SEND INN INNLEGG
Debatt: Eg har ein inderleg dr
...
Debatt: Eg har ein inderleg draum og eit sterkt ønskje: At norske folkevalde politikarar, uansett farge, hadde såpass vit og forstand at dei skjøna den heilt grunnleggjande biologiske samanheng i «mor-far-barn»., skriv Oddvar Høgevoll. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
debatt
«Farsrollen»
Del
Kjære alle dykk som styrer landet vårt – med Erna i front! «Nei, no lyt snart myndigheita gripa inn!» Slik blir det gjerne sagt i humoristiske ordelag, når ein tykkjer ting «går aldeles av skaftet»», som ein seier. Ein meinar at dei som styrer må på banen.

Desse tankar sviv i hovudet mitt i desse dagar. For noko er i ferd med å skje i kongeriket. Noko katastrofalt og øydeleggjande for oss som folk, om ikkje nokon set foten ned. Eg tenkjer her spesielt på det som seilar opp, rundt kjernefamilien; «mor og far og barn».

For no skal far bli overflødig. Far er liksom ikkje nødvendig lenger. Farsrollen kan like godt erstattast med ein kven som helst annan «omsorgsperson». Er det verkeleg sant? Er det verkeleg nokon oppegåande, tenkjande menneske, som på ramme alvor trur at «far» kan erstattast av noko anna?

Barne- og familieminister; Kjell Ingolf Ropstad, har varsla at han går inn i «pappapermisjon» sommaren 2020. Tenk om han då fekk besøk av Erna, frå Stortinget, med beskjed om at «du må berre sjå å koma deg tilbake på jobb. For du trengs eigentleg ikkje her. Denne rollen kan kven som helst ha. Vi kan spørja Audun Lysbakken!» Eg trur du og ser at det ville ha vore ein frekk og uakseptabel handling. Men dette er likevel den veg samfunnet vårt tykkjest gå, om ein følgjer med litt. Noreg skal som formast og dannast av samfunnet, systematisk og målbevisst. Heilt frå barnehagealderen. Den kjønnsnøytrale ekteskapslova fråtek eit barn retten til å kjenna sin biologiske far, før fylte 18 år.

Det er rått. Det er kynisk. Tenk deg at Erna Solberg, Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum ikkje fekk sjå/treffe son eller dotter, for borna, dei var ikkje gamle nok! Sine eigne born! Sei meg, er det verkeleg eit slikt samfunn vi ønskjer og vil ha? Det må vera eit eller anna som kortsluttar i tankane til folk, både som foreslår noko slikt, og som applauderer at vi får eit slikt samfunn.

Folk som var valde inn på Tinget; gjekk i alle fall før i tida for å vera noko ekstra. Ein slapp ikkje kven som helst inn der! Det var ikkje alle ein kunne tenkja å røyste på. Ein måtte vera både klok og vitug om ein skulle ha ei von å få «ein taburett»!

Eg har ein inderleg draum og eit sterkt ønskje: At norske folkevalde politikarar, uansett farge, hadde såpass vit og forstand at dei skjøna den heilt grunnleggjande biologiske samanheng i «mor-far-barn». Og at dei ville styra landet etter den. For det vi her er inne på, er den berande grunn, samfunnet kviler på!

oddvar høgevoll,erna solberg,regjeringa,kjernefamilien,kjell ingolf ropstad,stortinget,audun lysbakken