Den 13. engelen

Det er ingen tvil om at Sylvelin Vatle har diktargåver, men på meg verkar skildringane i denne romanen litt for volumiøse.

Med denne boka debuterar Sylvelin Vatle som kriminalforfattar, tidlegare har ho gitt ut fleire bøker for vaksne og ungdom. Tittelen «Den 13. engelen» er henta frå det som vert sagt å vera Henrik Wergeland sin godnattsong.

Hovudpersonen i boka, Peter, er ein ung prest som nyleg har gått inn i eit kall far hans i si tid styrte. På veg til ei alvorleg sjuk kvinne som har sendt bod etter han, møter han sjukepleiarstudenten Linda. Etter ein noko dramatisk biltur, kjem dei to til ein avsidesliggjande fjellgard. Her møter dei den dødssjuke kvinna. Eit av dei siste orda ho seier til Peter før livet sloknar, er «drap». Og så vert spørsmålet kva som ligg i dette utsagnet og det er saka som romanen nøstar opp i sitt framhald.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sylvelin Vatle har uttalt at når ho skriv er ho «mer sanselig og kroppsnær» enn i kvardagen elles. Landskapa som stig fram «lever og krever» og menneska ho skildrar opplever ho nær. Det er ingen tvil om at Sylvelin Vatle har diktargåver, men på meg verkar skildringane i denne romanen litt for volumiøse, teksten får ikkje den flyten som eg gjerne ville sett i ei forteljing som dette. Dessutan reagerar eg litt på det språklege. Det er ein slags samnorsk, i alle fall i einskilde ordval. Og kvifor ikkje skriva på nynorsk, Sylvelin Vatle? Det trur eg hadde gitt eit betre resultat i krimdebuten.

Les også
Hovden-salmane samla i ei bok
Les også
Ansattes lojalitet og ytringsfrihet
Les også
Tankevekkende om ekstremisme