OKSYGEN: Under tryggleiksinstruksjonen før kvar flytur, blir passasjerane informert om både livbelte og oksygenmasker. Beskjeden er alltid den same: «Ta fyrst på di eiga maske, før du hjelper andre!» Er ikkje dette egoistisk? Nei, skriv Olav Vestbøstad.

Den gode egoisme

«Ta vare på deg selv. Det er ikke sikkert det er så mange andre som gjør det.» Dette er ein av frasane eg hugsar etter forkynnaren og sjelesørgjaren Gunnar Elstad.

I misjonsarbeidet er eg van med å ha fokus på andre. Det er enno mykje ugjort. Det er enno mange som ikkje har høyrt evangeliet. Det er mange som har behov for eit møte med Guds kjærleik gjennom diakonale handlingar. Eg ynskjer å bidra til at Guds rike får bryta nytt land.

Eg vil gjera mest mogleg for at endå fleire skal få hjelp, både med det som har med dette livet å gjere og æva. Frå eg var liten har eg lagt hjarta mitt i Trygve Bjerkrheim sin song om Guds plan: «Gud har ein plan med ditt liv, ein plass berre du no kan fylla.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg kjenner stadig på at dette fører til at eg legg press på meg sjølv og eg kjenner også innimellom på at der er forventningar frå andre. Her må eg strekkja meg langt og bidra så mykje eg kan!

Ein av dei hardaste kritikkane eg fekk under tida i mi som misjonær i Indonesia kom i etterkant av jordskjelvet og tsunamien i 2004. Det hadde vore ei travel førjulstid med eksamenskøyr på det teologiske seminaret der eg underviste. I tillegg var eg rundt og talte på julemøte og julegudstenester.

2. juledag er normalt sett ikkje fridag i Indonesia, men i 2004 fall dagen på ein søndag. Eg skulle ha mi siste gudsteneste før me som familie skulle ha ein etterlengta ferie saman. Medan me et frukost og held på å gjera oss klar til å dra til kyrkja, kjem jordskjelvet.

Fyrst forstod eg ikkje at det var eit jordskjelv, for det var ikkje vanleg risting slik me var vane med når det var jordskjelv. Alt gynga, omtrent som om bord på ein stor båt i kraftige dønningar. Eg trudde eg var svimmel på grunn av at eg var sliten, men så såg eg lampane svaia.

Då forstod eg at det var jordskjelv og at det ikkje berre var eg som var skjelven. Etter fleire minutt med gynging roa skjelvet seg. Ingen ting vart øydelagt hos oss, og etter å ha rapportert til familie og misjonsleiinga om jordskjelvet, reiste me på gudsteneste.

Utpå ettermiddagen forstod me at dette var eit svært kraftig skjelv med påfølgjande tsunami og at Indonesia var svært hardt ramma. Den øya me skulle reisa på ferie til to dagar seinare, var rasert etter at flodbylgja hadde skylt over øya. Me kunne difor ikkje reisa dit, men valde likevel å dra på ferie nokre dagar.

Etter at feriedagane var over, vart me involverte i hjelpearbeidet og det var ei svært hektisk tid utover nyåret. I ein artikkel i NLM sitt misjonsblad Utsyn skreiv eg at me hadde tatt nokre feriedagar like etter skjelvet. Det var spesielt eitt brev me fekk der me vart klaga for å ha svikta kallet og oppdraget ved at me valde å ta ferie når katastrofen ramma.

Det var sårande å lesa brevet, men eg kjende meg relativt trygg på at me gjorde rett ved å ikkje avlysa ferien. I etterkant er eg endå meir sikker på at for oss var det godt å gjere det på den måten. Ferien gjorde at me fekk lade batteria og kunne gå inn i hjelpearbeidet og dei andre oppgåvene me hadde med friske krefter.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I dette var Jesus sjølv eit godt føredøme. I Luk. 5 kan me lese om at Jesus var travelt engasjert med å lækje sjuke. Midt i den viktige tenesta trekte Jesus seg tilbake til ein aude stad og var der i bøn. Han såg verdien av både lekamleg og åndeleg rekreasjon, kanskje særleg når det var som mest travelt.

Under tryggleiksinstruksjonen før kvar flytur, blir passasjerane informert om både livbelte og oksygenmasker. Beskjeden er alltid den same: «Ta fyrst på di eiga maske, før du hjelper andre!» Er ikkje dette egoistisk?

Nei! For at du skal kunne hjelpe andre, må du sjølv ha oksygentilførsel. Dersom du ikkje klarar å ivareta deg sjølv, blir det du som må ivaretakast av andre. I staden for å vere til hjelp, kan du verte til byrde.

Eg er sikker på at dette også er treffande i misjonsarbeid og anna kristent arbeid. Me må sjølve ha påfyll for at me skal kunne gi noko til andre. Dette er noko eg sjølv stadig må minne meg på. Eg treng også at andre minner meg om det, for eg gløymer det lett sjølv.

Diverre er det mange døme på at personar som står i oppgåver der ein skal gi til andre, kan bli utbrende og utslitne. Det er ikkje sikkert at det er så mange andre som tek vare på deg, difor er det viktig å hugse på å gjere det sjølv!

Les også
Hva skjer etter døden?
Les også
Bli ikke trøtte av å gjøre det gode
Les også
Anstøt og dårskap
Les også
Et spørsmål om verdighet
Les også
Forakt for åndelege leiarar
Les også
«Hva betyr vel lidelse når dette livet er så kort?»
Les også
Gud er din forsørger