PINSE: Den kristne kyrkja må i lys av misjonsbefalinga og hendingane den fyrste pinsa be og arbeide for å få opp R for evangeliepandemien. Misjonsløpet som starta pinsedag er ikkje fullført, skriv Olav Vestbøstad.

Evangeliepandemien

Det er framleis mange folkegrupper som ikkje har evangeliet. Alle smitteberarar har ansvar for å spreie den gode smitten.

Me har nyleg feira pinse. Då læresveinane vart fylte av Den heilage ande, gjekk startskotet for det store misjonsløpet. Evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag, frå Jerusalem og heilt til enden av verda.

Det vart ein kjempestart. Allereie fyrste dagen var det mange folkeslag som fekk høyra evangeliet. «I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen», fortel Lukas, forfattaren av Apostelgjerningane, i Apg. 2,5.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I same kapittelet er rundt 15 folkeslag frå områda rundt Middelhavet lista opp då Lukas refererer svaret frå den forvirra folkemengda som høyrde læresveinane tale på deira eigne språk. Dette var gudfryktige tilflyttarar frå ulike delar av romarriket. Alle desse fekk høyre, og mange kom til tru.

Den fyrste pinsedagen vart om lag 3000 menneske døypte. Det står ikkje nøyaktige skildringar av kven dei 3000 var, men det er naturleg å tenke seg at det var menneske frå ulike folkegrupper mellom desse.

Utover i Apostelgjerningane ser me korleis Herren kvar dag la til nye som lét seg frelsa. Fyrst var rørsla avgrensa til Jerusalem, men i Apg. 8 kan me lesa at det vart forfølging der, og mange kristne vart jaga ut av byen og såleis spreidde omkring i Judea og Samaria. På den måten kom folk i nye område i kontakt med dei kristne, og stadig fleire kom til tru.

I samband med koronapandemien har me fått lære mykje om smittespreiing. Eit sentralt omgrep er smittetalet R. Det fortel kor mange personar som blir smitta av kvar einaste smitteberande person.

Dette er eit middeltal, når det er akkurat 1, er talet på smitta personar stabilt. Er det under 1 går smitten ned, men dersom talet er høgare enn 1, spreier smitten seg slik at stadig fleire personar blir smitta. I Norge er smittetalet for koronaviruset no godt under 1 og talet på nye smitta går difor stadig nedover.

Når forskarane studerer korleis smitten av koronaviruset spreier seg, er det lett å finne at det er stor variasjon på kor mange som blir smitta av same smittekjelda. Sjølv om smittetalet i snitt er under 1, finst det enkeltpersonar som smittar langt fleire.

Fleire undersøkingar viser at dei fleste av dei som ber smitten i seg smittar ingen eller berre éin person. Samstundes finst det andre som smittar langt fleire.

Forskarar frå Niels Bohr Institutet og Roskilde universitet i Danmark har rekna ut at rundt 10 prosent av dei som er smitta, står for 80 prosent av smittespreiinga. Liknande funn er også gjort ved universitetet i Tel Aviv. Desse få er altså superspreiarar, medan folk flest smittar ganske få.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Frå starten spreidde evangeliet seg som ein epidemi med 3000 nye tilfelle på dag éin. Seinare har det blitt spreidd utover jorda, og det er dagleg fleire titusen som kjem til tru. Likevel meiner dei som har greie på misjonsstatisikk at talet på menneske som ikkje har høyrt evangeliet aukar.

I midten av 2019 var dette talet anslått til 2,188 milliard menneske og det er forventa at det aukar til 2,745 milliard i 2050. «Smittetalet» blant oss kristne er altså for lågt til at utbreiinga av evangeliet held tritt med folkeveksten.

Det er kanskje også slik blant oss kristne at dei fleste av oss «smittar» ganske få personar, men det finst også nokre superspreiarar. I Apostelgjerningane kan me lese om Filip som måtte dra frå Jerusalem og kom til byen Samaria og var vekkingspredikant der. S

einare møtte Filip den etiopiske hoffmannen langs landevegen. Deretter var han omreisande evangelist i ved middelhavskysten mellom Asjdod og Cæsarea.

Det er mange ting som ikkje er samanliknbart mellom spreiinga av koronaviruset og evangeliet. Koronaviruset smittar raskt, medan det kan vere ein lang prosess for eit menneske å sjå innhaldet i evangeliet.

Filip brukte tid med den etiopiske hoffmannen. Han sat saman med han og forklarte innhaldet i teksten frå profeten Jesaja. Hoffmannen hadde mykje kunnskap frå før og Filip kunne byggje på dette.

Den kristne kyrkja må i lys av misjonsbefalinga og hendingane den fyrste pinsa be og arbeide for å få opp R for evangeliepandemien. Misjonsløpet som starta pinsedag er ikkje fullført.

Det er framleis godt over 2 milliardar menneske som ikkje har fått del i evangeliet. Det er framleis mange folkegrupper som ikkje har evangeliet. Alle smitteberarar har ansvar for å spreie den gode smitten.