Luther - ein veldig formidlar

Det er ei veldig spennvidde i hans kommunikasjon og ei veldig kraft i framstillinga. Men heile tida vil han det same, forkynne Kristus og bidra til at evangeliet kan skine i all sin klarhet for alle menneske.

Eg skulle gjeve mykje for å ha høyrt han tala! Og likevel er det som om eg har høyrtMartin Luther – gjennom ulike skrifter og nedskrivne preiker. Han var utan tvil ein av dei størstepredikantane i kyrkja si soge. Paulus seier til galatarane at han ønskte at han kunne «omskifte si røyst» i sin kommunikasjon med dei. For den evna hadde han. Og den hadde Luther. Han kunne tala med ein mild og varsom tone, men også med ein røff og harmdirrande. Spennvidda både i talemåte og «tone» var påfallande.

I ei utlegging avBergpreika seier han at den som taler, må opne munnen sin! Folk må merka at han har noko på hjarta, og at det angår dei som høyrer! Og ingen var i tvil om kva han ville dei når Luther opna sin munn. Folk hang ved hans lepper, for dei ville ikkje mista eit einaste ord. Dei måtte høyra når han opna sin munn!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Luther samla fullt hus både i Maria-kyrkja i Wittenberg, og fleire tusen på opne sletter når han var på reise. Han hadde ikkje høgtalaranlegg som kunne støtta røysta, men han hadde ein distinksjon som gjorde at dei høyrde bodskapen likevel. Dei blei gripne, for han rørde ved kjenslene og tankane deira. Men først og fremst tala han til den einskilde sitt samvit. Han rykka dei inn framfor den allmektige, heilage Gud.

Når han underviste kunne han gjerne bruka latin, ispedd tyske ord og vendingar. Då var han belærande, gav sindig innføring i trua sine mange samanhengar. Men når han entra preikestolen i kyrkjene, tala han folkets språk. Slik at det gav gjenkjenning og oppleving av å vera med i noko stort, vera i Guds forsamling, i kamp på liv og død, men med von om siger og evig liv.

Stundom kunne det bli veldig stille når han opna munnen sin. Slik var det på Riksdagen i Worms i 1521. Det var tung skjebne i kvart ordet som kom frå hans munn: «Her står eg – og kan ikkje anna. Gud hjelpe meg! Amen».

Han kunne refse med krasse ord, vekkja dei sovande opp frå likesæle og sløvhet, belære dei tankelause – og trøysta dei som var nedbøygde og hjelpelause. Luther maste aldri på sine tilhøyrarar, og han smigra ingen. Heller ikkje framheva han seg sjølv som ein hero. Han var berre eit talerøyr, ein formidlar av Den gode gjætaren si stemme. Han meinte at evangeliet stod seg best når det blei formidla muntleg, ikkje som eit skrive ord. Evangeliet vil ut or boka og bli proklamert munnleg, sa han. «Guds hus er ikkje eit penne-hus, men eit munn-hus», sa han også.

Lucas Cranach sitt maleri i det nederste feltet på altertavla i Maria-kyrkja i Wittenberg viser oss Luther sine tankar om kva kristen forkynning skulle vera. Der står Luther på talerstolen med ei hand på Bibelen og den andre som peikar på den krossfeste Kristus. Menneske i alle aldrer står ved sida av, og alle har blikket festa på den krossfeste Kristus.

Som kommunikator bruker Luther språket maksimalt. Gjennom si Bibel-omsetjing skaper han det tyske språket. Luther-bibelen er ikkje ei ord-for-ord omsetjing, men han leitar etter ord og uttrykk som svarar til kvardagslivet, og som kan «gå heim» hos vanlege menneske. Den norske teologen Edv. Sverdrup seier det slik: «- med sin store musikalske sans greidde han å finne det som gav språket dets rette velklang. Og da han selv var en språkets mester, maktet han å finne de rette ord for de mest vekslende stemninger -.»

Luther kommuniserer på ulike plan – og til ulike grupper. Han skriv enkle traktater, folkelege forklaringer av trua (Vesle katekisme), teologiske stridsskrifter der han brøyter seg fram med brask og bram, tolking av bibelske skrifter (eksempelvis kommentar til Galatarbrevet), filosofiske skrifter (Den trælbundne viljen) – og salmar. Det er ei veldig spennvidde i hans kommunikasjon og ei veldig kraft i framstillinga. Men heile tida vil han det same, forkynne Kristus og bidra til at evangeliet kan skine i all sin klarhet for alle menneske.

Les også:

Artikkelen fortsetter under annonsen.