Ein samfunnsetisk kreftsvulst?

Kva kan vi gjere for å motvirke ei slik utvikling?

I 2015 vart det markert at Tyskland tapte krigen mot dei europeiske hærmaktene. Frå dette nederlaget vart det rulla opp ei tragedie som vel dei fleste ikkje ville tru kunne vere sant. Ca. seks millionar jødar, derav 1,5 millionar barn, hadde blitt teken av dage med gass og andre torturtiltak. Eit folkemord utan sidestykke.

Men så var vel dette eit eingongsfenomen, som for alltid ville skape avsky og fordøming over den ganske verd. Ja, slik tenkte dei fleste, men einskilde var ikkje heilt roleg for framtida. Forfattaren Sigurd Hoel skreiv slik frå Sverige like for det tyske samanbrotet i 1945:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Om Nazi-Tyskland blir slått på alle fronter, om alle nazi-lederne tar livet av seg eller blir hengt, om Tyskland blir okkupert og landets krigsmaskinindustri nedlagt, om alle de okkuperte landene får sin frihet igjen, men anti-semittismen seirer, slik at den blir verdensomspennende, slik at den som en gift smyger seg inn i alle lands anskuelse, da har nazismen likevel seiret. Anti-semittisme er som et frø som innholder alle nazismens kromosomer.»

Det er mykje som taler for at Sigurd Hoel sin frykt er i ferd med å slå til. Tidligare var det silk at anti-semittisme var eit fenomen som gjorde seg gjeldande i dei meir totalitære regimer og i fundamentalistiske islamske miljø. No har dette endra seg radikalt. Det går nærmast som ein farsott over den ganske verden. Og vårt kjære Norge er ikkje skjerma for dette fenomenet.

Utrykket anti-semittisme er ikkje av gamal dato. Det kom til i slutten av det attende århundre. Det har vore hevda at uttrykket kom til for at ordet «jødehat» var for avslørande. Men om uttrykket ikkje er gamalt, så er åndsmakta som ligg bak gamal, grotesk og avslørande. Ånda finn du hos agagitten Haman som foreslo for kong Ahasverus at jødane burde utryddast. (for 2100 år sidan) Men det har skjedd mykje grufullt frå Haman til Hamas for jødane.

Det var vel journalisten Wilhelm Marr i Hamburg som først anvende uttrykket anti-semittisme. Assimileringsaksjonen, der jødane skulle utslettast ved inngifting i andre etniske folk på 1860-talet slo feil. Så vart dette bytta ut med anti-semittisske angrep av grovaste slag.

Ei finanskrise i Tyskland i 1873, der også nokre jødar var innblanda, løyste ut ei bølge av jødeforfølgjing. I 1873 kom Wilhelm Marr ut med si bok «Den jødiske seieren over tyskerne.» Seks år seinare kom den ut i tolvte opplag. Noko seinare vart seksten personar valgt inn i det tyske parlament takka vere sine anti-semittistiske program.

Fleire kjende personar fylgde opp Marr si linje. Vi kan nemne den tyske komponisten Richard Wagner og forfattaren Fridrich Nietzsche. Tysk parlamentarisk jord var godt preparert med anti-semittistisk idelogi då Adolf Hitler steig inn på arenaen. Historikaren Conor Cruise O`Brien skriv at: «Hitler behøvde ikke å lære seg anti-semittisme fra Nietzsche, den fantes i luften omkring ham.»

Av ein eller annan grunn har det gjennom tidene levd ei anti-semmittistisk haldning i den russiske folkesjela. Med visse mellomrom har den kome til overflata. Såleis på slutten av det attende århundre då den russiske kyrkja, av alle, hadde sitt forslag for korleis «jødeproblemet» i landet skulle løysast. Forslaget gjekk ut på at: Ein tredjedel skulle utvisast – ein tredjedel skulle tvangsdøypast inn i kyrkja – og ein tredjedel skulle drepast.

Forslaget vart godt motteke av styresmaktene. Då Sovjet tapte krigen mot Japan i 1905 fekk jødane skulda, og fleire hundre tusen jødar vart nedslakta. Etter 1948, då utenriksminister Gromyko hadde røysta for at gamle Jødeland skulle delast mellom palestina-arabarane og jødane, sette Stalin i gong ei utrensking av intellektuelle jødar i Sovjet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg siterte forfattaren Sigurd Hoel ovanfor. I eit brev dagsett 23. des. 1998 skreiv Gennadij Ziuganov, leiarane av kommunistpartiet, mellom anna fylgjande: «Sionismen er en blodsbror av fascismen.

Den eneste forskjellen er at den hitlerske nazismen opptrådte åpent under dekke av tysk nasjonalisme for å underkaste seg verden, opptrer sionismen i det skjulte bak den jødiske nasjonalismens maske og utnytter andres hender.»

Han skriv vidare at: «...sioniseringen av makten i Russland har vært en av grunnene til dets nåværende katastorfale forhold, den massive fattigdommen og utslettelse av Russlands folk.»

Korleis då med vårt kjære fedreland i ei slik sak? Avdøde odelstingspresidentKåre Kristiansen skreiv mellom anna slik i forordet til boka «Jødehat på norsk»: «I dag griner igjen jødehatets motbydelige ansikt mot oss» Og lenger nede: «Men her hos oss er da situasjonen en helt annen og mer positiv, vil mange hevde. Dessverre er dette en sannhet med sterke forbehold. Også i vårt land brer jødehatets kreftsykdom seg.»

Den vakne nordmann må berre konstatere at sidan dette vart skrive (2001) har «kreftsykdomen» eskalert. Kva kan vi gjere for å motvirke ei slik utvikling? Jau, vi kan mellom anna stå opp og arbeide for at det «anti-semittiske frø», som Sigurd Hoel kalla det, ikkje skal få slå rot i den norske folkesjela.

Eg merker meg at regjeringa til hausten vil legge fram ein handlingsplan mot antisemittisme. Må dei berre lukkast.