SKULEGUDSTENESTE: – Vågar vi å argumentera for at vi skal delta på gudstenester som kyrkja arrangerer og ikkje såkalla nøytrale guds­tenester på skulen eller i barnehagen, spør Leiv Steinar Hovtun.

Vi treng frimodige kristne lærarar

Vi kan med frimod læra barn og unge julesalmar, påskesalmar og andre mykje brukte salmar.
 Dette høyrer med til den kristne kulturarven
og må såleis ikkje bli lagt i gløymeboka.

Er kristne lærarar usynlege når det gjeld å formidla kristne verdiar i skule og barnehage? Eg har ikkje forsking å visa til, men eg høyrer ofte om kristne som ikkje vågar å markera seg i slike spørsmål.

Kristent Pedagogisk Forum ønskjer å utfordra på dette spørsmålet, men samstundes hjelpa og støtta lærarar som møter utfordringar i det daglege arbeidet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg kjenner mange dyktige lærarar som gjer flott fagleg arbeid og som bryr seg om den einskilde eleven. Læraryrket er eit krevjande yrke.

Og når eg stiller spørsmål ved om kristne lærarar er synlege angåande kristne verdiar, må det ikkje bli forstått slik at eg vil gje hardt pressa lærarar dårleg samvit.

Likevel er det på sin plass å stilla dette spørsmålet. For i ein fersk studie som NKSS (Laget) har gjort, kjem det fram at mange lærarar i den offentlege skulen fryktar mistenkeleggjeringa som følgjer av at deira kristne tru blir kjent på arbeidsplassen.

Både ovanfor kollegaer og i samtale med elevar blir dei usikre i møte med spørsmål om tru.

Laget si undersøking viser og at det som er læraren si største utfordring i møte med yrkeslivet, skal vera krav om religiøs nøytralitet.

I det følgjande vil eg ta nokre døme for å belysa nokre konkrete område der det er viktig å vera frimodig som kristen lærar.

For det første: Vågar vi i KRLE-timar å lesa forteljingar frå Bibelen? For å nemna noko konkret skulle det vera helt kurant å lesa – gjerne frå ein barnebibel – om Moses og David frå Det gamle testamentet og om Jesus og hans virke, samt om Paulus frå Det nye testamentet. I tillegg vil det vera mykje interessant å henta frå Salmane.

For det andre: Kva med songar og salmar? Eg har eit inntrykk av at barn og unge i dag mest ikkje lærer kristne songar og salmar på skulen eller i barnehagen. Det er viktig at den oppveksande slekta og får del i noko av den flotte songskatten som vi har.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi kan med frimod læra dei julesalmar, påskesalmar og andre mykje brukte salmar. Dette høyrer med til den kristne kulturarven og må såleis ikkje bli lagt i gløymeboka.

Ein bør sjølvsagt vera litt forsiktig i innlæringa. Salmar kan koma inn under fritaksretten for einskilde.

Mitt tredje punkt gjeld skulegudstenester. Har eg som kristen lærar ei tydeleg stemme her? Vågar eg å argumentera for at vi skal delta på gudstenester som kyrkja arrangerer og ikkje såkalla nøytrale gudstenester på skulen eller i barnehagen?

Det er viktig at barn og unge får oppleva korleis ei gudsteneste fungerer i røynda. Følg med frimod den nye rettleiinga som Regjeringa vedtok i fjor haust.

Eg vil og nemna eit fjerde område: Kva med biblioteket? Finst det bøker med kristent innhald eller kristne verdiar der? Dersom ikkje –kunne eg vera ein pådrivar for å få inn slik litteratur? Det burde i det minste vera ein barnebibel der.

Til sist vil eg seia at eg undrar meg over at nokre (ikkje alle) kristne folkehøgskular i heilsides avisannonser ikkje profilerer seg som kristne. Deira kristne ståstad er totalt fråverande. Er det for å «lura» ikkje-kristne elevar til å søkja?

På ein eller annan måte må desse skulane ha frimod til å få fram sin kristne bakgrunn, synest eg.

Vi i KPF vil oppmoda alle kristne lærarar til å formidla den kristne bodskapen med frimod innanføre dei rammene lovverket gjer. Det skal ikkje vera forkynnande, men lat det vera formidlande.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Takk til de som alt gjer ein flott innsats på dette området. Lat oss støtta og hjelpa kvarandre i ei svært viktig teneste. Og lukke til vidare i den viktige rolla som undervisar og oppdragar.