KRF-KONKURRENT: Partileiar Erik Selle og De Kristne enda på 0,6 prosent oppslutning og fekk ingen mandat på Stortinget dei neste fire åra. (Foto: Dagen arkiv)

«Hotline» til Vårherre

Eg skal ikkje gå i rette med partiet sine politiske tema. Det er ei ærleg sak i demokratiet. Men deira kombinasjon med fokus på eigne saker blei beskjemma med usaklege angrep og falske skuldingar mot KrF.

Så har vi fått førs­te svar på sa­man­set­jin­ga av det nye Stor­tin­get. For­de­lin­ga mel­lom si­de­ne blei ei over­vel­dan­de over­vekt til re­gje­rings­skif­te, med eit man­dat til Miljø­par­ti­et De Grøn­ne (MDG). Det andre som vil gå inn i his­to­rie­bø­ke­ne er par­ti­et De Krist­ne (DK).

Par­ti­et gjekk høgt på banen både med å koma over sperre­gren­sa, re­gje­rings­del­ta­king og ny kurs for Norge. Eg hadde flei­re sam­ta­lar med par­ti­et sine re­pre­sen­tan­tar på stand både i Ber­gen og i andre byar. Dei mein­te seg ty­de­leg å kjen­na Guds vilje, og vi kunne berre snak­kast etter valet. Då skul­le eg få sanna deira ord. Då var dei i po­si­sjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ja, dei kom san­ne­leg i po­si­sjon, nem­leg den po­si­sjo­nen eg for­tal­de dei om: Den tyd­le­gas­te fruk­ta ville bli støt­te til mot­sett side med å svek­ka KrF. Det er liten tvil om at det er SV som gle­der seg mest over at DK fekk folk til å tru på seg.

Eg skal ikkje gå i rette med par­ti­et sine po­li­tis­ke tema. Det er ei ærleg sak i de­mo­kra­ti­et. Mykje av deira øn­skje deler vi i KrF også. Det er li­ke­vel nokre ting som eg er opp­te­ken av: Deira kom­bi­na­sjon med fokus på eigne saker blei be­skjem­ma med usak­le­ge an­grep og fals­ke skul­din­gar mot KrF.

Det var smer­te­leg å høyra om dei på­stan­dar og rykte som blei sett ut mot KrF. I same ånde­drag som dei mein­te KrF burde vel­sig­na det nye par­ti­et, auste dei ut an­kla­ger mot nett­opp KrF. For ein som fekk til­lit i KrF nett­opp fordi eg står for ty­de­leg verdi­pro­fil, var dette tungt å for­stå.

Det som li­ke­vel er det mest al­vo­le­ge som eg re­gist­rer­te om De Krist­ne i val­kam­pen, var den teo­lo­gi vi blei vitne til, og den sa­man­blan­ding av po­li­tis­ke slag­ord, for­kyn­ning, bøn og pro­pa­gan­da som vi møtte. Ut­trykt i prin­si­pi­elt språk: Opp­tre­den var kje­misk fri frå all to-re­gi­ments­lære.

Det ver­ste ek­sem­pe­let kom frå Vi­sjon Norge og det dei for­mid­la. Det blei kom­bi­nert med utru­le­ge ån­de­le­ge an­grep på KrF. Ka­na­len som seier seg å vera uav­hen­gig, opp­tråd­te verre enn nokon annan kanal med ikkje å slep­pa den an­grep­ne part til for å svara på skul­din­ga­ne. Hel­dig­vis rea­ger­te mange sunt og vende dei ryg­gen.

Eg kan ikkje la vera å undra meg over at avisa Norge Idag sin sjef­re­dak­tør ikkje mar­ker­te av­stand til denne sa­man­blan­din­ga. Eg rek­nar med at han fram­leis deler nor­ma­le vur­de­rin­gar om to re­gi­ments­læra? Er bin­din­ga til Han­vold så sterk at han ikkje våga?

I same sa­man­hen­gen må eg også få ut­tryk­ka mi und­ring over opp­tre­den til Ing­var Tor­vik. Eg skal ikkje be­brei­da han at han gjekk inn i par­ti­et, men det som over­ras­ka meg, var at han blei med på Han­vold si blan­ding av for­kyn­nar­til­lit og po­li­tisk pro­pa­gan­da. Er han ikkje redd for at det har svek­ka til­li­ten til han som rett­lei­ar i krist­ne sa­man­hen­gar?

Par­ti­et som skul­le for­nya Norge, do­mi­ne­ra i Stor­ting og re­gje­ring fekk altså 0,6 pro­sent av røys­te­ne. Eg skal ikkje be­brei­da dei 17.000 per­sona­ne som trud­de på dei. Men eg kan ikkje unngå å peika på an­sva­ret for leia­ra­ne og dei ån­de­le­ge leia­ra­ne som bruk­te Gud til å gje sym­pa­ti­sø­ra­ne to­talt urea­lis­tis­ke po­li­tis­ke føre­stil­lin­gar. Dette var rein ån­de­leg for­fø­ring.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg håpar og opp­mo­dar par­ti­et sine leia­rar til å tenka seg grun­dig om. Kvi­for ikkje gå med oss i KrF for å styr­ka kris­ten verdi­for­ank­ring i po­li­tik­ken? Men då må dei for­stå at slik sa­man­blan­ding av kris­ten­dom og po­li­tikk ønskjer vi ikkje i vårt parti. Det burde vera lær­dom­men og stra­te­gi­en fram mot 2017.

Karl Johan Hallaråker

sentralstyremedlem KrF

Les også
Hanvold blander gjerne politikk og kristendom