FRÅHALD: Fråhaldsstandpunktet vart etter kvart òg ein heilt naturleg del av mitt kristne engasjement. Seinare vart det medlemskap i Blå Kors, ein del år også i landsstyret der, og det var naturleg å finna sin plass i Stortingets avholdsgruppe dei åra eg heldt hus der, skriv Hans Olav Tungesvik.

Heller ikkje eg drikk alkohol

Det er urovekkjande at også i kristne kretsar er det stadig fleire som vél eit måtehaldsstandpunkt i staden for eit klårt fråhaldsstandpunkt.

Det var flott å lesa Vebjørn Selbekk sin leiarartikkel i Dagen laurdag 6. august. Det var eit klårt og godt grunngjeve vitnemål om kor han står i dette spørsmålet, der det ser ut til å bli meir og meir viktig at flest mogeleg av oss seier frå om kor me står.

Det er urovekkjande at også i kristne kretsar er det stadig fleire som vél eit måtehaldsstandpunkt i staden for eit klårt fråhaldsstandpunkt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For meg har det så og seia heile livet vore noko nærast sjølvsagt at eg skulle halda meg borte frå alkohol. Alt då eg var 13 år kom seinare barnehageonkel i NRK, Arne Grimstad, som realskulestyrar til heimbygda mi, Skånevik, og han såg det tydeleg som ei oppgåve å vekkja til live IOGT-losjen i bygda, som hadde vore utan aktivitet i 20 år.

Han fekk med både unge og eldre, og losjen vart ein flott samlingsplass for oss tenåringar, der me fekk prøva oss med både skodespel, sketsjar, opplesing og song. Det vart ein lærestad med god trivsel. Å gå i losjen var å gå til ein stad der me hadde det kjekt.

Fråhaldsstandpunktet vart etter kvart òg ein heilt naturleg del av mitt kristne engasjement. Seinare vart det medlemskap i Blå Kors, ein del år også i landsstyret der, og det var naturleg å finna sin plass i Stortingets avholdsgruppe dei åra eg heldt hus der. I den tida var det festleg å vera med i oppstarten av aksjonen Alkokutt.

Kva grunnar har eg så for å halda fast på fråhaldsstandpunktet livet ut?

Svaret må gjevast i fleire punkt:

1. Eg har aldri sakna verken smaken eller rusen.

2. Eg treng aldri tenkja skal/skal ikkje i samband med bil­køyring.

3. Føredømet for unge og eldre er det viktigaste grunnlaget for fråhald.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

4. Solidaritet med alle born som opplever vonde fylgjer av alkohol i heimen, er òg eit kjernepunkt.

5. Som psykiater som òg ofte har med pasientar å gjera som slit med rusproblem, ser eg det som særleg viktig å kunna visa at ein kan ha eit godt og fullverdig liv utan alkohol. Eg fortel aldri spontant til pasientar at eg er fråhaldsmann, men mange spør kor eg står, og då er det veldig greitt og trygt å ha eit klårt svar.

Mitt håp med å skriva desse orda, er at alle som les desse refleksjonane, og som ikkje alt har tatt standpunkt, får lyst til å gjera det same valet som eg har gjort.

Les også:

Les også
Derfor drikker jeg ikke alkohol
Les også
Pastor anbefaler foreldre å se Skam
Les også
Drikkepress i menigheten?
Les også
Unge ber om åpenhet rundt bruk av alkohol
Les også
Han ble narkoman av pillebruk
Les også
– Vanskelig å snakke om alkohol