DEBATT: «Ville Erna Solberg vere villig å etablere ein svak mindretalsregjering? Mitt inntrykk er i alle fall at mellom veljarane var trua svak», skriver Kjell Furnes. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Den moderate venstresida

Mitt streke inntrykk er at dersom KrF er med felle regjeringa Solberg utan ei «alvorleg» sak, vil det få store konsekvensar for partiet her på nordvest-landet.

Vår venn, Ingebrigt Sørfonn, har den 19. dm. eit tilråding om at no må KrF søkje samarbeid med «Sp og den moderate venstresida». For det første – er det ikkje på tide å få litt realisme inn i situasjonen? Kor mange var det som reiste heim frå siste landsmøte med tru på at møtet sitt vedtak om regjering var truverdig? Ville Erna Solberg vere villig å etablere ein svak mindretalsregjering? Mitt inntrykk er i alle fall at mellom veljarane var trua svak.

Men no kjem rådet om ei ny mindretalsregjering. Vil eit slikt opplegg få veljarane sin tillit? Audun Lysbakken har vel alt gitt til kjenne at han vil lage trøbbel dersom han ikkje få vere med på laget? Kven skal danne fleirtal for viktige vedtak? Det blir nok ikkje berre den «moderate venstresida».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så trekkje også Sørfonn «Frp-kortet» som det drepande argument for å gå i samarbeid med noverande regjering. Og la meg få presisere: Eg er djupt usamd i fleire av Frp sine standpunkt. Men er det Frp som er den leiande og styrande faktor i regjeringa? Er ikkje det Høgre og statsminister Solberg som har den rolla? Betyr ikkje det at Frp må legge sine mest liberale standpunkt i skuffa? Det same gjeld Venstre som lite blir nemnt. Eg trur ikkje Høgre nokon gong vil gå inn for aktiv dødshjelp. Med KrF i regjering kan vel styrken bli sterkare for å halde unna både Frp og Venstre sine ytterleggåande standpunkt?

Så har vi venstresida med Ap som den sterke og sikkert dominerande faktor. I tillegg har dei LO med i bilen som skal ha sitt. Så er spørsmålet: Vil Ap legge sin mange standpunkt som går på «livsrett og menneskeverd», der KrF er djupt usamd, i skuffa? Eg trur det vil bli vanskeleg, svært vanskeleg.

Eg nytta ein del av tida mi til å reise rundt på Sunnmøre i mi forkynnarteneste. Mitt streke inntrykk er at dersom KrF er med felle regjeringa Solberg utan ei «alvorleg» sak, vil det få store konsekvensar for partiet her på nordvest-landet.

Les også
Er KrF eit sentrumsparti etter 2. november?
Les også
Grøvan starter nå valgkamp for «tredje vei»
Les også
KrF taper i møte med venstresida
Les også
– Min farfar var en konservativ bibeltro kommunist
Les også
Trønder-Avisa: Hareide-støtte i Trøndelag