Illustrasjonsbilde: Fotolia

Daniels menn

Likestillingskampen har ikkje gjort det enklare å vere ein god mann. Iveren for å gje kvinner respekt og aksept har medført ei generell feminisering.

Noko av innsikta i det særeigne ved kjønna har dunsta bort. Mannsidentitet og -rolle er ikkje lenger sjølvsagde, og unge menn veks opp med underskot på status og forbilde. Usikre menn vik gjerne tilbake frå å ta ansvar, og det vert lite manndom att. Også i kyrkja.

Sidan 1200-talet har eit feminisert fromheitsideal prega kristne miljø. Sjølv voks eg opp med bilete av ein veik, hippie-langhåra Jesus. Mild, søt, komen rett frå frisøren og manikøren. Han stod for døra og banka så forsiktig at det berre så vidt høyrdest.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne bilettradisjonen som voks fram i kjølvatnet av ein individualisert brudemystikk, har vore med å framandgjere menn. Og dei siste 40 års kjønnskamp har forsterka inntrykket. Pyntelege, kvinnedominerte, røyking-forbudt-fellesskap har ikkje utan vidare tiltrekningskraft på maskuline mannfolk.

Samlivskriser har lenge sett preg på samfunnslivet. Kjønnsroller sluttar å gå i arv, så kvar person må sjølv fritt velje sin identitet. Dei dominerande protestantiske kyrkjene har opna for kvinnelege prestar og for nye samlivsformer. Dermed har dei tradisjonelle ordningane både i skaparverket og i openberringa mist si kraft.

Om vi skal gjenfinne dei design for kvinne- og mannsideal Gud har lagt ned i mennesket, må vi attende til både kvinna og mannen frå Nasaret, Maria og Jesus. Vi må våge å forkynne og undervise om dei. Jesus var snekkar i ei tid då det korkje fanst el-verktøy eller deodorant.

Han er Løva av Juda såvel som Lammet. Han var både vill og mild. Han hadde englelegionar til disposisjon, men lét seg trampe på og piske til blods. I rå villskap rydda han salsbodene på tempelplassen.

Ikkje mindre modig var det å anklage dei åndelege leiarane for hyklarskap. Men han møtte kvinna ved Sykars brunn og tollmannen i Jeriko med ein mildskap som sette spor. Han gret utan å bli veik. Han tiltrakk seg småborn og stilte stormen.

Han var ein mann med sjølvdisiplin og visjon som gav han styrke. Han viste mot og fekk tillit. Ein mann for både kvinner og menn.

Slik Daniel og hans kompanjongar i si tid stod for truskap og vågemot.

Kvar finst den same maskuline krafta i vår tids kyrkjer, som gir menn som søkjer Mannen både disiplin og kameratskap, manns mot og truverde?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi treng å skape fellesskap der gutar som saknar fedre, kan modnast til å bli ansvarlege. Dei treng ideal som talar til menn. Dei treng mysterier, fåre, eventyr, utfordring og disiplin. Dei treng å vite at Gud hadde ei meining med at dei vart gjort til menn, og at dei har det som trengst.

Vi treng menn som kan halde ikring både mor og barn. Menn treng sårt den siviliserande påverknaden frå kvinner. Men dei treng kvinner for å bli kultiverte, ikkje for å bli feminiserte.

Les også
Hvorfor ble jeg homofil? Må jeg alltid være det?
Les også
Er det noen forskjeller mellom mannen og kvinnen?
Les også
Den Treenige Gud skapte bare to kjønn
Les også
Til mann og kvinne
Les også
Høyre ved en korsvei: Er far overflødig? Hvem er mor?