NYNORSK: «Flott å registrera at det vert skrive og gitt ut på nynorsk, både sakprosa, noveller, romanar, biografiar», skriver innsenderen.

Ny novellesamling frå Samlaget

Det er sjølvsagt ikkje forbode for andre forlag å gjera det same!

Boka er ei lita samling av det som undertittelen seier; nye nynorske noveller. Det kom ut ei tilsvarande bok i fjor, tittel «Ingenmannsland».

Eg forstår det slik at forlaget har som mål å gje ut ei slik kvart år. Det er gledeleg. Flott å registrera at det vert skrive og gitt ut på nynorsk, både sakprosa, noveller, romanar, biografiar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Samlaget er programforplikta til dette, og gjer ein stor innsats. Det er sjølvsagt ikkje forbode for andre forlag å gjera det same!

Anmeldt bok

Fleire forfattarar

Og alle ting vert nye

Nye nynorske noveller

Samlaget 2021, ib.; 124 sider

På ein landeveg

Dei ni novellene som er med i årets bok, var nokså ujamne. Nokre av dei gav meg lite og ingenting, til dømes «Den litle med krøllar».

På grensa til festleg opplevde eg «Stein, gras, pinnar», om desse to tenåringane som lager ugreie på ein landeveg.

«Av fjell er du komen» fekk ein brå slutt, etter min smak. Men det er sikkert meininga. Då tenkjer ein vidare sjølv.

NOVELLER: Dei ni novellene som er med i årets bok, var nokså ujamne, skriv anmeldar Paul Odland.

Far og son

Den flottaste både i stemning og i handling og reint litterært er Tore Kvæven si novelle «Ein av desse dagane».

Han skildrar ein far og son som i gamle dagar langt oppe i Sirdal einkvan staden strever for å halda liv i familien, og der guten etter kvart synest at no er det nok.

Han vil ut av dette tilværet. Men den store rypefangsten fascinerer han på den andre sida. Og i tillegg skyt dei ei reinsimle, slik at dei kan bera heim god mat i store mengder.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men det ender ikkje godt, sjølv om smilet er framme i den heilt siste setninga.