KrF og Listhaugs Frp

Vårt kjære parti har utan tvil store utfordringar framføre seg. Kanskje er regjeringsdeltaking noko av svaret? Men å svikta partiet om ein ikkje får alt som ein vil, er ikkje det som hjelper kristne verdiar i samfunnet.

Stortingsvalet sist haust har gitt mange kommentarar både i partia, i media og mellom folk flest. I kristen samanheng har særleg KrF fått gjennomgå. Det spesielle under valkampen var den stadige hakkinga på partiet frå Dagen og Norge Idag at det meste ville vore løyst om KrF hadde signalisert regjeringsdeltaking med Frp.

Lenger kan vel ikkje redaktørar koma bort frå Dagens legendariske redaktør Arthur Berg! For meg som stod mykje på stand, fekk derimot høyra at det usikre om KrF ville gå i regjering med Frp, gjorde folk usikre på om ein ville røysta på partiet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ei kjensgjerning at partiet og partileiinga hadde langt frå optimal strategi i si profilering og sine vegval. Opptreden til dåverande fylkesleiar i Hordaland var heller ikkje det store førebiletet til å løfta partiet i valkampen.

Eg synest heller ikkje - utan lenger å kjenna innsida godt nok - at profileringa så langt i denne perioden vitnar om den store politiske løysinga som veljarane synest å applaudera. Vårt kjære parti har utan tvil store utfordringar framføre seg. Kanskje er regjeringsdeltaking noko av svaret?

Men å svikta partiet om ein ikkje får alt som ein vil, er ikkje det som hjelper kristne verdiar i samfunnet. For meg er det klart at sjølv om landskapet er mykje meir utfordrande på begge sider av den gamle høgre-venstre skalaen, så er KrF sine røter og ideologi forankra på kristen demokratiskikkje-sosialistisk grunn.

Anna val er politisk sjølmord, spør ein meg. Men regjeringsdeltaking for eit kristent verdiparti er sanneleg heller ikkje enkelt på denne sida med to liberalistiske parti som Frp og V, samtidig som liberalistane også er på frammarsj i Høgre slik landsmøtet nyleg diverre stadfestar.

Det KrF treng meir enn noko anna er fokus på sentrale saker for folket og sine potensielle veljarar med tydelege politiske personlegdommar og profilar i ulik alder med autoritet både i Stortinget og ute blant folket.

Når eg nå skriv denne vesle kommentaren, er artikkelen frå Bjarte Ystebø i Norge Idag som er sitert nyleg i Dagen om Frp sin representant Sylvi Listhaug, den eigentlege orsaka. Ho burde vera KrFs næraste samarbeidspartnar - for ho står jo får dei beste vestlandske verdikonservative politiske verdiane, er Ystebø sin utrulege påstand.

For meg er det ein feilaktig og forførande påstand. Gå tilbake til valkampen sist haust. Sylvi Listhaug og KrFs Kjell Ingolf Ropstad deltok i ein debatt i Salem i Bergen. Ropstad forsvarte alle KrFs verdikonservative verdiar. Listhaug forsvarte alle liberalistiske Frp verdiar innan bioteknologi, oppheving av sexkjøplova, og søndagsopne butikkar m.m.

Kva opplevde vi i dei bergenske kristne avisene frå debatten? Jo, både Selbekk og Ystebø var framleis opptekne av at KrF måtte gå i regjering med liberalistane i Frp. Knapt ein setning som utfordra Listhaug og dei liberalistiske verdiane! Etter valet har Listhaug også forsvart samkjønna ekteskapslov. Legg merke til argumentasjonen - eg har jo følgt med i tida.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Grunngjevinga avslører at Listhaug har inga verdikonservativ prinsipiell grunngjeving, berre kanskje litt tidshistorisk konservatisme. Kort sagt - dette er langt frå vestlandsk verdikonservativ arv. Listhaug står derimot for dei verdiane som fremjer ulikskap og sorteringssamfunnet.

Eg har prøvd å følgja med i norsk politikk frå eg var ganske ung inklusive Frp si utvikling. Prinsipiell verdikonservativ grunngjeving trur eg ein må leita langt etter i det partiet. Listhaug blir nevnt som verdikonservativ i familiepolitikken. Skulle gjerne sett dokumentasjonen.

Det mest sentrale i hennar familiepolitikk er kampen mot familiegjenforeining for våre nye landsmenn. Vel, innvandringspolitikken har mange utfordringar. Men dersom familiepolitikk er i førarsetet, er det vel andre sider som bør vurderast enn å hindra at familiar får leva saman og forma si framtid saman.

Det hadde vore å håpa at kristne aviser som innbiller folk at dei står for kristne verdikonservative standpunkt, meir set fokus på kva dette innebærer enn den stadige hakkinga på det einaste partiet som står for slike verdiar.

Leflinga med liberalistane er ikkje den medisinen vi treng. KrF og dei verkeleg verdikonservative i Høgre (og Sp) burde vera desse avisene sine beste allierte! Skal KrF snart gå i regjering, er det trass i og ikkje på grunn av Frp og Listhaug.