Hjelp oss, Per Arne Dahl

Kva er nok? Vil biskopane gje oss alle konstant dårleg samvit? Har dei og Kyrkja ingen tankar om prinsipielle og praktiske bremser til denne folkevandringa som er sett i gang over sjø og land?

Biskop Per Arne Dahl si julehelsing 24.12. i avisene kringom i Tunsberg bispedøme (også trykket i Dagen 17.12, red.anm.) var både varm og vakker.

Det er skrivekunst når nokon kan leggje ut om evangeliet på ein så grei måte at både kristne, humanistar og halv-heidningar får hjartebank av det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Biskopens bodskap er høgaktuelt. Med bakgrunn i haustens folkestraum til Europa gjeld den kristne appellen om miskunn og nestekjærleik som aldri før: Gje rom i herberget, gje ly til dei som treng det, finn plass til fleire ved bordet...

I tre veker har eg gått rundt og tenkt på dette. Det er norsk tradisjon å vise samkjensle med dei som lir og har det vondt. Det har nasjonen gjort i årevis gjennom statsbudsjett, innsamlingar, aksjonar, støtte til friviljuge organisasjonar og eit langsiktig misjonsarbeid.

Som stat, samfunn og enkeltindivid har Noreg gjeve losji, mat, klede, varme, skyss, opplæring, helsetenester, rettsvern, trygge levetilhøve – i eit omfang og med ein standard som få andre land i verda kan mønstre. Men det er ikkje nok, skriv biskopen. Me må gjera endå mykje meir! Det var visst òg fleire bispar som sendte likande julehelsing i sine område.

10.000 «Syria-flyktningar» i året (landsmøta i Ap, V og KrF) er ikkje lenger nok. Og slett ikkje 8000 delt på tre år (slik H og Frp fekk til i det breie forliket i Stortinget).

I staden, overraskande, har me samla fått over 31.000 nykomarar i 2015. For 2016 og framover kan talet gå opp mot 60.000, og kanskje med nye doblingar etter ei tid.

Her kjem tankekrossen og problemet med den varme appellen:

Kva er nok? Vil biskopane gje oss alle konstant dårleg samvit?

Har dei og Kyrkja ingen tankar om prinsipielle og praktiske bremser til denne folkevandringa som er sett i gang over sjø og land?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ingen spørsmål om konsekvensar og verknader – kulturelt, sosialt, økonomisk. Ikkje eit ord om demografisk eksplosjon og at Noreg som kulturnasjon kan bli ugjenkjenneleg på ein generasjon eller to.

Held emigrantstraumen til Noreg fram, utan bremser i eit grenselaust Europa, vil det om ti-tolv år korkje vera att oljefond eller økonomi til å drive velferdsstat og kommunar som i dag.

Dyre ordningar som trygder og pensjonar vil måtte reduserast kraftig. Det blir heller ikkje att rare summane til utviklingshjelp i andre land. Vil Kyrkja det? Då velferdsstaten tek til å krakelere, blir konsekvensen sterk sosial uro og eit påfølgjande hardare politisk klima. Vil biskopane det?

Trettendag jul slo eg på fjernsynet: På TV2 hadde journalisten Kadafi Zaman eit dokumentarprogram med tittelen «Norge til salgs». Her fekk me konkret sjå korleis «flyktningstraumen» fører med seg regulær folkevandring (to av tre kjem ikkje frå Syria), ei skikkeleg røre med bakmenn, falske pass, utnytting, liding, løgn og bedrag frå ende til annan.

Planen for mange av vandrarane (utan ID-papir i det heile) er helst å «slå rot» i Tyskland, Sverige og Noreg «lenge nok» til seinare å kunne hente seg hit mange fleire.

Foreldre sender borna i veg åleine, og satsar seinare på «gjenforeining» med støtte frå truskuldige folkevalde, mjuke media, eit snilt bispekollegium, ein kø av profesjonelle pressgrupper, og ein del lokale støttegrupper som vil hjelpe, men som ikkje ser drivkreftene i det større spelet.

Regjeringa prøver å ta ansvar for å unngå ei komande nasjonal katastrofe. Ein serie på førti tiltak skal setjast i gang for å demme opp straumen. Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug må ta støyten for kritikken, særleg frå tre kantar:

Frå ideologiske sosialistar, som alltid vil snu opp ned på liberale samfunn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Frå islamistar som har oppdaga ein politikar med kristenkross i halsgropa.

Frå framståande talsmenn i den norske kyrkja, som tykkjer dama er for streng i asylpolitikken.

Men Sylvi Listhaug står oppreist, er god kristen som nokon, vågar til og med å vise det offentleg. I jobben kan ho ikkje drive med ynskjetenking og humanitær sjølvhypnose, men må vera realist og ta politisk ansvar i eit forsøk på å berge norsk økonomi og våre velferdsordningar for framtida.

Det kom over ein million asylsøkjarar til Europa i fjor. Dei fleste er sjia- og sunnimuslimar, mange med reelle behov, dei fleste fredsæle. Men det kjem òg nokre titals tusen islamistar som vil vita å setja fart på kampen mot vestleg kultur, fridomane våre, kristendomen, jødane, homofile, demokrati og likestilling.

Og dei får gjennomslag blant sine: Ei fersk undersøking i Storbritannia viser at nær 40 prosent av alle muslimar heller vil ha innført islamske sharia-lover framfor dei som gjeld i dag.

Dei som kjem til Europa og no pressar vår mottakskapasitet, er i stor grad unge menn – friske karar mellom 20 og 35 år. Mest alle kjem frå religiøse og patriarkalske kulturar med eit kvinnesyn som kan forskrekke nokon kvar.

Kvinneforakt, trakassering og utnytting går hand i hand, jamfør det seksuelle skrekkveldet mot britiske ungjenter i Rotherham gjennom mange år, der ingen (ikkje eingong politiet) våga å lyfte ein finger i redsle for å bli kalla «rasistar».

I tyske aviser denne veka er det reportasjar om nyttårsfeiringa ved Kølnerdomen og jernbanestasjonen i byen, der fleire hundre kvinner vart utsette for ran og fysisk vald på offentleg stad, truleg planlagt, utført av innvandrarar og ferske asylsøkjarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vår frie, vestlege livsform og levemåte kan stå framfor store endringar. Alliansen mellom sosialistar og islamistar er ein motor i islamiseringa av Noreg og Europa.

Ein må knipe seg i armen når våre eigne kyrkjelege leiarar – i praksis – går i front for å auke tempoet i denne prosessen! «Kom igjen! Det er plass til enda flere i herberget»

Islamiseringa av Noreg er hittil ikkje problematisert av vårt bispekollegium, – ikkje med eit pip. Derimot uttalar fleire bispar og prestar seg stadig oftare om miljø-, skatte- og oljepolitikk.

Den samanblandinga av religion og politikk som ligg i islamismen, er noko av det farlegaste som finst i verda i dag, ettersom det blir ført inn i politikken eit innslag av noko guddomeleg, noko som det ikkje kan kompromissast om.

Politikk blir ikkje lenger «det mogleges kunst», men derimot ein strid om kva som er og ikkje er Allahs eller Guds ord. Etter at denne erkjenninga no sig ned i verdsopinonen, går biskopane i den norske kyrkja nøyaktig den vegen dei ikkje burde gå, nemleg ved sjølve å drive som politiske aktørar.

Biskopane meiner såleis at Noreg skal ta imot langt fleire immigrantar enn det våre styresmakter meiner at staten vil klare, om han då skal greie å halde oppe eit trygt og stabilt samfunn for innbyggjarane sine.

Attåt dette: Det er merkeleg at ikkje biskopane våre heller opplyser om at kristendomen no er den mest forfylgde religionen i verda, ikkje minst i dei muslimske landa. Kvifor så stillfarande om denne tragedien?

Mange av oss vil av ulike grunnar helst stå i statskyrkja. Eg vonar ho ikkje har tenkt å spela seg ut eller gå frå oss. Då kan det snart bli eit medlemsras utan like. Kan biskopen i Tunsberg – som vår fremste åndelege rettleiar – hjelpe oss bort frå slike tankar?