Presteutdanninga si utfordring, krise og mulegheit

Kva kjem det av at Den norske kyrkja ikkje greier å rekruttera nok unge til presteteneste? Kva gale har slike som eg, som har arbeidd i denne kyrkja i Norge og i misjonsteneste, i over 40 år, gjort?

Den norske kyrkjahar for liten tilgang på nye og ungeprestar. Samtidig flokkar ungdom seg rundt ein del nyaremenigheter, som dei nyinnlemmaHillsong-kyrkjene her til lands. Og fleire av dei sender større grupper påbibelskolar som gjerne varer både eitt, to og tre år. Svært få av desse går seinare inn i fast teneste som prest/pastor.

Kva kjem det av at Den norske kyrkja ikkje greier å rekruttera nok unge til presteteneste? Kva gale har slike som eg, som har arbeidd i denne kyrkja i Norge og i misjonsteneste, i over 40 år, gjort? Eg har hatt hatt glede av det kvar dag, og har opplevd det meiningsfullt å formidla Guds gåver og nåde inn i menneskes liv. Likevel går trenden i andre retningar. Utviklinga fører til sjølvransaking og refleksjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er i alle fall to sider ved dette: Det eine er kva vi gjer for å rekruttera til presteutdanning og -teneste. Eg er overtydd om at vi som i dag er prestar, må meir frimodig enn før direkte utfordra unge menneske. Det er gjennom andre menneske Gud kallar!

Det andre er kva innhald ei slik utdanning har. Nyleg (den 30. august i år) inviterte teologiseksjonen ved Misjonshøgskolen/VID i Stavanger til ein fagdag/refleksjonsdag omkring dette. Teologar og pastorar frå ulike samanhengar kom saman for å drøfta korleis ei framtidig teologiutdanning kan sjå ut. Av dei mange gode tankane som blei presenterte, vil eg framheva følgande:

- Basiskunnskap om Bibel og tru er grunnleggande. Utan det vil menighetsliv forvitra.

- Like viktig vil vera å knyta kunnskapsformidlinga nærare opp til prestens framtidige praksis. Det dreier seg om å integrera liv og lære; å skapa modellar der ein blir forma og ikkje bare belært.

- Studiet må også hjelpa den framtidige prest/pastor til skjøna si samtid, og til å tolka og å kunna manøvrera i det mangfaldet av impulsar som i dag omgir oss. Kall det gjerne kontekstuell teologi. Det dreier seg mellom anna om å ta menneskes livserfaringar på alvor, ikkje minst religiøse erfaringar utanfor kyrkja. I denne samanhengen blir både profetskole og spørsmål om helbredelse og dets plass i kyrkjas praksis, innspel det er verdt å reflektera over.

- Ein må læra å gi rom for eit visst mangfald når de gjeld uttrykksformer.

- I alt dette må vi ble endå meir medvitne om at vi er del av ei verdsvid kyrkje. Det er i eit globalt perspektiv vi må søka våre svar.

- Eit av dei synspunkta som eg merkte meg aller sterkast, var eit ønske om samspel og kontakt som blei uttrykt frå dei ulike kyrkjesamfunna si side. I dagens kulturelle og religiøse landskap er opne økumeniske relasjonar viktige.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ingen rask og enkel løysing på denne utfordringa. Men det som er ei utfordring kan også visa seg å bli ei opning og ein ny mulighet.