TSUNAMI: Ein naturleg tsunami er overstått på nokre timar. Ein demografisk tsunami treng fleire år for å bli synleg. Kva som ligg att her om hundre år, vil eg helst ikkje tenkje på, skriv Hallgrim Berg. 
  Foto: Illustrasjonsfoto: Lise Åserud, NTB Scanpix

Skilnaden på islam og kristendom

onsdag 22. august 2018

Samfunn

Jesus Kristus vart drepen av sine motstandarar, medan Muhammed tok livet av sine.

I eit tilsvar til mine to artiklar i om islam og kristendom i Europa (Dagen 6. og 7. august) er eg glad for ein sakleg kommentar frå Øyvind Åsland og Hans Arne Sanna (15. august).

Me talar kanskje forbi kvarandre, då bakgrunn, virkefelt og utsyn er altfor ulike. Som historikar ser eg bakover og som folkevald framover. Åsland og Sanna er teologar og ser helst oppover. Dei treng ikkje hefte seg med låke jordiske styresmakter, politiske retningar, demokrati, diktatur og anna slikt småtteri. Vegval og stormar er uvesentleg; evangeliet ser ut til å flyte oppå skiftande politiske bølgjegangar likevel...

Eg kan ikkje utfordre dei to lykkelege misjonistane i si oppriktige tru på at tevlande livssyn, religionar og diktatur skal kunne vinnast med kjærleik og omsorg, og med von om at Gud ein dag skal skapa ein ny himmel og ei ny jord. Ja, vona er vakker, men eg trur like fullt på at det i mellomtida må arbeidast.

Skal ein religion vinne fram, må han ha arbeidsvilkår og legalt olbogerom. Og skal – til dømes kristendomen – vera truverdig for gamle og nye sjeler, må han ha eit forståeleg og attkjennande innhald.

Åsland og Sanna har valt ei insinuerande overskrift i sin artikkel: «Misjon fremfor muslimfrykt». Med andre ord: Eg er styrt av frykt for muslimar? Slik stempling om framandfrykt er eit debattknep som burde vera utgått på dato.

Alt i 2007 (Amerikabrevet side 59) skreiv eg: «Lady, eg er blitt overtydd om at dei fleste muslimske familiar i Europa er lovlydige menneske som ikkje søkjer anna enn arbeid og fred for seg og sine… Det er urett og uklokt å sjå på alle muslimar som potensielle fiendar og stridsmenn. Det må skiljast klart mellom forskjellige muslimske grupperingar og radikale islamistar/terroristar.»

På same vis: Fordi om me alle var imot den sovjetiske kommunismen, hadde me då slett ikkje noko mot russarane som folk og menneske?

Det bør òg leggjast til at islam har interessante variantar og nyansar i fleire land, men i hovudsak har leiarskap som er like sjølvrettferdige, like propagandistiske, like kommanderande, like sensurerande, like menneskeundertrykkande, like skrekkelege i bruk av tortur og fantasifulle straffemetodar som kommunistar, nazistar og ymse fascistar har greidd å prestere.

Eg er såleis ikkje ute etter muslimar, korkje som gruppe eller einskildmenneske. Derimot er eg godt opplyst om kva islam som ideologi og maktsystem står for, soga om korleis dei islamistiske nedslaktingane har gått føre seg gjennom 1400 år, og kva den islamske imperialismen vil innebera for oss alle, både dersom religionen ikkje snart blir reformert, og dersom den demografiske utviklinga skal halde fram som no.

Ein naturleg tsunami er overstått på nokre timar. Ein demografisk tsunami treng fleire år for å bli synleg. Kva som ligg att her om hundre år, vil eg helst ikkje tenkje på.

Den totalitære islamismen, som sidan revolusjonen i Iran i 1979 har vist sine militante og menneskefiendtlege sider med stadig meir valdeleg og aggressiv framferd, er på frammarsj. I Europa har strategane på kort tid fått seg ein «menneskeåker» på over femti millionar muslimar å boltre seg i og med.

I venstrepropagandaen og i den allmenne trongen for sjølvtrøysting blir det framstilt som at dei valdelege muslimane er av mikroskopisk storleik, utan reell betydning for samfunnsutviklinga. «Vi må regne med litt terror framover», heiter det visst.

Det kan fort bli ein leik med ord, men kven er «berre» muslimar (og dermed «moderate») og kven er dei radikale, militante islamistane? Er det tale om 99,9 prosent fredsame kontra 0,1 prosent våpenglade?

Nei, ein treng slett ikkje måtte ha gevær over aksla eller bombebelte rundt livet for å vera islamist. Ein islamist er ein person som i det stille eller i det opne aktivt arbeider for islams framgang og utbreiing. Det følgjer då logisk at islamistar kan representere heile skalaen frå ein relativt passiv tilstand til fulltids aktivistisk verksemd. Kor stor del av muslimane kan reknast som islamistar? Er det promille eller prosentar? Oversyn varierer, men intelligente anslag varierer frå minimum 15 til 25-30 prosent. Då har du gåande ein potensiell «hær» i Europa 2018 på åtte-ti-tolv millionar.

Kvar går lojaliteten til mange av desse når dei vert kalla? Til Allah eller Angela? Til vesterlandsk demokrati eller austerlandsk ørkenideologi?

Det farlegaste heksebrygget på jorda i dag, er islamofascismen, der religion, stat, nasjon, identitet, global samkjensle og politikk går inn i same vevnaden. (Av plassomsyn må eg vise til mi bok Demokrati eller islamisme – Europa under islam? ).

Øyvind Åsland og Hans Arne Sanna hevdar at «Berg tenker strengt politisk» og at eg ingen sans har «for at den kristne kirke skal formidle evangeliet til muslimer – og alle som ikke tror på Jesus.»

Det er urettferdige påstandar. I skrift og tale landet rundt dei siste ti åra har eg konsekvent streka under det føredømet som Jesus Kristus er for ei betre og fredelegare verd. Han peikar seg fint ut samanlikna med Profeten Muhammed. Islam står i ei særstilling mellom religionane gjennom det faktumet at religionsstiftaren sjølv var ein krigsherre som gav ordre om drap og utrydding. I krigen og erobringa av den arabiske halvøya var vald og våpen var legitimert frå første stund.

Når ein kokar skilnaden mellom islam og kristendomen ned til essens, ser me: Jesus var fredsæl, ikkje valdeleg og slett ingen hærførar. Han var mild. Mange menneske som har opplevd nåden vil hevde at det beste botemiddelet mot vondskap er ei tru på Gud gjennom Jesus Kristus, ei tru som i det daglege og praktiske legg vinn på å følgje eksempelet Jesus og Hans fredsæle og miskunnsame lære. Han tala varmt om menneska, og han greip aldri til våpen.

Kort sagt: Jesus Kristus vart drepen av sine motstandarar, medan Muhammed tok livet av sine.

Det meste som følgjer av kristendomen – frå menneskeverd og høve til personleg frelse, og vidare fram mot skapande kultur, strålande sivilisasjon, idear som humanitet, folkesuverenitet, ytringsfridom, rettsstat og representativt demokrati – er sanneleg godt å ha med i sekken når vårt kjære Europa skal ut i den komande mannjamninga med islam.

Etter mitt syn er dette verdiar som både misjonsorganisasjonane og den kristne kyrkja må bli flinkare til å formidle saman med evangeliet.

Les svaret: Øyvind Aasland og Hans Arne Sanna har svart på dette innlegget her.