GLIMT: Romanen gjev mange glimt av ei kristen tru hjå fleire av desse personane. Men det vert eigentleg berre med glimt. Eg kunne nok ønskt at dette kunne få meir gjennomslag i handlinga enn forfatteren gjer utav det, skriv Paul Odland.

Familiedrama i Alberta

Carl har nemleg reist, med einvegsbillett, og Jenni er usikker på kva han eigentleg reiste frå. Var det meg, eller var det gardsdrifta, eller var det hans eigne tankar og sinn? Og kva med meg no?

Det er Jenni Land som er hovudperson. Ho er 47 år, med norsk bakgrunn, busett i Land, ein stad i den canadiske delstaten Alberta. Rundt henne er det mange personar som spelar viktige rollar; Carl, ektemannen, og borna Anabella og Thomas. Etter kvart får me læra å kjenna den unge journalistspira Siren, også ho med norske aner. Så er det den lettare eksentriske eldre dama Summer, og etterkvart presten Jas – og ikkje minst Ted, bror av Summer. Men også May, og Jim, og søstera til Jenni heime i gamlelandet, Anne-Lise.

Papegøye

Og så er det ein papegøye som tek mykje plass, i mange meiningar av ordet. Jenni og Ted får også eit barskt møte med ei sint bjørnebinne, som vaktar ungane sine. Og heime i tunet ruslar pus; ganske så fredfull.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og det er endå fleire i sirkelen rundt Jenni. Mellom andre ein frisør som også har skandinavisk bakgrunn. Ikkje norsk, men svensk. Men nok til at dei kan snakka saman på gamlemålet medan ho får ordna håret sitt.

Ikkje som før

Men fleire dyr er det ikkje, fordi dei er selde. Drifta på gardsbruket er ikkje som før. Carl har nemleg reist, med einvegsbillett, og Jenni er usikker på kva han eigentleg reiste frå. Var det meg, eller var det gardsdrifta, eller var det hans eigne tankar og sinn? Og kva med meg no?

Ny veg vidare

Dette er rammeverket i romanen. Skal ikkje røpa så mykje meir, anna enn at eit og anna smertefullt vert rulla fram, både hjå den eine og den andre av desse. Jenni må finna ein ny veg vidare. Ho lurer mellom anna på om ho skal utdanna seg til sjukepleiar i godt vaksen alder.

Glimt av kristen tru

Romanen gjev mange glimt av ei kristen tru hjå fleire av desse personane. Men det vert eigentleg berre med glimt. Eg kunne nok ønskt at dette kunne få meir gjennomslag i handlinga enn forfatteren gjer utav det. Generelt er romanen også noko detaljert og ordrik; ikkje bare når det handlar om papegøyen.

Din by eller bygd

Eg får heller ikkje heilt grepet på kvifor romanen er lagt til staten Alberta, der fleire av personane altså har skandinavisk bakgrunn. Det er heilt greit, det er ikkje det. Men innhaldet i romanen, drivet og livet til dei Victoria Bø skildrar, kunne like godt ha skjedd i mi bygd som i din by eller bygd, her i landet – eller kvar som helst. Det er ganske allmenne og lett attkjennbare faktorar det handlar om; og ikkje noko som er så knytt til Alberta og Canada at romanen nødvendigvis måtte kontekstualiserast der.

Men for meg var akkurat dette trekket litt artig likevel, for eg har sjølv slektningar i Alberta, og har ein gong vore i både Edmonton, Lethbridgde og andre stader, som også figurerer i boka.

OK – ein firer på terningen!

Les også
Hovden-salmane samla i ei bok
Les også
Familiedrama i Alberta
Les også
Ansattes lojalitet og ytringsfrihet
Les også
Den 13. engelen