Når Gud blir meir dommar enn far

Eg har no vist nokre sentrale døme på at Petter Olsen må ta feil når han i Bibelen ser Gud meir som ein auga-for-auga-dommar enn ein oppdragande Far som rett nok kan tukta hardt.

Petter Olsenimøtegjekk 16/2 mitt oppgjer med den objektive forsoningslæra med omsetjinga «Straffa låg på han» i Jes 53:5 (4/1, 10/1, 12/2).

Eg takkar for hans grundige språklege gjennomgang avmosarr/jasarr, og me er samde om at verset forkynner at Guds tenar målretta er påført ei liding.  Men me brukar «tukt» og «straff» ulikt; for han betyr «tukt» milde lidingar og «straff» harde lidingar, men for meg kommuniserer «tukt» ei personleg oppdraging og «straff» kun formell juss eller vondsinna handlingar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I lys av dei harde lidingane Gud påførte Job, er det feil å hevda at Gud kun påfører oss små lidingar.  Olsen får eit stort forklaringsproblem i møte med folk som må lida hardt for si tru på Jesus; kvifor slike er forbanna når forsoningslæra seier at Jesus tok all forbanninga på seg.

Her ser eg to ulike livssyn; eitt der Guds primære interesse er å halda orden i det juridiske bokhalderiet, slik at det er viktig å straffa.  Her er boda mål i seg sjølv, slik at livet på jorda kun handlar om å klara visse krav.  Og det er dette livssynet «straffa låg på han» kommuniserer.

Medan eg ser ein oppdragande Far bak ordet «tukt», og meininga med livet blir her å gå inn i Guds visjon om Guds rike som Hans forvaltarar, i lys av oppdraget i 1. Mos 1:26-30.  Guds lov i dette livssynet har dermed ei positiv meining.  Og Job 42:1-6 viser at frukta av Job sine lidingar er nytt vit om kven Gud er, og soning for synd er ikkje eingong tema i Jobs bok.

Olsen ser vekk frå Jesu sterke vekt på Gud som Far.  Jesus snakka rett nok også om Guds dom, men han sa aldri «Gud dykkar Dommar i himmelen» eller lærte oss å be til «Gud vår Dommar … lat dommarnamnet ditt haldast heilag, lat dommarriket ditt koma … » (Matt 6).

Vidare seg eg ein konflikt mellom bodet «Du skal elska nesten din som deg sjølv» og den rolla Jesus har fått i den objektive forsoningslæra.  For der er det kun snakk om at Jesus gav seg sjølv for oss; den svarar ikkje på kva glede Jesus hadde i å lida eit justismord.

Og Jesus tok oppgjer med den overflatiske juridiske moralforståinga som den objektive forsoningslæra byggjer på, då han sa nei til «auga-for-auga og tann-for-tann» -etikken. Jesu/Guds veg til forsoning er istaden kjærleik og velsigning utan å kreva noko att, Matt 5:38-48, Ordt 16:6.

Men dette opphevar ikkje dette at synda si løn er døden.  Døden er einkvar predikant overlegen i å formidla fortapinga sitt alvor, med mindre ein ikkje er vaksinert med ei gudstru som reknar døden som inngang til eit problemfritt liv på den andre sida, noko dei fleste kristne dessverre er.

Eg har no vist nokre sentrale døme på at Petter Olsen må ta feil når han i Bibelen ser Gud meir som ein auga-for-auga-dommar enn ein oppdragande Far som rett nok kan tukta hardt.  

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette gjeld òg forståinga hans av Joh 1:29, 3. Mos 16 og 2. Mos 12.  For i 1. Mos 12 står det ingenting om at påskelammet døydde istadenfor andre.  Og i «Guds lam som ber bort synda i verda» ser eg framfor alt den gode hyrdingen som set livet til for sauene, Joh 10:11.

Dessutan ser eg i lys av Matt 25:31-46 ein stor skilnad mellom moralen i geitebukkar som syndoffer på den store forsoningsdagen, og moralen i å rekna Jesus Guds lam som syndoffer. 

Nemleg den at geiter symboliserer det stolte som må reinsast vekk for å kunna bera god frukt.  I motsetnad til sauer som symboliserer det audmjuke, der lam i lys av Matt 18:1-4 symboliserer ein ekstra stor audmjukskap.