GJEKK AV: Biskop i Borg bispedøme, Per Lønning, gjekk i 1975 av i protest mot den nye abortlova.

Orsaking berre frå biskopane?

I eit ordskifte er det som kjent to eller fleire partar. Skal dialog og meiningsutveksling vera til nytte, er det vesentleg med sakkunne og formidlingsevne, samt å kunna gripa tak i det menneske har felles, i von om å kasta etablerte misforståingar bak ryggen og dermed rydda grunn for verkeleg samtale.

No har bispane i Den norske kyrkja nyleg sendt ut ei fråsegn med erkjenninga av at kyrkja sin argumentasjon under abortordskiftet på 1970-talet, ikkje la til rettes for ein god dialog. Lova om svangerskapsavbrot fekk eit for einsidig fokus på bekostning av den gravide kvinna og hennar livssituasjon, noko som bispane visstnok beklagar.

I denne samanhengen er det på sin plass å minna om biskopane sine forgjengarar, som alt i 1971 hevda at dersom «ønskemål om abort er motivert av håpløse sosiale forhold, må det være samfunnets plikt så raskt og effektivt som mulig å sette inn de nødvendige hjelpetiltak.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I den utstrekning ugifte kvinner har vanskelig for å gjennomføre sitt svangerskap på grunn av omgivelsenes holdning, må det være en klar kristenplikt – for familie, venner og naboer især – å bidra til å motvirke presset og gi vedkommende fellesskap og menneskelig støtte». (Frå fråsegna «Abort, menneskeverd, lovgivning»).

To år seinare (1973) då Bispemøtet oversende same fråsegna til det nye Stortinget, fylgde mellom anna fylgjande merknad med omtalen av naudsynt rettsvern for det menneskelege foster:

«Vi tenker med dette ikke bare på direkte opinionsskapende fremstøt, men på sosiale og humanitære tiltak for å lette det press som dagens samfunn i mange tilfelle legger på den vordende mor, og som gjør det vanskelig for henne å gjennomføre sitt svangerskap.»

Biskop Per Lønning nemnde også tydeleg overfor NRK i samband med sin avgang i 1975, at han som stortingsrepresentant i 1960 hadde lansert framlegg til ein omfattande plan for sosiale tiltak for vanskelegstilte mødre.

Ikkje før etter eitt og eit halvt år fekk han tilbakemelding om at trongen for ein slik plan ikkje var til stades.

Så fekk han altså i maidagane 1975 oppleva ei abortlov på sosiale premissar. Han visste ikkje om han skulle le eller gråta!

På denne bakgrunn vert det etter mitt skjøn totalt forfeila å hevda «at kirken i liten grad har tatt inn over seg den situasjonen som mange gravide kvinner har stått i, og har heller ikke klart å gi troverdig uttrykk for forståelse for kvinners erfaring og de utfordringer kvinner har opplevd».

Dialogen mellom stat og kyrkje på 70-talet når det gjeld utforminga av abortlova, kunne avgjort vore betre. Hadde lovgjevarane i større grad teke omsyn til dei etiske premissane som Den norske kyrkja prøvde å formidla, hadde mykje vore vunne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den måten Stortinget handsama alle grundige og seriøse fråsegner frå biskopane, var lite tillitsvekkjande.

Bispemøtet sine vurderingar vart sett på som luft og knipsa unna! Om biskopane har noko å beklaga i abortsaka, så har staten ved Stortinget det endå meir.

Les også
Hva er abort, om det ikke er drap av barn?
Les også
Forslag til ny abortlov finnes
Les også
Børre Knudsens kone: – Jeg forstår ikke at biskopene tør