig og valde å forkynne alt i Guds ord. Broren Ole hjelpte han å reinskrive den første boka hans «Verdens daarighet». Der tok han eit oppgjer med presteskapet som hadde stor makt og ikkje levde i samsvar med Skrifta.

Ole sa til han at om han gav ut denne boka ville han få stor motstand og det stemte. På veg inn til Kristiania, som Oslo heitte på den tida, miste han pakken med manuskriptet.

Han bad til Gud om at om det var hans vilja at han skulle gi boka ut så måtte han finne pakken igjen. Hauge gav opp å leite og tok inn på ein gard om kvelden for å overnatte.

Etter ei stund kom ein annan reisande som hadde funne pakken. Dette synest Hauge var underleg og han fekk frimod til å gi ut boka.

Boka fekk god respons og vart flittig lest. Hauge gav etter kvart ut fleire bøker i til saman to hundre eksemplar. Dei hadde stor innflytelse på folket og var med på å blåse på den flammen som var tend.

Broren Ole hadde rett og Hauge fekk stor motstand og forfølging. Prestar og lensmenn var saman om å arrestere han og til saman satt han over ti år i fengsel. Han slapp ut eit par gongar for å kunne starte saltfabrikk som det var behov av.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fengsla på den tida var ikkje som i dag og det gikk ut over helsa til Hauge. Han døydde berre 53 år gamal, og ofra alt for å føre Noreg inn på rett kurs. I dag treng vi fleire som Hauge som er villige til å satse liv og helse for det gode!

Ikkje alle prestar var motstandarar av Hauge. I Bergen var biskop Johan Nordahl Brun, som har skrive salmen «Jesus lever, graven brast», positiv til Hauge, og han fekk virke fritt der.

Ved eit høve spurte Hauge ein prest som forfylgde han kva han lærde feil ut frå Guds ord, men det kunne ikkje presten svare på. Det var nok mykje misunning og frykta for å miste makt og innflytelse slik farisearane og dei skriftlærde forfylgde Jesus på Bibelen si tid.

Ein gong eg var på teltmøte i Ukraina vart ein ortodoks prest rasande på meg fordi eg gikk rundt med ein plakat som fortalde om teltmøta. Folk begynte å gå der og presten miste inntekta av å selje stearinlys til dei fattige som dei brukte når dei bad.

Også her i Noreg i dag kan ein rekne med å få motstand frå myndigheitene og dei geistlege om ein er villig til å tale om synd og nåde. Eg fekk eit opprop mot meg av fem prestar i lokalavisene for to år sidan fordi eg hevda at homofili er synd.

Dette ser eg på som ei æresbevising fordi eg vil vere tru mot Bibelen. Når prestane og andre held fram Guds ord så kan ein ikkje trekke vekk det som ikkje passar for då vert dei vranglærarar.

Når Gud kunne straffe byane Sodoma og Gomorra så hardt for denne synda, så kan heller ikkje vi rekne med å gå fri. Herren vil ikkje verje by og land om vi ikkje vil gå på hans vegar. Han går aldri imot sitt eige ord.

Vi kristne er kalla til å vere lys og salt i denne verda, men når saltet taper krafta si kva skal det då saltast med?, sa Jesus.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Resultatet av at kyrkja går inn for Pride er at organisasjonen FRI får stor makt i samfunnet. Dei går inn for fri sex og mange alternative former for samliv som Bibelen går sterkt imot.

Dei arbeider for å få inn for Rosa kompetanse i barnehagar og skule som seier at born ned i seks årsalderen skal kunne få skifte kjønn om foreldra tillet det. Frå dei er seksten skal dei få velje sjølve.

Dette er hårreisande! Kvar er ansvarsfulle vaksne og politikarar? Samfunnet er i ferd med å gå til grunne! Vi må tørre å seie frå slik som Hauge gjorde det.

No i denne korona-tida er det anledning å vende om. Fattigdomen i Noreg er i ferd med å kome tilbake og vi må satse på jordbruk og hardt arbeid. Hauge synest at latskap var nesten like ille som banning. Han strikka mens han gikk rundt i landet.

Vi må tilbake til gudsfrykt og nøysemd om Noreg skal vere eit og godt land i framtida. Vi må tilbake til trua på heile Bibelen som Guds ord og få bort den liberale teologien som mange prestar og andre står for.

Berre ei sann kristen vekking som på Hans Nilsen Hauge si tid kan redde landet vårt. Då kan vi med hjartet synga med Elias Blix: Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma.