Gode gjerningar reddar verda

Bjørnsons program om dei gode gjerningane som reddar verda, eller Strand Harboes ord om å bruka hjartet, står i skarp kontrast til dei kyniske orda om «godhetstyranni» som «rir Norge som en mare».

Korleis møter me menneske på flukt, me som bur i Bjørnstjerne Bjørnsons og Fridtjof Nansens land?

Ikkje sidan Andre verdskrigen har så mange menneske flykta frå eigne heimland som i dag. Katastrofebilete brenn seg fast: Hugsar du biletet av den vesle, drukna syriske guten som dreiv i land på ei strand i Middelhavet?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dagleg ser og høyrer me reportasjar i media om krig, naud og elende. Me blir minna på kva slags helvete flyktningar frå Syria og andre delar av Midtausten opplever. Mange kjem i små gummibåtar over havet frå Tyrkia til greske øyar, set livet på spel og drøymer om å koma seg vidare, kanskje til Tyskland, Sverige eller Noreg.

LES:Å ile langsomt

Og mange, ja, svært mange av flyktningane og asylsøkjarane som kjem, treng vern. Kvar er du og eg i dette biletet?

Eg hugsar omtalen av Bjørnstjerne Bjørnson på dødsleiet i Paris i 1910, som forfattaren Inge Eidsvåg skriv så tankevekkande om: Ein dag fekk Bjørnson lese høgt opp for seg ei avisnotis om fattige, polske arbeidarkvinner. Dei hadde starta ein innsamlingsaksjon til kollegaer som var endå verre stilte enn dei sjølve. Bjørnson vart oppglødd; han ville skriva eit dikt til dei! Dei måtte takkast! Men han rakk ikkje meir enn overskrifta før handa datt ned. På papiret stod: «De gode gjerninger redder verden. Tilegnet de polske fabrikpiger.»

Desse orda var ei helsing og eit program fylt av praktisk fornuft og nøktern optimisme. Bjørnson sa ikkje at det er dei store gjerningane som reddar verda, nei, det er dei gode.

Og gode gjerningar kan me kanskje alle utføra?

Til alle tider har me menneske vore opptekne av kva det vil seia å vera, ja, nettopp, menneske. Jesus tala om nestekjærleik, Einar Gerhardsen om solidaritet. Filosofen Knut Løgstrup hevdar at å vera menneske, det er å vera avhengig av andre: Ein viser omsorg, og er sjølv avhengig av omsorg.

Møte med framande menneske, frå andre kulturar, med andre språk og skikkar, kanskje andre religionar med, som har andre røynsler, er alltid spennande og lærerikt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eit døme på gode integreringstiltak er engasjementet til KIA (Kristent Interkulturelt Arbeid). KIA er ein landsdekkande organisasjonen, med lokale avleggjarar, og er Noregs største på innvandrarfeltet. Dette er ein sjølvstendig økumenisk og diakonal organisasjon som møter alle menneske med likeverd, omsorg og venskap. KIA er ein viktig møteplass for innvandrarar og etniske nordmenn. I Ål, der eg bur, gjer Bente Sletten og Johanne Marie Jordet, eit imponerande arbeid i KIA.

For eit par år sidan gjesta salmediktaren og lyrikaren Heidi Strand Harboe Hallingdal og Ål kyrkjeakademi. Alle som var til stades, vil hugsa dette møtet. No har Strand Harboe opna opp nye dører for oss, med nye dikt:

– Me har ei verd å dela. Me må tenkja meir med hjartet, Me må våga å bruka hjartet i møte med menneske og utfordringar. Av og til må ein la kjenslene styra kva ein tenkjer på som rett, i staden for alltid å vera så analytisk, seier ho i eit avisintervju.

LES OGSÅ:Unge som lengter etter voksne

Eitt av dei nye dikta hennar lyder slik: «Ta heller med deg hjartet ditt/Pakk livet rundt deg,/gå ut og ver ein forskjell./Opna dørene mot byen,/slå gjerne krossmerket/på panna og brystet ditt./Legg navlen og nasetippen/forsiktig til sides./Ta heller med deg hjartet ditt,/det såre og det varme,/ikkje tenk for mykje,/bare ta det med./Tenn gjerne eit lys/for alt du ikkje har ord for,/for alt du ikkje sa./Ta gjerne på deg ullsokkane/det kan koma godt med.»

Heidi Strand Harboe ynskjer å gje menneske tillit og varme. Tillit er ei undervurdert kraft. – Det er lett å vera oppteken av å vera for forsiktig, og å sikra seg på alle kantar, meiner ho.

Gjestfridom, tillit og openheit er nøklar til å forstå oss sjølve og andre, utan at me av den grunn skal vera naive.

Bjørnsons program om dei gode gjerningane som reddar verda, eller Strand Harboes ord om å bruka hjartet, står i skarp kontrast til dei kyniske orda om «godhetstyranni» som «rir Norge som en mare», som ein av våre topp-politikarar retorisk påstår.