Uakseptabelt i ny lov

I ein rammelov skal berre det aller mest nødvendige stå, og i alle høve ikkje slikt som grip inn i kyrkja sitt indre sjølvstyre.

Forslaget til ny lov om trus- og livssynssamfunn(trossamfunnsloven) er til høyring. Det er berre to veker att til fristen er ute, så no gjeld det for kristne frikyrkjer, andre trus- og livssynssamfunn, som Human-Etisk Forbund, ulike samarbeidsorgan kyrkjene imellom etc. å nytta den laglege tid:

Sei nei til lov­utkastet sitt framlegg om at «kirkelige valg holdes samtidig med, og i lokaler i umiddelbar nærhet av, offentlige valg» (§ 11 i ­utkastet).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg har éin formell og to saklege kommentarar til kvifor dette er uakseptabelt. Den formelle går på at det som er sitert ovanfor er usynleggjort i dei spørsmåla høyringsinstansane blir bedne om å ta stilling til.

Det vil seia: Dei blir ikkje bedne om å kommentera det i det heile. Tvert om, etter desse spørsmåla å døma synest saka å stilla seg motsett. For der heiter det (pkt. 19): «Det skal overlates til Kirkemøtet å fastsette nærmere bestemmelser om kirkens organisering, kirkelig inndeling, kirkelige organer og valg til disse».

Det er på side 80–81 at vi finn den motsette konklusjonen, og det er den som vert føreslegen skriven inn i loven.

Min fyrste kommentar til sjølve saka er at den nye loven er einrammelov. Den skal mellom anna erstatta den omfattande kyrkje­loven, og ta på alvor at det no er ein ny relasjon mellom stat og kyrkje.

I ein rammelov skal berre det aller mest nødvendige stå, og i alle høve ikkje slikt som grip inn i kyrkja sitt indre sjølvstyre. Det erpolitiske signal om offentleg kontroll og ynskje om «demokrati» departementet her føl opp. Folkekyrkja skal sikrast som folket si kyrkje.

Den andre kommentaren er at departementet, som elles i dokumentet presiserer at dei no vil gjennomføra det såkalla Stålsett-utvalet sine forslag om «det livssynsåpne samfunn» i ein heilskapleg trus- og livssynspolitikk, ikkje med eitt ord seier at på dette punktet bryt ein med eisamrøystes innstilling frå dette utvalet.

På side 136 (i NOU 2013:1) heiter det at ein ikkje kan forby kyrkja (eller andre) å halda val samstundes med det politiske vala. «Men utvalget vil på prinsipielt grunnlag konkludere med at det for framtiden ikke bør legges opp til at valg i Den norske kirke, eller noe annet tros- og livssynssamfunn, kobles sammen med de offentlige valgene, verken i form av samlokalisering eller felles tilrette­legging og presentasjon.»

Sjå, det kallar eg ei rett forståing av saka. Men departementet går motsett veg: Rammeloven set grenser for kva kyrkja sjølv kan vedta, og gjer spørsmålet om val til ei så overordna og prinsipielt viktig sak at ikkje ein gong Kyrkjemøtet kan endra på det, når kyrkja si eiga forfatning snart skal lagast.