Kvar har Kristeleg Folkeparti tenkt seg?

Partiet skal ikkje 
gå nokon stad, ikkje 
snu opp ned på 
programmet, men vera seg sjølv. Klarare!

Etter eit nedslåande stortingsval er leiinga på leit etter ein veg. Skal partiet gå til høgre eller venstre? Kva må no gjerast for ikkje å hamne i dei anonyme skuggane?

Som sympatisør meiner eg: Partiet skal ikkje gå nokon stad, ikkje snu opp ned på programmet, men vera seg sjølv. Klarare! Partiet skal i praksis vera den fremste garantisten for den vesterlandske, kristne kulturarven.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Har ein tru på verdigrunnlaget sitt, og vil fremja det i dagens samfunn, bør ein søkja makta der ho er.

Som Venstre-hovdingen Bent Røiseland sa: «Det er alltid betre å ha fingrane i departementsskuffane enn i fanget!» Eller Ivar Aasen: «Det nyttar ikkje å stå ute i gardsromet og gøy; ein må inn på kjøkenet, der det blir bryggja og baka!»

Difor: Partiet må inn i regjering, til dømes rundt påske eller pinse 2018, etter å ha gjort seg ferdig med naudsynte organisasjonsgrep. Eit par-tre dugande statsrådar ville sjølvsagt profilert partiet i storting og media på eit heilt anna vis enn å skulle bli lokka med daglege kjøtbitar frå venstresida.

Parti med slikt eit verdfullt historisk verdigrunnlag som KrF bør ikkje drive politikkmot nokon, menmed nokon. I dag går det føre seg ein tydeleg verdikamp – ein åndskamp – der heile den vestlege sivilisasjonen blir sett på prøve, også i vårt eige land.

KrF må synleggjera det gode samfunnet, og må difor inn for å påverka og fargeleggja politikken.

I regjering er det rikt høve til å fremja gode verdifylte saker om familie og fridom, om helse og humanitet, om oppvekst og omsorg. Kanskje kan partiet òg halda dei større partia litt i øyro, og dempa dei villaste utslaga av liberalisme og globalisme.

Eg møter mange menneske rundt om i landet, frå vidt ulike miljø. Det er ein irritasjon som går att: Folk undrar seg kvifor småpartia kan bera seg åt som om dei skal dirigere politikken åleine?

Utan blygsel pratar leiarane om å koma seg på vippen, slik at dei kan slå rundt seg med politisk pisk og drive økonomisk utpressing frå statskassa!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne stormannsgalskapen slær attende på dei som driv denne øvinga.

Enkelte i KrF og V må jekke seg ned før partia kan jekkast opp att. Det tyder konstruktivt samarbeid i regjering om saker, alltid fremja sine hjarteønskje, oppnå ein siger her og der, dela «æra» når det går bra, og stundom slå seg til tåls med kompromiss. Det er demokrati.

Noko av det tristaste me ser, er at talsmenn i KrF går laus på Sylvi Listhaug og gjer henne og partiet hennar til «hovedfiende». Kva i all verda er dette? Den einaste som talar høgt om den kristne kulturarven, skal ho gjerast til ein fiende av eit kristeleg parti? Orsak, men er det avundsjuke ute og går?

KrF burde vera i klar front for å ta fatt i trugsmåla i den største utfordringa vår kulturarv og livsform har i dag: den islamske frammarsjen i Europa. Demografien trumfar det meste.

Korleis skal me overleva som sjølvstendige kulturnasjonar med den politikken som no blir ført av regjeringane i dei store landa, med masseinnvandring og innebygd multikulti-press frå FN, EU og OIC (Organization of Islamic Cooperation)?

Når totalitære politiske rørsler bankar på døra – som islamisme og nazisme – burde KrF stå opp for demokratiet og visa at det islamofascistiske heksebrygget ikkje kan sameinast med kristne og demokratiske verdiar.

Dette er ei vinnarsak i folket, men er enno ikkje «korrekt» i presse og media.

Sosialistane vil sjølvsagt ha KrF med på si side for å setja snubletrådar for regjeringa. Men steget til nye allierte er langt, så lenge religion er opium for folket, når dei i staden for kristendom vil ha humanetikk, prata ned kjernefamilien som institusjon, driva gjøn med samvitsspørsmål, og gå arm i arm med tyrannar for å tyna Israel.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er tungt å måtte vedgå nederlag og innsjå forvirrande signal til veljarane. Men potensialet for KrF er stort: Det er svært mange som ser verdien av å byggja politikken på eit klassisk verdifundament. Men då må ein stadig gjera klart for publikum kva desse verdiane er.

Blanke ark kan bli fine når ein brukar dei rette fargestiftane.