Det eigentlege politiske svennestykket

Verden vil bedras, heiter eit gamalt ord. Eg er freista til å leggja til: Journalistar hjelper godt til.

Bakgrunnen er denkorte kommentaren Dagens journalist skreiv inn frå meg då ho presenterteKrFs programforslag for neste periode. Eg skvatt ikkje på stolen over manglande forslag om ekteskapet og ambasadeflytting tilJerusalem. Slik premisselaus kommentar er oftast meiningslaus og vill-leiande. Eg gjorde forresten journalisten merksam på dette straks eg såg oppslaget.

LES:KrF dropper ekteskapslov og ambassadeflytting

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ikkje uventa prøverTrine Overå Hansen(De Kristne) å utnytta situasjonen i innlegg i Dagen 29.03. Å røra i andre sitt vatn er ofte promillepartiet sitt politiske bidrag. Eg sa i eit foredrag om KrFs ideologi på landskonferansen januar 2015 at det var viktig å reflektera over korleis vi demokratisk kjempar for saker. Eg viste til vurderinga i ei dansk bok, Respekt, av Carsten Hjort Pedersen.

Den eine vegen er konkrete forslag til avstemning til dømes iStortinget. Det er viktige signal. Men når ein veit at det blir nedstemt, kan det vera lettaste vegen også for dei som internt er i mot forslaga. Då blir det jo stadfesta at forslagstillarane har tapt. Slik avstemning kan gje forslagstillarar godt samvit, men er ganske ufarleg for andre. Symbolpolitikk kan vera viktig, men omkostnaden er ofte stigmatisering.

Den andre strategien er folkereising med argumentasjon og arbeid i opinionen for standpunktet. Det er krevjande, men aller viktigaste veg for å endra haldning og lovverk. Skal KrF få gjennomslag for viktige vegval i Stortinget, må mange bli med i slik folkereising og saklege argumentasjonar. Kristendemokratisk ideologi i møte med utfordringane i verdilover vi er imot, tilskundar oss å gjera kvarandre dyktige til å argumentera for kvifor vi meiner lovene bør endrast. Dette er det eigentlege politiske svennestykket på desse felta.

DEBATT:Hallaråker og KrF

Eg sa i foredraget – og nå – at dette siste er den viktigaste vegen for alle om vi vil prøva å snu utviklinga. KrF har i sitt ideologikapittel fokus på ekteskapet mellom mann og kvinne. Det ligg like fast som lovene. Eg er også ganske trygg på at den dagen det blir mulig å få anna resultat i Stortinget, vil KrF vera i leiarposisjon for å få det til. Det same gjeld flytting av ambassaden til Jerusalem. Eg skulle gjerne sett at det blei gjort i morgon. Men må ta til vitande at den saka heller ikkje står øverst på dagsorden i Jerusalem.

Programforslaget skal nå på høyring. Sist greide vi å gjera viktige forbetringar. Det kan skje igjen. Eg ønskjer partiet lukke til. Så tek eg med eit siste sitat frå foredraget mitt til framleis momento: «Kristne grupper som trur at det er eit politisk parti som kan redda kristendommen i landet, tek grundig feil og treng prinsipiell rydding i si røyndomsforståing.» Det bør også partiet De kristne bruka litt meir av kreftene på.