KrF-leder Knut Arild Hareide. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Hareide skriv ny historie

Norge ynskjer alltid å vera i førarsetet for demokrati og politisk stabilitet. Er det KrF verdig å endra på dette?

Det er ingen tvil om at Knut Arild Hareide er ein dyktig politikar, og det må væra ei fortviling å sjå at dette ikkje viser att på meiningsmålingane.

Sjølv har eg vært med i Bystyre og Fylkesting. Nå er eg i den største veljar-gruppa til KrF, nemleg kvinner over 60. Det kan vera at minnet er ufullstendig, men eg meiner at på fylgjande områda er Hareide nå i ferd med å skrive historie:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er fyrste gong ein parti- leiar kjører eit utspel utan at dei to nestleiaren er med. Desse står fast på det løfte partiet gjekk til val på 2017, nemleg at Erna Solberg skal være statsminister.

Det er fyrste gong ein parti leiar utfordrar medlemmene til å vurdere for og i mot parti- leiaren midt i ein nominasjonsprosess for kommune- og fylkestings val. I denne prosessen treng dei samhald ikkje splitting.

Det er fyrste gong ein parti leiar køyrer i grøfta det som var partiet sin politiske draum: Nemleg eit sentrums regjerings alternativ. Kven av partia vil i framtida våge å satse på Hareide? Det er fyrste gongen at ein får regjering-skifte i Stortingsperioden utan at det er ei politisk sak som er avgjerande.

Eit regjeringskifte vil få internasjonal omtale. Norge ynskjer alltid å vera i førarsetet for demokrati og politisk stabilitet. Er det KrF verdig å endra på dette?

Les også
Seniorutvalg i KrF støtter Hareides veivalg
Les også
Lederen for KrF Kvinner vil ha omkamp om avstemming
Les også
Et blokkuavhengig sentrumsparti
Les også
Resett-redaktør oppfordrer leserne til å melde seg inn i KrF
Les også
KrF merker ikke noe til Resett-kampanje