Mi reise i vondskapen sitt rike

Då eg skjønte at merka på veggen var kloremerke frå menneske som fortvilte prøvde å komme seg ut fordi dei skjønte at de skulle bli gassa i hel, forstod eg alvoret i det som har skjedd her. For ei veke sidan reiste eg og klassa mi til Krakow i Polen.

--------

Eg fekk mange sterke inntrykk og lærte mykje om andre verdskrig der. Det var ei viktig oppleving for meg å besøke konsentrasjonsleirane der, og eg synast det er viktig at andre besøker dei og.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er viktig å sjå det for å tru på at nokon har gjort noko så forferdelig, slik at vi ikkje gjer det igjen. Som Arnulf Øverland skreiv i 1937 «Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer dig selv!»

Auschwitz og Birkenau var leirar der uønskte grupper blei sendt for å arbeide, bli torturert eller utrydda. Dei bestod av vitskapsmenn, homofile, psykisk og fysisk utviklingshemma, sigøynarar og framfor alt jødar.

Nokre av fangane fekk leve litt lengre enn dei andre. Det var dei som kunne gjere nytte for seg og arbeide for nazistane. Desse vart sendt til Auschwitz 1, som var ein arbeidsleir. 75 prosent av dei som kom dit var ikkje så «heldige».

Dette var særleg barn, eldre og sjuke, som vart sendt direkte til Birkenau og som mista sine liv i gasskammera. Dei som blei sendt til arbeidsleiren Auschwitz måtte arbeide til dei døydde av svolt, sjukdommar, mishandling, psykisk tortur eller til dei vart avretta.

Dei fleste døyde innan tre månader etter dei hadde kome til leiren. Difor er det vanskeleg å seie i kva for ein av leirane det var verst å vere.

For ein som er ungdom i 2017 er det vanskeleg å forstå at nokon kunne behandle grupper av menneske slik som nazistane gjorde. For Hitler og hans partivenar stod den ariske rasen øvst i pyramiden.

Jødane derimot, var sett på som minst verdt av alle. Dette resulterte i at over seks millionar jødar daude i andre verdskrig. Vondskapen som hadde vist seg i begge verdskrigane, fekk leiarane i verda til å gå saman for å forhindre at noko liknande skulle skje igjen.

Derfor har vi idag FN sin erklæring om menneskerettane. Desse har vore ein viktig rettesnor for fredsarbeid i verda dei siste 70 åra. Menneskerettane seier at alle menneske er like mykje verdt, uavhengig av rase, kjønn, seksuell legning, fysisk eller psykisk helse, religion eller politisk ståstad. Eg trur fokuset på desse rettane vil vere stadig viktigare i åra som kjem.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den spanske filosofen George Santayana er kjent for sitt sitat «Dei som ikkje kan hugse historia er dømt til å gjenta den». Dette står i dag skrevet på ein plakat inne i Auschwitz. Eg trur det er mykje sant i dette.

Dei fleste som opplevde andre verdskrig er no døde og stadig fleire seier at utreinskinga av jødar ikkje har skjedd. Idag blir jødar på nytt forfølgt i Europa, til dømes i Frankrike og Russland.

I vårt eige land er det to ting som har skremt meg i det siste. Det fyrste er at norske ungdommar har begynt å bruke ordet «jøde» som eit skjellsord igjen, og det andre er det faktum at nynazistar har begynt å marsjere i norske gater igjen.

Eg har også sett mykje rasisme i kommentarfelt på nettet dei siste åra. Desse eksempla viser at mange ikkje har lært av historia, akkurat slik som Santayana sa.

Vi har ikkje lov til å gløyme menneske sin uendelige verdi. Arnulf Øverland sa dette på ein veldig sterk måte i diktet sitt «Du må ikke sove»: «Jeg roper med siste pust av min stemme: Du har ikke lov til å gå der og glemme!»

Eg meiner at det er utruleg viktig at stadig nye generasjonar får besøke konsentrasjonsleirane i Polen og Tyskland for å verkelig kunne forstå konsekvensane av ideologien om ulike raser og gradering av menneskeverd.

Eg håper at ungdomsskular vil fortsette å sende klassar til dødsleirane. For min eigen del vil eg aldri gløyme mi reise i vondskapen sitt rike.