Tørke på et jorde i Telemark sommeren 2018. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix

Den forferdelege sumaren 2018

I sumar overgjekk avisene kvarandre om dei negative følgjene av godvêret.

Ein utruleg sumar, varte i vekevis, kom att andre gongen, og endå med nokre fine dagar tidleg i haust! Men eg fekk så dårleg samvit, for aviser, radio og fjernsyn fortalde heile tida kor skrekkeleg dette var: Åkrane var turre, jorda var turr, Dagros måtte truleg på slakteriet, og brannmannskap måtte i aksjon.

I 2017 var gjennomgangsmelodien: «Å, for eit skrekkeleg regnvêr! Dette er prov på klimaskifte og ein tilstand me nok må rekne med i åra framover…»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I 2018 var tonen annleis: «Å, slik solskin og skrekkeleg varme! Dette er prov på klimaskifte og ein tilstand me nok må rekne med i åra framover…»

Etter å ha konsumert store mengder stoff frå media gjennom mange år, ser ein tydeleg: Redaksjonane skriv mest alltid om baksida på medaljen. Det er journalistikken sitt vesen. «If it bleeds, it leads.» Ulykke framfor lykke.

I sumar overgjekk avisene kvarandre om dei negative følgjene av godvêret. Det var bilete av brunsvidd mark, innturka kornaks og svoltne kyr som pryda framsida og mangt eit hovudoppslag.

Temaet over alle var den katastrofale fôrhausten, med erstatning til jordbruket som fyrstesak. For lite fôr; gå laus på landbruksministeren! Ingen tala om ressursane i kantslått og lauving og storrgras ved myrane.

Spørsmålet melder seg: Finst det ei framside på medaljen etter denne fæle sumaren?

– Fruktavlingane – svært gode (morellar, kirsebær, eple, pærer og plommer).

– Sau og lam – har vore på fjellet og lagt godt på seg.

– Poteter – fin kvalitet, store.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Honning – godt år, temperatur konstant over 12 grader; biene flyg og surrar etter nektar og pollen.

– Aure og røye i fjellet – godt år, mykje mat i vatna, god auke av gytemogen fisk, lovande for neste sumar.

– R y pehausten – uvanleg god, aukar inntektene for grunneigaren, bra med mus og lemenflokkar.

– Naturvernarane – kronår: Fjellreven kosar seg stort med smågnagarane.

– Fuglelivet – eksepsjonelt; så godt vêr at mange småfuglar i år har fått fram to kull ungar.

– Sal av iskrem frå Tine, som bøndene eig, pluss iskaffi og iste, sette nye rekordar.

– Og me som gjerne vil ut i terrenget? Fyrst molter, så tytebær i fleng, så eit mylder av sopp, særleg den delikate steinsoppen som me ikkje hadde sett på fleire år.

Konklusjonen er at sumaren 2018 viser oss sanninga i det gamle ordtaket: «Ikkje noko er så gale at det ikkje er godt for noko.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er merkeleg dette i media, korleis den store mengda med «vanlege folk» blir fôra med «fakta» om verdas undergang. Denne formørkinga i media er forlengst blitt industri og ein næringsveg i seg sjølv.

Sant nok: Reelle utfordringar må alltid takast på alvor. Men sunn skepsis er aldri skadeleg. I demokratiske land kan og bør ordskiftet gå heile tida.

Ytringsfridomen er vårt største gode. Det verste som finst er sjølvutnemnde sannseiarar som ikkje vil la andre enn seg sjølv koma til orde.

Det har i så måte vore ein særs interessant debatt i Klassekampen i heile haust om trongen for å nekte annleis tenkjande ein talarstol eller spalteplass.

Det starta med at redaktør Helge Lurås i nettavisa resett.no var blitt invitert i ein politisk paneldebatt som Klassekampen skipa til under Arendalsveka i sumar. Men det fall i skrinn jord blant mange kommentatorar og lesarar på venstresida. Kort og godt var det «forferdelig» og «skrekkelig» at ein høgreorientert redaktør skulle få taletid på «vår plattform»!

Mange venstreradikale har i alle år siti høgt på den kvite hesten og hatt ein moralistisk, nedlatande haldning til alle som ikkje ser verda på same måten som dei. Haldninga frå 1968 er framleis typisk: «Vi bør ikke blande oss med det borgerlige avskummet!»

Difor: Ros til den tolerante redaktøren i Klassekampen, men ris til dei politisk sjølvgode som i praksis er intolerante.

Men framfor alt: Takk for ein makalaus fin sumar!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Kven vil vinne fram i Europa – islam eller kristendomen?
Les også
Feil om NLM og islam
Les også
Det einsynte biletet av USA og Donald Trump
Les også
Å dulle med islam
Les også
Skilnaden på islam og kristendom