VALG: «Ofte er det godt å kjenne på denne fridomen, men å ta konsekvensen av våre val er ikkje alltid det enklaste når våre val viser seg å ikkje vere dei rette», skriver Bjørg Sølvi Refvik. Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Vi treng barna!

Eg oppmodar til mødrene og politikarane: Lat barna få leve! Vi treng dei!

Bølgjene har gått høgt i det siste når det gjeld å strame inn abortlova. Kvinner demonstrerer for retten til å bestemme over eigen kropp når det gjeld svangerskapsavbrott. Dei kritiserer Erna Solberg som vil gå i møte med KrF og verne om ufødde born med Downs Syndrom og også hindre at friske tvillingfostre kan fjernast frå mors liv. Ved strengare abortlov kan også fleire born reddast til liv. Det er særdeles gale.

Eg spør: Kva samfunn er det vi lever i? Som individ er vi menneske privilegerte som kan bestemme mykje i våre eigne liv, kva vi vil og ikkje vil. Kvinnefrigjeringa har sett mykje fokus på dette. Ofte er det godt å kjenne på denne fridomen, men å ta konsekvensen av våre val er ikkje alltid det enklaste når våre val viser seg å ikkje vere dei rette.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Påstanden om at barnet er ein del av kvinna sin kropp, stemmer den? Moderne teknologi har gjort oss i stand til å følgje barnet frå den spede byrjing til fullborne spedborn. Barnet ligg godt omslutta av fostervatn i mammas livmor. Navlestrengen går til morkaka som er festa til veggen i livmora. Denne gjev barnet næring til morkaka som losnar rett etter fødselen og følgjer med ut. Kva del av dette er ein del av mammas kropp? Nokon som kan svare på det?

Alt ved tre vekers alder, ofte før mor merker at ho er blitt gravid, byrjar barnets hjerte å pumpe blod rundt i kroppen. Barnets ryggrad og nervesystem blir forma og indre organ byrjar å ta form. I veke fire er barnet 10.000 gonger større enn ved befruktninga. Livets mirakel! I veke fem byrjar utviklinga av auge, bein og hender. I veke seks kan ein påvise hjernebølgjer, munn og fingerneglar. I veke åtte er alle organ på plass og barnet byrjar å høyre. I veke 10 kan det drikke fostervatn og tisse. I veke 12 er alt utvikla så barnet kan kjenne smerte og det kan suge på tommelen. Frå veke 20 kan det høyre mors stemme. Frå veke 23 kan barnet reddast ved for tidleg fødsel.

Etter at Roe versus Wade legaliserte abort i USA i 1973, har 65 millionar fostre blitt fjerna frå mors liv fram til 2018. 42 prosent av alle årlege dødsfall i verda skjer på grunn av abort. I eit studie som vart gjennomført i USA, oppgjev 1,5 prosent av desse at dei tok barnet vekk på grunn av voldtekt og incest. 4,5 prosent grunna medisinske problem. Over 92 prosent fjerna barnet av psykososiale grunnar. (Kjelde: «Kristen Filosofi», av Andrew Wommack).

I Noreg vart kvinna sin rett til sjølvbestemt abort godkjent i det norske Storting våren 1978. Statistikken fortel at cirka 15.000 fostre har blitt abortert i Noreg kvart år etter dette. Det er 600.000 nordmenn på desse 40 åra. 300.000 av desse ville i dag vore mellom 20 og 40 år. Cirka 150.000 av desse ville vore kvinner. Med 1,6 barn per kvinne ville vi ha hatt 240.000 fleire nordmenn i dag. Då er vi oppe i 840.000 stykk. Når fire av 10 norske kvinner tek abort i løpet av sin fertile alder og 33 prosent av desse fleire gonger, kvar er det då blitt av morsinstinktet som gjer alt for å verna sitt ufødde barn? Korleis kan kvinner hevde at barnet er ein del av hennar kropp når barnet ofte til og med har annan blodtype?

Vår oppveksande slekt i Noreg i dag må stå i jobb til dei nærmar seg 70 år fordi der er for få nordmenn i arbeid til å holde oppe pensjonsordningane. Vi manglar cirka 15.000 arbeidstakarar per år for å oppretthalde velferdsordninga i landet. Betyr aborttala i Noreg ingen ting? Politikarane bør lage lover som sikrar sysselsettinga og velferda i Noreg, ikkje lover som tek vekk arbeidskrafta. Eg oppmodar til mødrene og politikarane: Lat barna få leve! Vi treng dei!