Tore & Tarjeis påskespesial

Her kan du høyra Tore & Tarjeis påskesending, der Annbjørg Barane e gjest.

Annbjørg Barane har mellom anna vore rektor ved dåverandre Kongshaug folkehøgskule og inspektør ved Bildøy Bibelskole.

– Påska betyr veldig mykje for meg. Når det gjeld truslivet mitt, så betyr jo påska alt, seier Barane (80), som framleis er aktiv som kristen formidlar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Du kan høyra episoden direkte via linken under, eller du kan gå til Spotify elleriTunes.

Barane meiner krossen er for lite framme i mykje av forkynninga i dag. Desto viktigare meiner ho det er viktig å løfte fram denne i påska.

– Men eg vil også forkynne oppstoda med stor glede. Begge deler høyrer nøye saman, seier ho.

Facebook som talarstol

Pensjonisten fortel også om korleis ho nyttar Facebook til å dele oppbyggelege tankar og bibelvers.

– Der har eg fått ein ny talarstol, ikkje til dei lange preikene, men små drypp, seier ho.

Barane fortel også om eigne påskeminne og om kva det har betydd for henne å jobbe med ungdom gjennom heile sitt yrkesaktive liv.

– Det har vore herlig å jobbe med ungdom, seier ho.

– Framleis har eg veldig lyst til å glede meg over ungdom, og gjer det, og har lyst til å forsvare når ein del av mine jamaldringar klagar på ungdomen. Då reiser eg litt bust og tek dei i forsvar.