Inga endring i abortsynet

Det er inga endring i synet på abort verken i Dagen eller i Sambåndet. Me er for eit rettsvern for det ufødde liv.

I Innspel i Dagen torsdag gjevJohannes Kleppa uttrykk for at det ikkje er mogleg å vera motstandar av abort i USA utan å støttaDonald Trump i presidentvalet – eller å vera heimesitjar. Det undrar og skuffar oss.

Donald Trump stod i valkampen fram som ein presidentkandidat som kriminaliserte minoritetar på generelt grunnlag, latterleggjorde funksjonshemma, mobba soldatar og etterlatne, forsvara seg mot kritiske spørsmål ved å antyda at spørsmålsstillaren menstruerte, «frigjorde» seg frå fakta og sanning og søkte å framheva seg sjølv ved å antyda størrelsen på kjønnsorganet sitt. Lista kunne ha halde fram.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Under valkampen kom det òg fram prov for at han har gjort kvinner om til objekt for si seksualdrift. Særleg det siste fekk vår amerikanske yrkesbror Andy Crouch til å halda levesettet til den fleire gonger skilde Donald Trump opp mot det Paulus –i Kol 3,5 –oppmodar kristne om å la døy i seg. Redaktøren i Christianity Today peika på at apostelen nemner mellom anna brot på ekteskapet i same setninga som avgudsdyrking.

Ein mann med desse karaktertrekka er det altså Johannes Kleppa meiner me og andre burde ha gjeve vår støtte til i samband med presidentvalet. Då tidlegare president Bill Clinton vart avslørt i –og til slutt vedgjekk –ekteskapsbrot i 1993, samla mange lågkyrkjelege, konservative (evangelikale) kristne seg bak erklæringa «character counts» –«karaktertrekk er viktig». Gjeld ikkje dette lenger?

Kleppa meiner me burde ha støtta Trump grunna eine og aleine i abortsynet til den nyvalde presidenten. I kommentar- og leiarartiklar har me for det første gjort det klart at me er motstandarar av abort. Så har me prøvd å sjå nærare på abortstandpunktet til Donald Trump. Då kjem det fram at Trump langt frå har hatt eit konsekvent abortsyn –og etter alt å døme heller ikkje har det i dag.

I 1999 stilte Trump til val som president på ei liberal politisk plattform. Han nytta uttrykk som «very pro-choice» (sterk tilhengjar av kvinna si rett til å velja). Og då han vart spurt om han ville forby det som blir kalla «partial birth abortion» (abort i tredje trimester), svara han nei og grunngav det med at han var «pro-choice in every respect» (for kvinna sin rett til å velje i alle høve).

I juni 2015 klarte han ikkje å skilja mellom omgrepa «pro-choice» (for abort) og «pro-life» (mot abort). I april i år sa han at «lovane (om abort, vår merknad) er slik dei er», og at han meinte det ville vera betre om det var opp til delstatane å avgjera.

Djupare enn dette ser det for oss ikkje ut til at Trump sitt abortsyn er. I eit intervju etter valet (programmet «60 minutes») stadfestar Trump rett nok at han vil nominera dommarar til Høgsterett som er «pro-life». Men samstundes kjem det fram at hensikta hans med det, nettopp er å få overlate avgjerda i abortsaka til delstatatane.

Kvinner som ikkje får abort i ein stat, får reisa til ein annan, seier han. Meir enn å vera «pro-life» er altså Trump «pro-state». Han vil ikkje at dette spørsmålet skal avgjerast av den dømmande makta han han påverknad over, den føderale domstolen, han vil med andre ord skuva ansvaret frå seg. Trump har no òg avklara at han ikkje vil gjere noko med opninga for likekjønna ekteskap.

Det er dette som får oss til å meina at ein ikkje kan avgjera kven ein vil støtta, ved enkelt å seia –som Johannes Kleppa gjer –at Donald Trump «trass alt vil utnemna høgsterettsdommarar som vil verna om livet i mors mage».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Under den republikanske presidenten George W. Bush var det konservativt fleirtal i Høgsterett og republikansk fleirtal i den lovgjevande forsamlinga (Kongressen), men avgjerda frå 1973 som i praksis gjer det lovleg med sjølvbestemt abort, vart likevel ståande.

«Eg trudde ikkje eg skulle ha opplevd ei slik nedtoning i alvoret i aborspørsmålet frå desse to redaktørkrakkane», skriv Kleppa. Me vil løysa han frå den vantrua. Det er inga endring i synet på abort verken i Dagen eller i Sambåndet. Me er for eit rettsvern for det ufødde liv.

Som me alt har peika på, er det likevel inga automatikk i at ein republikansk kandidat vil sikra omstøyting av 1973-avgjerda. I det republikanske lovforslaget om å leggja ned forbod mot abort etter 20. veke, er det òg unntak.

Kommentator Eric Sapp i avisa Christian Post viser dessutan til at talet på abortar steig under pro-life-president Ronald Reagan og nådde eit høgdepunkt under ein annan republikanar, George Herbert Walker Bush (1989-93). Så fall talet dramatisk under den demokratiske etterfylgjaren,Bill Clinton. Den positive trenden flata ut under republikanarenGeorge W. Bush, medan tala igjen har falle, til eit historisk lågt nivå, ifølgje Sapp, under avgåande demokratisk presidentBarack Obama.

Me meiner det er ansvarleg og naudsynt å vurdera fleire sider ved ein kandidat. Med sine uttalar om mellom anna atomvåpen og om forsvarsalliansenNato, er Donald Trump ein fare for både fødde og ufødde, ikkje minst i Europa.