Eg undrast

Takk til dykk som har reagert på mitt synspunkt i Dagen om KrF og valet. Det gjev meg høve til forklarande tilbakemelding.

Eg undrast over kommentarar om at eg kritiserer Partiet Dei kristne (PDK). I lang tid har representantar for dette partiet kombinert «eigen fortreffelighet» med å hakka på KrF.

Dei skal sågar overta KrF sin posisjon i norsk politikk. Er det då rart at nokon av oss seier frå? For å låna eit slagord frå ein annan samanheng «Nok er nok».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg kritiserer ikkje PDK for at det er eit lite miniparti. Eg trur faktisk få har understreka meir enn meg at ingen kristen bør dømast på partipolitiske val. (Vi må heller utfordra kvarandre på premissar og innhald i politikken).

Det eg kritiserer er at eit parti som er eit så lite promilleparti som vanskeleg kan registrerast i målingar, og som er totalt utan realistisk mandatsjanse, innbiller folk at dei skal både i Storting og regjering. Dei burde innsjå det, og heller be sine potensielle veljarar røysta KrF ved dette valet (dersom verdiar er viktigast).

Eg undrast også over redaktørane i Dagen og Norge Idag med deira hardkjør mot KrF og partileiaren.

Les ein partiprogrammet, vedtaket på landsmøtet og ikkje minst Hareide sine to tydelege artiklar i Dagen om ekteskapssynet og regjeringsspørsmålet, er skuldingane etter mi vurdering heilt grunnlause.

Dei tener i alle fall ikkje styrking av kristne verdiar i komande storting, slik eg trudde begge avisene ønskte.

Det er noko som heiter – «alt til si tid». Eg kan forstå at ein set søkelys på eiga profilering under nominasjonsprosessen og programarbeidet fram til demokratisk konklusjon.

Deretter trudde eg det var i alle verdimedvitne si interesse å løfta fram dei positive sakene som partiet står for. Å hakka på og snakka ned parti og partileiar er i alle fall ikkje med på å fremja verdiprofilen like før valet.

Eg undrast over at for ein del er «borgarleg» tilsynelatande den viktigaste kristne verdiprofilen. Eg er glad for at KrF – som eit ikkje-sosialistisk parti i sentrum av økonomisk politikk – set fokus på politiske saker og ikkje løftar «borgarleg» opp som viktigaste fane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

KrF er ved dette valet oppteken av å få politisk tyngde for å løfta opp sentrale verdisaker i Stortinget – menneskeverdet, vern om livet, familieverdiar, ein god skule, god helsepolitikk, ditto eldrepolitikk, å ta heile landet i bruk, solidaritet med verdas fattige, og så vidare langs den varme verdilinja på alle politiske område. Godt val.