TILLIT: «Norsk forsking viser at foreldre har stor tillit til dei pedagogiske samfunnsinstitusjonane, og det gjeld både barnehage og skule. KrF meine at det har dei god grunn til, men det kan også føre til at foreldre ønske å overlate fleire av oppsedingsoppgåvene til desse», skriv Anne Kristin Bruns.

Foreldre + skule = sant!

Hovedpoenget med det dei gjorde var at foreldra blei meir involverte og det blei arbeidt med eit tettare samarbeid med heim og skule.

Det ringe heime hos oss. Det er læraren til eit av borna mine. Ho ville skryte av guten min og det han hadde gjort i klasserommet den siste tida. Han hadde sett ein annan elev som hadde streva litt og gjort oppgåvene sine på ein god måte. Eg måtte berre takke for at ho tok seg bryet med å ta den telefonen.

På sist kommunalstyret for oppvekst drøfta vi kvalitetsmeldinga for stavangerskulen 2018. For KrF er stavangerskulen ein skule som er solid og har høg kvalitet. Resultata er gode. Elevane trivest. Foreldra er nøgde. Det er gode resultat på ulike fagfelt. Denne kvaliteten er eit godt teikn på at det blir jobba godt i skulen på alle nivå.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Barn og unge er i dag meir på skulen enn før. Dette er mellom anna på grunn av SFO -ordninga og fordi nesten alle går på vidaregåande skule. Gjennom at born og unge er lengre på skulen har skulen sin påverknad på born og ungdom auka. Dette inneberer at samarbeidet med foreldre er viktigare enn nokon gong.

KrF har ved fleire høve peika på viktigheit av heim-skule-samarbeidet og meiner at det må styrkast, både i det førebyggande arbeidet med mobbing, klassemiljøet og læring i skulen. Vi veit og at eit godt heim-skule samarbeid kan ha ein førebyggande effekt på negativ åtferd mellom elevane på skulen ved at foreldra kjenner kvarandre og har lettare for å kontakte kvarandre om det oppstår ulike situasjonar i forbindelse med skulekvardagen. Forskarane Nordahl og Drugeli (2012) seier i ein artikkel frå utdanningsdirektoratet at samarbeidet mellom heim og skule må bere preg av felles mål, gjensidig forplikting og medverknad.

Nyleg var eg på Island og fekk sjå og høyre om Islandsmodellen. Utfordringane på Island var store med alkoholbruk blant ungdomar. Fleire rapportar hadde vist ein negativ tendens og i 1997 viste den at heile 48 prosent av 10. klassingar hadde drukke alkohol dei siste 30 dagane. Dette var så alarmerande at ulike fagmiljø sette seg saman for å finne ut korleis dei skulle jobbe saman for å førebygge og redusere denne negative utviklinga. I 2007 var alkoholbruken i den same aldersgruppa redusert til under 20 prosent.

Hovedpoenget med det dei gjorde var at foreldra blei meir involverte og det blei arbeidt med eit tettare samarbeid med heim og skule. Foreldra blei oppfordra til å bruke meir tid med borna sine, ikkje berre kvalitet, men og kvantitetstid. Det vart ei politisk satsing på fritidsaktiviteter ved at kommunar og stat gav alle foreldre ein fast sum per barn dei kunne bruke på fritidsaktivitetar og det blei innført felles innetider for aldersbestemte grupper. Erfaringane frå Island er at når fleire av foreldre er aktive, har det positiv innverknad på mange nivå også på klassemiljøet. Den positive innverknaden er også overfor dei elevane der foreldra ikkje er så deltakande. Det blei skapt ei forventning og ein kultur som hadde innverknad på heile samfunnet. Den viktige læringa var at det må lagast gode system og det må vere ein vilje frå alle instansar for å få dette til. Det gjeld frå skulen sin administrasjon og lærarane si side, frå foreldra og frå politisk hald. Samarbeid er nøkkelen. Samtidig har dei brukt ungdomsundersøkinga og forsking aktivt.

Norsk forsking viser at foreldre har stor tillit til dei pedagogiske samfunnsinstitusjonane, og det gjeld både barnehage og skule. KrF meine at det har dei god grunn til, men det kan også føre til at foreldre ønske å overlate fleire av oppsedingsoppgåvene til desse. I ein travel kvardag for familien kan dette bli ein naturleg konsekvens.

Dei pågåande diskusjonane om frukt på skulen, leksehjelp og lengre skuledagar kan mellom anna bli sett i lys av dette. For å engasjere seg i heim-skule-samarbeidet må foreldra erfare at deira involvering har nokon positiv påverknad for barnet deira. Foreldre kan ha ei anna oppfatning av heim-skule-samarbeidet, både på bakgrunn av eiga skuleerfaring eller at skulen ikkje viser interesse eller ikkje tek kontakt utanom når det er negative kommunikasjon.

Nokre foreldre vil ha mindre energi og kompetanse til sjølv å ta initiativ til ein samarbeidsrelasjon, og då treng vi at skulen er på «ballen». På den andre sida har foreldreengasjementet i heimen vist seg å ha stor innverknad på læringsprosessane, særleg for dei yngste borna, eksepelvis gjennom å lese for barna, hjelpe med lekser, snakke positivt om skulen o.s.v.

Både norsk og internasjonal forsking viser at eit godt samarbeid mellom heim og skule, der også foreldre har ei aktiv rolle, har betydning for barn og unge på ei rekke områder. Og det viser også at det ikkje berre er elevane som nyter godt av dette. Foreldra sjølve seier at auka samarbeid gjer at dei er meir positive til skule og utdanning.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

KrF vil sjå meir av foreldreinvolveringa i heim-skule-samarbeidet. Vi vil at dette blir sett i eit endå betre system, gjerne med inspirasjon frå Islandsmodellen. Den vise med styrke at samarbeid på tvers er ein nøkkelfaktor.

Så tilbake til starten av innlegget mitt. Dei gode orda frå læraren gjorde godt. Det tok ikkje lang tid, men du verda kor godt det gjorde. Eg kjende at vi er på same lag.

Les også
Legger frem rystende funn om mobbing
Les også
KrFs søsterparti kan bli storebror
Les også
Amanda (15) vil bli styrmann
Les også
La barna lære å være frie med stolthet
Les også
Spiller dataspill på bibelskolen
Les også
Knus barrierer til høyere utdanning