HOLOCAUST: Overlevande born fotografert i konsentrasjonsleiren Auschwitz i 1945. – Historia bør vera ein augeopnar for oss alle. For antisemittismen er dessverre på frammarsj i Europa og USA, skriv Birger Bolstad.  Foto: AP Photo / NTB scanpix

Det angår også deg

onsdag 5. desember 2018

Samfunn

Diktaren Arne Garborg skriv: «Svar vert gløymde og Svar seg lagar, Spursmåli brenn i alle Dagar.»

Visse spørsmål blir eg aldri ferdig med. Sivilisasjonssamanbrotet i Europa på 1900-talet, nazi-Tyskland og Holocaust (også det norske!) er tema der spørsmåla brenn. Korleis kunne ein kulturnasjon som Tyskland enda opp i barbariet? Korleis kunne folkemordet på seks millionar jødar vera mogeleg? Kvifor ser me ein aukande antisemittisme i ­Europa i dag?

Journalisten og forfattaren Marte Michelet fekk i 2014 Brageprisen for boka «Den største forbrytelsen», om det norske Holocaust. No i haust har ho gjeve ut ei ny bok, «Hva visste hjemmefronten? Holocaust i Norge, varslene, unnvikelsene, hemmeligholdet.»

Jødeforfølginga i Noreg er kanskje den mørkaste hendinga i krigshistoria vår. 773 norske jødar vart deporterte til Auschwitz, dei fleste med skipet Donau 26. november 1942, dei siste med D/S Gotenland noko seinare. Kvifor hjelpte ikkje den norske motstandsrørsla?

Forklaringar har vore at motstandsrørsla ikkje rakk å hjelpa fordi aksjonen kom brått og overraskande, og at jødane ikkje ville flykta då dei vart varsla.

Men Marte Michelet stiller grunnleggjande spørsmål til desse forklaringane. Ho meiner at heimefronten svikta jødane.

Svikta verkeleg heime­fronten?

Sjølvsagt har ho fått kraftig motbør i dette synet, til dømes har historikarar hevda at kjeldebruken hennar er svært selektiv og spissa.

Sjølvsagt kan me ikkje sitja i 2018 og tru at tankegangen i mellomkrigstid og krigstid var som i dag. Kva visste heimefronten og andre eigentleg, og kven i heimefronten visste?

Me må hugsa på at jødehatet var sterkt både før og under krigen. Ja, historikaren Odd Bjørn Fure har til dømes hevda at antisemittismen truleg var større utanfor enn innan Nasjonal Samling, Vidkun Quislings eige parti.

Desse – og mange andre vanskelege problemstillingar – må fram i lyset.

Det er mange sider ved Holocaust-historia eg undrar meg over. Det gjeld for eksempel Wannsee-konferansen 20. januar 1942 i ein villa i Am grossen Wannsee i Berlin. Her møtte 15 representantar for tyske regjeringsdepartement og nazipartiet; dei skulle planleggja den «endelege, fullstendige løysing av jødespørsmålet».

Målet var å utrydda heile 11 millionar jødar.

Her møtte ikkje storbiksane som Adolf Hitler, Hermann Gøring eller Heinrich Himmler, men ein elite av funksjonærar i det nasjonalsosialistiske regimet, for eksempel Adolf Eichmann og Reinhard Heydrich.

Dei fleste her hadde universitetsutdanning, ja, ein tredel av dei hadde faktisk doktorgrad; antisemittismen hadde dei fått med seg frå dei akademiske miljøa.

Krigshistorikaren Antony Beevor hevdar at det er utenkeleg at dei som møtte, ville ha konkludert som dei gjorde, i ei så viktig sak, om alt ikkje var avklara med dei leiande nazitoppane på førehand.

Det eksisterer faktisk eit referat frå møtet; nazistane rakk ikkje å øydeleggja alle kjeldene som dei prøvde på då krigen nærma seg slutten. Referatet gjer den 90 minutt lange Wannsee-konferansen ekstra interessant. I følgje historikarar er dette den viktigaste kjelda ein har til innsikt i det omfattande programmet for jødeutryddinga.

Møtereferatet viser at ingen av konferansedeltakarane hadde innvendingar mot «den endelege løysinga».

Wannsee-møtet hadde stor betydning for å samordna prosessen med å deportera og utrydda jødar frå heile Europa.

Me frys på ryggen når me les om Wannsee.

Men det er viktig at forteljingane om krigen blir omtala og utvida, at historia blir skriven på nytt, at grunnleggjande spørsmål blir stilt om att og om att, om det så gjeld den norske heimefronten eller Wannsee-konferansen eller andre hendingar. Holocaust – den me også hadde i Noreg – må ikkje gøymast bort.

Historia bør vera ein augeopnar for oss alle. For antisemittismen er dessverre på frammarsj i Europa og USA. Den farlege nasjonalismen grip om seg. Migrasjon og flyktningstraumar i verda er store, og dei skaper vanskelege debattar her heime. For kva med asylsøkjarar som har reelle behov for vern mot undertrykking og forfølging – gløymer med dei?

Den kjente historikaren Ian Kershaw har skrive: «Vegen til Auschwitz vart bygd av hat, men brulagt med likesæle.»

Betre innsikt i fortida kan hjelpa oss til å ta betre avgjerder i dag. Også derfor bør undervisning om Andre verdskrigen og Holocaust vera obligatoriske tema i skulen.