SEND INN INNLEGG
Johannes Kleppa skriver sine i
...
Johannes Kleppa skriver sine innspill i Dagen hver uke.
Ekteskapslov – KrF 
og borgarleg vigsel
Del
Det er stadig folk i Kristeleg Folkeparti (KrF) som gjer sitt beste for å undergrava partiets kristne oppdrag.

No er det KrFU som går i bresjen for dette. KrFU-leiaren har gått i spissen for å reisa eit framlegg der KrFU-landsmøtet skal vedta å avlysa kampen mot den kjønnsnøytral ekteskapslova .

Venter ekteskapskamp på landsmøtet i KrFU

Utruleg nok har KrF-leiaren sagt at det er ein legitim debatt . Ingen kan hindra at debattar vert reiste, men at ein slik debatt er «legitim» i KrF, forstår eg ikkje.

Les Dagens lederartikkel: KrF-enighet for fall?

Det er ikkje berre mot partiets prinsipprogram, men det er mot parties verdigrunnlag i den grad dette er basert på Bibelen.

Det er berre ut frå eit grunnlag som ikkje hentar si forplikting på Bibelen, at ein kan gå inn for eller akseptera eit anna ekteskap enn det klassisk kristne, det livslange og offentlege ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne.

Vi treng kort og godt ikkje eit KrF som går den vegen KrFU legg opp til. Då har vi ikkje lenger eit «kristent» parti. Det same gjeld om ein går inn for fri abort, altså at ein aksepterer at kvinna skal ha det siste ordet i om fosteret skal få leva eller takast livet av.

Merkeleg nok synest det som at nokre trur dei løyser problemet med den kjønnslikegyldige ekteskapslova ved å innføra obligatorisk borgarleg vigsel, og så la kyrkjesamfunna stå fritt til å ha sine eigne liturgiar for å velsinga ekteskapet.

Tankesmia Skaperkraft offentleggjorde nett ein kronikk med tittel « Løsningen er borgerlig vigsel » (Dagen 8/9).

Sett bort frå at kronikken meir er uttrykk for strategisk tenking for KrF enn for kristen tenking, er sjølve tankegangen forfeila. Rett nok er dagens ekteskapslov eit problem for kyrkjesamfunna, men det er ikkje hovudproblemet.

 Dersom ein fokuserer einsidig på dette, som mange kristne politikarar og kristenleiarar har ein tendens til, tilslører ein sjølve saka. Alle kyrkjesamfunn kan, om dei vil, seia frå seg vigselsretten og ha ein forbønshandling på basis av borgarleg vigsel.

Då har ein løyst det minste problemet, nemleg det dilemmaet kyrkjesamfunna er i i høve til ekteskapslova. Samstundes har ein tildekka hovudproblemet med lova, og ein har legitimert ei ubibelsk og samfunnsøydeleggande ordning.

Det store problemet er sjølve lova, altså den omdefineringa av ekteskapet som ligg i denne – og då av skaparstridig karakter. Lova er ei ulov som er destruktiv for samfunnet og for ekteskapet – same kor vigsla skjer.

Borgarleg vigsel endrar ikkje ein tøddel på dette. Dessutan vil dilemmaet for dei som skal gifta seg, vera det same. Dei må la seg vigsla kjønnsnøytralt, og det problem vert forsterka ved det borgarlege ritualet.

Løysinga ligg på to plan.

Det eine er å få tilbake ei sann ekteskapslov.

Det andre er å få til eit sjølvstendig, offentleg vigselsinstitutt knytt til kyrkjesamfunna.

Det siste hastar, om ein ikkje skal gå seg inn i den villfaringa som Skaperkraft legg opp til.

skaperkraft,krfu,kjønnsnøytrale ekteskap,kristelig folkeparti,borgerlig vigsel,ekteskapslov,homofile ekteskap,johannes kleppa