Kor mykje er du verd?

Menneskeverdet er vår viktigaste motgift mot eit kaldt og «effektivt» samfunn, der me alle til slutt må kjempa for å visa vår verdi.

Det går for tida ein debatt i ulike fora om menneskeverdet. Bakgrunnen er stadig nye metodar for å sortera bort menneske med eigenskapar me som samfunn ikkje ønskjer eller som me tenker gjer livet mindre verd å leva.

Og er dei enkelte eksempla bekymringsfulle, så er den påfølgjande debatten tidvis direkte rystande. Det har både blitt hevda i klar tekst at eit liv med Downs syndrom ikkje er verd å leva og at menneskeverdet er eit oppkonstruert begrep.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Heldigvis har mange reagert og teke til ords for menneskeverdet. Og debatten har så langt vist at det no er avgjerande å mobilisera for menneskeverdet. I tidlegare tider handla kampen om at flest mogeleg skulle leva opp og få det best mogeleg.

Er denne målsetjinga no i ferd med å bli erstatta av at kampen gjeld dei som lever «verdige» og kanskje helst også produktive liv?

Skal me sortera bort alt som majoriteten vurderer som avvik og i tillegg tilby dødshjelp til dei som sjølve vurderer sine liv som uverdige eller for kostbare for samfunnet? Er det vegen til eit meir perfekt samfunn?

Menneskeverdet kan ikkje vera avhengig av eit politisk fleirtal. Det er tvert om ein grunnleggjande verdi som alle menneske har og som skil eit varmt og inkluderande samfunn frå eit kaldt og «effektivt» samfunn, der me alle til slutt må kjempa for å visa vår verdi.

For dersom me skal fortsetja å sortera menneske, på jakt etter det perfekte, vil me vel til slutt alle vera i fare? Og kva skal hindra at me endar der, om me ikkje no etter kvart set ned nokre merkesteinar som kan visa veg?

Og menneskeverdet, sjølve tanken om at alle menneske er like mykje verd, det er ein av dei viktigaste merkesteinane me då treng!

Menneskeverdet er grunnleggjande og kan ikkje vedtakast, verken av politikarar, juristar eller filosofar. Derimot er menneskeverdet avhengig av at me alle deler den haldninga at alle menneske er like mykje verd.

Me har tidlegare i historia trødd nokså stygt utanfor denne merka stien. La oss ikkje gjenta det!