VIRUS: Koronaviruset opnar også dører. Bibelstudium samlar ikkje-truande, og folk som sit heime, kan dela trua. Og sjølv om det normale livet står stille, har kyrkjene høve til å gjera noko for menneske i naud, slik mange kyrkjer gjorde ved å stilla opp i hjelpearbeidet etter jordskjelvet i Sichuan-provinsen i 2008, skriv Johannes Morken. På bildet sprøyer frivillige desinfeksjonsmiddel i en kirke i Wuhan i Kina. Foto: AP Photo/NTB Scanpix

Kristenliv i koronanes tid

Vi avlyser konsertar og gudstenester på grunn av koronaviruset. Kinesiske kristne har i fleire veker sete isolerte i heimane med alt sitt attverande kyrkjeliv på internett.

Koronaviruset har i Kina ført til isolasjon av millionbyar. På ChinaCource.org, ei verdifull kjelde for kunnskap om kinesisk kristenliv, skriv Daniel Dakota at situasjonen er «uhyggeleg». Namnet hans er eit pseudonym for ein amerikansk kristen som bur i Kina.

Daniel Dakota og familien bur i ein kinesisk gigantby på 26 millionar. «Tenk om du ikkje berre slår av New York City, men dei ni største byane i USA på same tid. Det ville vera uhyggeleg», skriv han utan at vita kva som faktisk kan koma til å skje til dømes i USA.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den kinesiske regjeringa har lenge bede folk vera heime så mykje som råd og unngå offentlege område. Gatene er nærast folketomme. Folk går, skreiv Dakota for nokre dagar sidan, berre ut for å gjera raske innkjøp av mat eller for å få litt frisk luft. Inn- eller utkøyringskort frå nabolaget er vanleg. Temperaturkontrollar blir stadig meir vanlege i kontorbygg, på tog-, buss og T-bane-stasjonar, i daglegvarebutikkar og på andre offentlege stader. Dei fleste offentlege parkar er stengde, i tillegg til mange bedrifter. «Denne megabyen er blitt ein maskert spøkelsesby».

Ettersom isolasjonen dreg ut, møter kristne i Kina utfordringar dei aldri har møtt før. Mange gudstenester er for lengst avlyste. For pastorar og prestar er internett eit nødvendig vonde. Dei gjer alt dei kan for å hjelpa kyrkjefolket, sjølv om ingenting kan erstatta direkte kontakt.

Isolert i heimane er det også mange som kjempar mot einsemd og total isolasjon. Kvar dag vaknar alle opp til ei mengd rykte og stadig ny informasjon om korona-smitten. Menneske som sit åleine, kan oppleva panikk.

Mange kyrkjer har flytta gudsteneste og møte til internett. Andre har utvikla nettressursar til forbøn, undervisning og sjelesorg.

Fleire kyrkjer i storbyen Wuhan, episenteret for korona-pandemien, har lagt gudstenester og andre kyrkjetilbod på internett. China Christian Daily fortel om broder Li i ei kyrkje i Wuhan. Han leier eit bibelstudium på ein populær video-app. Hundrevis av kristne følgjer studiet, også mange ikkje-truande.

Bibelstudiet på nettet starta han i fjor fordi mange funksjonshemma og folk med lange reiseavstandar hadde problem med å koma til kyrkja i storbyen. Broder Li tok pause medan kona var gravid. Men han tok det oppatt då korona-utbrotet kom. Ein eldste frå kyrkja hans leier også bønemøte på nettet, søndagsgudstenestene vert overførde på ein video-app.

Broder Li har blanda kjensler for internett. Han opplever at vranglærande sekter breier seg på den same appen som han brukar til bibelstudium. Li trur modne truande klarar å skilja sunn lære frå vrang, men fryktar at unge lettare kan bli påverka av vranglære på digitale plattformer, som ei sør-koreansk sekt som hevdar at leiaren deira er Jesus som har kome attende til jorda.

Men mange pastorar tenkjer akkurat no mindre på presset frå styresmaktene enn dei gjer på kampen for å tena kyrkjefolk i krise – og på oppheta kyrkjelege diskusjonar om korleis dei skal handtera krisa, påpeikar Daniel Dakota.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dess lengre folk er isolerte, dess meir oppheta blir debattane. Nokre kyrkjer diskuterer no korleis dei kan feira nattverd. «For dersom vi trass alt kan møtast som kyrkje på nettet, kvifor kan vi ikkje feira nattverd på nettet?» skriv Daniel Dakota om diskusjonen. Slike debattar trugar med å øydeleggje enkelte kyrkjer, skriv han.

Men koronaviruset opnar også dører. Bibelstudium samlar ikkje-truande, og folk som sit heime, kan dela trua. Og sjølv om det normale livet står stille, har kyrkjene høve til å gjera noko for menneske i naud, slik mange kyrkjer gjorde ved å stilla opp i hjelpearbeidet etter jordskjelvet i Sichuan-provinsen i 2008.

Det er lett for norske kristne å bli redde – og å få nok med sitt eige i ei krisetid med personlege og globale dimensjonar. Norske kristne bør straks tenkja kreativt om korleis gudstenesteliv, sjelesorg, diakoni og forbøn kan skje når samfunnslivet delvis blir stengt ned.

Og vi kan be for og finna måtar å støtta dei som lenge har vore under press – både av hardhendt politikk og no av eit aggressivt virus.