USAs president Donald Trump. Foto: Susan Walsh, AP/NTB scanpix

Det einsynte biletet av USA og Donald Trump

søndag 9. september 2018

Samfunn

Den som berre ser med eitt auga, har ikkje djupnesyn.

Stortingsmann Per S. Hjermann frå Lærdal heldt ein gong politisk opplysningsgforedrag for elevane på Voss off. landsgymnas. John F. Kennedy var då president på andre året.

Heile skulen var samla i Festsalen, då den myndige sogningen tala med sterk røyst: «Amerika er einaste staden i heile den vide verdi der høg levestandard vert sameina med høg livsstandard!»

Han tok hardt i! Men den tida var amerikansk demokrati, kultur og levemåte idealet for dei aller fleste her i Europa.

Nokre få år seinare var biletet snudd opp ned. Jens Bjørneboe skreiv i 1966 banebrytande kritisk om «Vi som elsket Amerika».

Lyndon B. Johnson vikla USA inn i Vietnam, studentrevolusjonen kom, med opprør mot borgarlege konvensjonar, fri sex, ein generasjon som tileigna seg marxistisk og leninistisk samfunnsanalyse, og der dei ideologisk nyfrelste lyfta knyttnevane mot imperialisme, kapitalisme og alt som vondt var.

Me fekk dei neste tiåra oppleva ein politisk og kulturell anti-amerikanisme utan atterhald, ikkje minst kvar gong det var republikansk presidentstyre.

Det vart meir balanse i den europeiske opinionen då den fyrste afro-amerikanske presidenten vart valt i 2008. Endå om Obama ikkje fekk utretta stort, hjelpte det godt mot USA-kritikken at nettopp ein «underprivilegert» og farga sto fremst i striden. Obama var retorikar, og vart ein populær støytdempar internasjonalt, trass i mange krigar.

Men delar av politikken hans var såpass radikal at det førte til sterk motstand og tverrgang i folket. Ikkje minst i konservative statar og lokalsamfunn i «The Heartland» på den eine sida, og på den andre sida dei store liberale statane og intellektuelle miljøa på aust- og vestkysten.

Denne polariseringa mellom «eliten» og «folket» har auka mykje etter at president Donald Trump overraskande vann valet og tok over makta. Demokratane , akademia, Hollywood-interessene og dei store mediahusa har enno ikkje kome over Hillary sitt tap.

Trass i alle freistnader på krokfot, harselas, sanne og oppdikta soger, pene damer, endelause forviklingar, russarkontakt og trugsmål om riksrett i det fjerne, står Trump framleis oppreist og fyrar tilbake på Twitter og jublande folkemøte, stundom sjølvsikker og vinnande, andre gonger med ein tone som er usympatisk og ein stil mange finn ufordrageleg. Like fullt: Presidenten gjennomfører stadig fleire av dei sakene han gjekk til val på. Det er i så fall demokrati.

Me gløymer her heime at det stort sett er anti-republikanske media og venstreorienterte kanalar og journalistar som fôrar oss, anten det er før, under og etter eit val. Slik har det vore i kongeriket Noreg, konstant, heilt sidan det politiske stemningsskiftet etter Eisenhower (1952–60).

USA er for tida delt i to. Det er ein dramatisk verdikamp som går føre seg. Men slike perspektiv er fråverande i norske og europeiske media. Me høyrer berre ei moralistisk forteljing på vegner av den eine parten.

Det einaste konkrete me får frå dette store dramaet er hatet og hakkinga på president Trump. Kvifor arbeidsfolk, ei stagnert middelklasse og evangelikale kristne støttar han massivt, får me lite greie på. Kvifor slik forakt for vanlege menneske?

Den som berre ser med eitt auga, har ikkje djupnesyn.

Statskringkastaren og alle ekkokammer i Oslo har meir enn to tusen journalistar, men dei klarar ikkje å dekkje amerikansk politikk og mentalitet på ein måte som gjer oss klokare. Mange vil hevde at målet for journalistikken er karakterdrap, ikkje folkeopplysning.

Som Hans Rustad seier: «Det står ikke på ressursene. Da må det stå på viljen.»

Uviljen mot Trump er på nytt med og skapar inntrykket av USA som eit forderveleg samfunn, og venstresida er straks på plass med politisk systemkritikk.

Men like fullt, som på Per S. Hjermann si tid, er USA framleis vår viktigaste allierte, økonomisk stormakt og skikkeleg forsvar for fridomens sak, eit land med aktiv gudstru, innovasjon, forsking og kommersialisering av nyttige produkt.

Nasjonen driv open sjølvkritikk, alltid med evne til å koma seg inn på vegen att gjennom eit innebygd system av «checks and balances».

I tillegg dei beste universiteta i verda, imponerande bibliotek- og arkivsystem, joviale menneske og ein sterk kultur med leiande musikalske ideal for ungdom verda rundt…