På kva debattnivå ligg «ondskapens rike»?

Eg er samd med redaktøren i at vanskar må fram i lyset for å kunna løysast. Men då framfor alt i Guds lys, og ikkje nødvendigvis i Dagens lys.

Trine Overå Hansen kritiserer Dagen si redaksjonelle line, grunna mange negative reportasjar om kristen verksemd. Men Dagens redaktør slår hardt tilbake, og han vil ikkje eingong forholda seg til å bli omtalt som «djevelens advokat».

Eit slikt debattnivå er «hinsidig» og kjem frå «ondskapens rike», meiner han (leiarartikkel og innlegg 23. og 24./11). Men sjølv om ein opplever uakseptabel språkbruk eller andre vonde ting, må me jo alle forholda oss til slikt; det motsette vil vera «å stikka hovudet i sanden».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vonde må bearbeidast rasjonelt; først då kan ein vera istand til å imøtegå sømeleg det ein meiner er forkasteleg. Men Dagens redaktør tek att med minst like sterke ord som Trine Hansen. Han opptrer dobbeltmoralsk når han hevdar at nokre av debattantane går ned til vondskapens rike. For «den vonde» og «djevelen» er synonyme ord, og slik seier redaktøren eigentleg at desse debattantane er inspirert av djevelen.

Når det gjeld kritikken hennar av «en detaljrik sak om en pastor, lett identifiserbar, som skal ha løyet, stjålet og manipulert», som ho meiner bidrar til å stilla «pastoren» i gapestokk for heile Noreg kun basert på rykte, meiner eg brevet frå Åge Åleskjær og seks andre på grunnlag av erfaringar i Østfold, viser at kritikken mot «pastoren» er forankra i langt fastare ting.

Men burde Dagen laga dei aktuelle reportasjane 20. og 21./11? Eit medlemsmøte med svært sterk kritikk av ein som ikkje var invitert, etterfølgd av melding til politiet, talar for medieomtale – som i dette tilfellet må vera detaljert for å vera balansert. Og når vedkomande sjølv er open om det han er kritisert for og om heile si fortid, står ein medieomtale på tryggare grunn.

Kritikken hennar mot Dagen sin omtale av Svein-Magne Pedersen, handlar mest om ulik vurdering om kor god Guds tenar Pedersen eigentleg er. Men presseetisk vurdert tykkjer eg Dagen gjorde ein god innsats med ein tydeleg kritikk på leiarplass 6/8, og plass til eit langt tilsvar 8/11.

Men eg følgjer henne i at journalistikk lett kan bli ein leik med det negative. Det negative fokuset på Sannhetens ord bibelsenter (SOB) i mai 2016, var for meg ein demonstrasjon av dårleg redaksjonell dømmekraft.

For å stempla negativt ei forsamling som har erfart ein bombeeksplosjon, liknar for meg på læresveinane si stempling av den blindfødde i Joh 9:2; at vanlagnad skuldast synd hjå den parten som er råka.

Eg meiner Dagen følgde denne typen logikk då dei køyrde sak mot SOB grunna forholda der, konkret ved å ta parti for avhoppargruppa sin konspirasjonsteori og mot leiinga i SOB si framstilling. Me treng ein debatt om kva som er god journalistikk.

Eg er samd med redaktøren i at vanskar må fram i lyset for å kunna løysast. Men då framfor alt i Guds lys, og ikkje nødvendigvis i Dagens lys.