Hege Storhaug og islamkritikk

At Storhaug har kome med nokre dårlege forslag til måtar å stoppa Medina-islam på, er dumt. Ein skal likevel vera varsam med å argumentera for sterkt med religionsfridom i denne samanhengen, og samanlikna med stillinga for kristendommen i muslimske land.

Hege Storhaug har lenge vore ein sterk kritikar av islam, og etter at ho i haust gav ut bestselgaren «Islam. Den 11. landeplage», har det storma rundt henne. Eg har no lese boka, og eg kan ikkje sjå at det er nokon grunn til å hissa seg opp over henne – tvert imot. Det er eit faktabasert vekkarrop inn i dagens aktuelle situasjon.

Etter å ha lese boka skreiv kommentatorenElin Ørjasæter at boka har endra hennar syn på islam.«Jeg føler meg som en idiot som ikke har satt meg inn i feltet islam tidligere», skriv ho. Ørjasæter hevdar at politikarar og kommentatorar flest ikkje har sjekka fakta rundt islam, men «Storhaug har tatt jobben for dem». Ho meiner faktagrunnlaget under påstandane i boka er «overveldende».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ørjasæter har registrert kritikken som er komen frå fagfolk mot boka, men ikkje noko av denne «rokker ved Storhaugs hovedbudskap», og med det stadfester fagfolka «indirekte forfatterens konklusjon». Denne måten å halda saman boka og kritikken på er svært interessant.

Storhaugs bok er sterkt faktabasert, både ut frå litteratur og eigne undersøkingar av islam i over 20 år. Som i alle bøker med så mykje faktaopplysningar kan det nok påpeikast feil og mistolkingar, men dokumentasjonen for hovudbodskapen om kva islam har stått for og står for, står fast.

Storhaugs vurdring av islam, særleg av dei voldelege og undertykkande elementa i religionen, har vore den vanlege oppfatninga heilt fram til for ein liten generasjon sidan. Det svarar til det eg lærte på skulen, og til slik historikarar somHalvdan Koht og Carl Grimberg og har framstilt det. I den siste generasjonen har det vakse fram ei positivistisk, relativistisk og naiv oppfatning av islam og alt dens vesen.

Det kan stillast spørsmål ved nokre av Storhaugs framtidssyner når det gjeld islams erobring av Europa og Noreg, men at det er ein religion som både ved makt og gjennom moskeen har ein verdsomspennande målsetjing om å erobra «krigens hus» for «fredens hus», altså den heidenske verda for islam, er uomtvisteleg – både ut frå historia, dagens situasjon og islams trusgrunnlag.

At Storhaug har kome med nokre dårlege forslag til måtar å stoppaMedina-islam på, er dumt. Ein skal likevel vera varsam med å argumentera for sterkt med religionsfridom i denne samanhengen, og samanlikna med stillinga for kristendommen i muslimske land.Islam er vel så mykje ein politisk ideologi som religion – og slik undertrykkande ideologi som opptrer med vald og terror, kan ikkje gjevast fritt rom gjennom religionsfridom.

Ei heilt anna sak er at Hege Storhaug er sekulær i heile si tenking, og med det ikkje vurderer korkje islam eller andre religionar og ideologiar ut frå kristen tenking. Slik sett er ho ikkje den rette til å rettleia kristenfolket i religionsteologiske og religionskritiske spørsmål, men det underkjenner ikkje hennar faktaarbeid med islam.