PÅ BANEN: Eg utfordrar alle våre mange medlemer, og også våre veljarar som sit på gjerdet, til å koma på banen. Vi treng reisa KrF som ei sterk livskraft i vårt samfunn, skriv Karl Johan Hallaråker.

KrF og PDK

Når ein opplever at mykje av engasjementet er å trakka på KrF og vår partileiing, må ein forventa at nokon av oss seier skarpt i frå.

Motseiingsretten er fundamental og er sjølve lyset som får det totalitære trollet til å sprekka. Difor takk til alle som viser engasjement også om mine artiklar. Takk også for dei mange personlege helsingar, fordi dei ikkje orkar å bli utsett for skitkasting offentleg.

Eg forstår at mange kvier seg til å delta i offentleg ordskifte. Ein skal ha litt tjukk hud for å leva med det som ein del finn å setja på trykk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det generelle inntrykket ein ofte sit med om kommentarane både til meg og andre, er at ein reagerer med sympati eller antipati utan å førehalda seg til det som faktisk er artiklane sitt innhald. Frå min respons mot Moltu så har eg sjølvsagt ikkje uttalt meg om hans moralske standard, men sett søkelyset på hans politiske kommentarnivå mot KrF.

Eg forstår godt at han hadde behov for å svara. Men eg må diverre tilstå at innlegget hans måndag 17. d.m. ikkje akkurat avkreftar mi vurdering. Når eg las Erik Selle kan eg visseleg føya han inn i same kategori. Det ser ut for at tankegongen er at angrep på andre er beste forsvar.

Når ein opplever at mykje av engasjementet er å trakka på KrF og vår partileiing, må ein forventa at nokon av oss seier skarpt i frå. Å påstå at vår partileiing fører oss bak lyset og slik lurer folk med ironisk overskrift, så var det langt over streken for anstendig debatt.

Skulle eg slå litt tilbake, kunne eg jo seia at PDK har god kompetanse på området. Tenk på sist stortingsval, ein skulle jo sjølvsagt inn både i Storting og regjering og det var ikkje måte på kva ein skulle ordna opp i. Alle med realisme ut frå fakta visste at dette berre var ein fiksjon i nokre sitt hovud.

Den siste kommentaren frå Moltu om Bergen då han trekte inn kona si, lydde på at det var ikkje spørsmål om ein kjem inn i bystyret neste år, men om kor mange representantar en får inn. Alle fakta peiker i anna leid.

Når han argumenterer med alle personlege røyster kona hans fekk sist, kan det henda han gjer opp rekneskap utan vert. Ho fekk naturleg nok god støtte som KrF sin ordførarkandidat. Mange var med på det toget, men ingen av dei har sagt at dei blir med som overløparar til PDK.

Eg underslår ikkje at KrF har store utfordringar for tida. Det er også bruk for å klargjera bruken av toregimentslæra i vår tid. Eg har stor respekt for Bernt T Oftestad sine kyrkjehistoriske kunnskapar også på dette feltet.

Men når han kombinerer si forståing av toregimentslæra med på ny å hakka på KrF, er det meir PDK-sympatisøren enn professoren si røyst vi høyrer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då skulle eg heller ønskja at han meir brukte energien sin på å samtala med si katolske kyrkje om samanblanding av regimenta og paven si dobbeltrolle. Så skal vi i KrF ta våre utfordringar.

Partiprosessen har teke altfor lang tid. Veljarane må sjå samanhengen mellom verdigrunnlaget, og den aktuelle politikken på ein tydeleg måte. Som medlem og tillitsvald har eg ikkje vore redd for å seia frå om mine vurderingar både om den siste tida sine hendingar og ellers. (Men med all usemje må vi konstatera at våre representantar har røysta i Stortinget i tråd med vårt gode program!)

KrF må ta vare på sine røter og slik fornya og aktualisera sin politikk for vår tid. Avskorne blomar har ikkje lang levetid. Men når ei utbrytargruppe er oppteken av å fiska i rørt vatn med sverting av vårt parti, må dei forventa at dei blir motsagt.

Eg utfordrar alle våre mange medlemer, og også våre veljarar som sit på gjerdet, til å koma på banen.

Vi treng reisa KrF som ei sterk livskraft i vårt samfunn. Utan KrF si røyst, vil mange av dei verdiane kristne og andre av god vilje ønskjer skal prega vårt samfunn, mista sine talerøyr i våre politiske fora. Det er den alvorlege konsekvensen vi står over for.

Sist laurdag var mange av oss samla i Grieghallen for å feira eventyret i norsk skulehistorie, NLA sitt 50-årsjubileum. Knut Arild Hareide sin glimrande festtale viste tydeleg kva KrF betyr for friskulane i vårt land.

Ideologisk er det etter mi vurdering ikkje berre snakk om eit supplerande skuleslag, men vitnemål om pulsslaget mot eit totalitært samfunn som både sekularisme og sosialisme har kimen i seg til om ein får einerett på oppseding.

Kva om KrF sin stol står tom, var slagordet for ei tid sidan. Spørsmålet er ikkje mindre aktuelt i 2018. Kort sagt - nå må vi gje kvarandre mot og oppmuntring til å stå på for dei verdiane vi ser folket vårt både treng og fortener.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I denne vanskelege tida må vi gje både KrF og vår dyktige partileiing eit positivt gjensvar slik at dei ikkje misser motet.

Les også
KrF i keiserens nye klær
Les også
Å samles om intet
Les også
Ja til frimodige kristne politikere
Les også
Tilbake til røttene, KrF!
Les også
KrF, ekteskapet og Tomas Moltu
Les også
Er det rom for verdikonservative i KrF?
Les også
KrFs sjølvforståing og sideval