TENESTA: Det er viktig at vi opplever oss sendt av Jesus der vi er. Då vert det lettare å stå i tenesta over tid og då vert det meiningsfylt at vi er akkurat der vi er, skriv Karl Arne Austnes. Illustrasjonsfoto: Scandinavian Stockphoto

Vinne, utruste og sende

Skal vi nå ut, treng vi som truande å bli utrusta. Her har det kristne fellesskapet ei unik rolle. Bedehuset skal vere «Borg og base». Borg fordi vi treng ein trygg kvileplass i kvardagen sitt stress, base fordi vi treng å bli utrusta til kvardagslivet.

Desse tre orda er kjerneorda i den nye visjonen vi vedtok i strategiplanen vår. «Vi vil vinne, utruste og sende menneske med evangeliet på Sunnmøre.»

Vi trur det er ein god visjon fordi den er i samsvar med det som ligg i oppdraget vårt og i samsvar med det som ligg på Guds hjarte. Oppdraget er «med Guds ord til folket». Og det første som må skje i eit slikt oppdrag er at folket må vinnast for Jesus. «Endå eg er fri og ikkje slave for nokon, har eg gjort meg til slave for alle for å vinna så mange som råd» seier Paulus i 1. Kor 9,19. Utfordrar dette deg? Det bør det gjere.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

SE VIDEO: Når ut med digital andaktsdeling

Kva er du villig til å gjere for at folk skal bli frelst? «For alle har eg vorte alt, for i alle fall å frelse nokre» fortsetter Paulus. Denne driven kan vi ikkje skape sjølve, den blir skapt i oss ved Guds ord og Ande. Difor må vi sjølve leve godt med Jesus om nøden for at andre må bli frelst skal gripe hjartet vårt. Det handlar om å leve nær, i erkjenning av synd og ærleg med livet slik at vi har bruk for ein nådig Herre og blir avhengig av hans kraft i kvardagen. Då kjem også trongen til å vinne andre for dette gode livet, livet med Jesus.

Og skal vi nå ut, treng vi som truande å bli utrusta. Her har det kristne fellesskapet ei unik rolle. Bedehuset skal vere «Borg og base». Borg fordi vi treng ein trygg kvileplass i kvardagen sitt stress, base fordi vi treng å bli utrusta til kvardagslivet. «All nådes Gud, som ved Kristus har kalla dykk til sin evige herlegdom, han skal utrusta dykk, gje dykk kraft og styrke og grunnfesta dykk» seier Peter i 1. Pet 5,10. Dette er gode ord og det er mi bøn og min draum at indremisjonsfolket på Sunnmøre må få leve i dette løftet. Tenk at vi får tru på «all nådes Gud», at han har kalla oss og vil utruste, styrke og grunnfeste oss! La oss leve i dette løftet og tru det slik at vi vert sett i stand til å vitne om han i kvardagen vår.

«Eg er sendt.» Er det di oppleving av tenesta du er sett til? Eg trur det er viktig at vi opplever oss sendt av Jesus der vi er. Då vert det lettare å stå i tenesta over tid og då vert det meiningsfylt at vi er akkurat der vi er.

LES OGSÅ: Biskop på leting etter kirkens røtter

Fordi Jesus har sett oss der. «Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk,» seier Jesus i Joh 20,21. Og går vi djupare inn i denne bibelske samanhengen ser vi ein slags dominoeffekt. Faderen sender Sonen, Sonen sender den Heilage Ande og Anden sender oss. Slik får vi stå i ein stor samanheng, sendt av Gud med evangeliet til vårt eige folk. Det er indremisjon, det er kortreist misjon. Så trur eg at Gud vil at vi skal ta radikale val. Kvar på Sunnmøre er det få kristne? Kvar trengst det at unge kristne flyttar til for at arbeidet ikkje skal dø ut? Og kvar har arbeidet døydd ut og det er behov for pionerar som vil starte arbeidet på nytt?

Alt dette for at fleire skal bli frelst!

Les også
Trossamfunn og misjon i NLM
Les også
Han gav meg et ansikt
Les også
NMS jubler, mens NLM avventer bistandskuttFokusland
Les også
Lær oss å telle våre dager