Misjon i ei tid med terror

Me må ikkje la terror skremma oss. Me må ikkje gje opp i urolege krisetider. I denne tida med terror og politiske og økonomiske omveltingar og uro, treng folk evangeliet meir enn nokon gong før!

Me har nett minnast terroren som råka Noreg for fem år sidan. 77 menneske vart brutalt drepne. Minnemarkeringane var ikkje over før me fekk meldingar om terrorhandling i München der liv gjekk tapt. Kvar einaste veke har me i den seinare tid fått meldingar om grusame terrorhandlingar omkring i verda. Me lever i ei tid med terror.

Kristne minoritetar blir ofte utsett for terrorhandlingar i mange land utan at norske media syner noka interesse om å gjera det kjend. Kyrkjebygg blir brend ned, mange kristne blir drepne, andre blir banka opp, skamslegne og jaga frå hus og heim. Me får meldingar frå mange land i Asia om auke i terrorhandlingar retta mot kristne. Folk me kjenner fortel om vald, trugsmål og terrorhandlingar som har som mål å skremma dei kristne frå å forkynna evangeliet og gjera folk til læresveinar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For nokre dagar sidan hadde me besøk av Victor John, som leiar eit stor nettverk av veksande forsamlingar i India som sidan nyttår har sett gjennomsnittleg 182 nye menneske koma til tru og bli kristne kvar einaste dag. Han fortalde om korleis dei kristne er under aukande press frå ekstreme hindugrupper som blir meir aggressive og brutale.

Alle dei indiske vennene våre seier det same. Terrorhandlingar mot kristne blir meir og meir vanleg. Nokre av vennene våre vågar ikkje lengre å ha store gudstenester for å ikkje bli utsette for vald.

Victor John sa: «Når me møter terrorhandlingar, vald og trugsmål, er det ikkje tid til å trekkja seg tilbake eller å gøyma seg. Då er det ikkje tid til å bli skremd, men tid til å vera modig og djerv, og forkynna evangeliet med endå større kraft. Evangeliet er Guds kraft til frelse og forandring. Til og med motstandarar og terroristar kan bli frelste til å leva eit nytt liv!»

Denne haldninga hans rørte ved meg og er nok ein del av forklaringa på at dette nettverket sidan nyttår har sett meir enn 36000 ta i mot Jesus Kristus som frelsar og Herre. Me må ikkje la terror skremma oss. Me må ikkje gje opp i urolege krisetider. I denne tida med terror og politiske og økonomiske omveltingar og uro, treng folk evangeliet meir enn nokon gong før!

Evangeliet skaper lys i mørke. Evangeliet gir håp og nytt liv. Evangeliet er vår trygge heim som tar imot bortkomne barn og flyktningar. Evangeliet er godt nytt for alle menneske som lengtar etter fred og forsoning.

Det har kome mange menneske til landet vårt som rømmer frå krig og terror. Lat oss møta dei med kjærleik og omtanke. Lat oss ta godt imot dei og inkludera dei i våre fellesskap.

Lat oss først og fremst gje dei evangeliet om Jesus Kristus som har overvunne hat, synd, død og grav, og som gir oss sin fred i ei uroleg tid.

Les også: